Kva er eit essay?

Essaysjangeren
Essaysjangeren er ein type sakprosa. Det betyr at essayet handlar om verkelegheita, ei sak eller eit tema, ikkje fiktive hendingar eller personar. Men mens mange sakprosasjangrar først og fremst har som mål å informere, forklare eller drøfte, vil essayet få deg til å reflektere.
Essay = Forsøk
Har du nokon gong tenkt over eit spørsmål utan å finne eit klart svar? Då har du allereie vore litt essayistisk i tankegangen.
Ordet essay kjem nemleg frå det franske ordet "essai", som betyr "forsøk", og det beskriv sjangeren godt: Essayet prøver å finne ut av noko – utan at målet nødvendigvis er å komme fram til eit endeleg svar.
Essay og artikkel
Du kjenner kanskje godt til artikkelsjangeren? Artikkelen vil ofte informere eller drøfte, mens essayet først og fremst ønsker å få lesaren til å reflektere og sjå temaet frå nye vinklar.
Illustrasjonen under viser korleis ein artikkel følger temaet i ei rett linje frå innleiing til avslutning, utan å vike unna frå ho. Essayet derimot, bevegar seg ikkje like rett fram.

Typisk essayistisk
Dette er typiske kjenneteikn for essaystilen:
Essayet har ein raud tråd, men han er ikkje rett
Vi bruker ofte metaforen "raud tråd" for å forklare kva forfattaren av eit essay vil ha fram. Då meiner vi at sjølv om essayisten ikkje følger ei rett linje frå start til mål, så har essayet eit poeng, ein idé og noko det vil fortelje. Kort sagt: Essayisten har noko på hjartet!

Det har digresjonar som fargar tråden raudare
Ein essayist bruker ofte digresjonar, eller omvegar. Når målet er å få lesaren til å reflektere og tenke nytt, kan desse digresjonane vere ein måte å gjere det på. Døme på slike digresjonar kan vere:
personlege opplevingar
hendingar frå historia
døme frå litteraturen
scenar frå ein film eller tv-serie
sitat eller observasjonar frå kvardagen
Desse digresjonane er ikkje tilfeldige. Dei blir brukte som døme som skal gjere den raude tråden i essayet raudare. Dei skal altså få lesaren til å sjå saka frå ulike vinklar.
Det har refleksjonar
I tillegg til digresjonane inneheld essayet refleksjonar der skrivaren prøver ut sine eigne tankar. Vi kan tenke oss at essayisten bruker desse refleksjonane til å samle digresjonane og gruble over dei, før neste digresjon kjem. Slik fangar forfattaren lesaren inn igjen og held på merksemda ein augeblink, før nye digresjonar kjem.
Camara Lundestad Joof gjer det slik når ho reflekterer over korleis det er å oppleve rasisme:
Eg bestemmer meg ofte for å slutte. Med jamne mellomrom bestemmer eg meg for å slutte å snakke med kvite menneske om rasisme. Somme gonger fordi det kjennest som bortkasta energi i møte med ei uproduktiv skuldkjensle. Skuldkjensla manifesterer seg ofte i tårer. Det hender eg tenkjer at eg blir betalt for å få folk til å gråte.
(Lundestad Joof, 2018, s. 9)
Kva la du merke til?
Kva er digresjonen i utdraget frå Joofs tekst over? Kva gjer han med teksten?
Det leikar med språket
Ein god essayist skriv leikent og er litt nyskapande. Ein måte å gjere det på er å bruke språklege bilete. Slik kan essayet òg likne litt på skjønnlitteraturen.
Les til dømes korleis ein elev beskriv kjensla han får i kroppen når han beskriv mammas mas om teknologiske problem:
Men det som garantert stemmer, er at gammel ikke kan lære av ung. Den uutholdelige smerten jager som et lyn oppover ryggmargen, før den legger seg som en isbre på hjernen hver gang mamma roper "Får ikke internett!" fordi hun selv har skrudd det av ved en feil.
(Fløystad, 2016)
To hovudtypar
I dag skriv vi mange ulike typar essay, men sjangeren har røter tilbake til 1500-talet.
Heilt sidan essaysjangeren blei skapt på 1500-talet, har det vore eit klart skilje mellom to hovudtypar: det personlege essayet og saksessayet. Begge essaytypane har derfor ein lang tradisjon, samtidig som dei sjølvsagt òg har forandra og utvikla seg gjennom 400 år.
Den franske filosofen og forfattaren Michel de Montaigne (1533–1592) var den første som kalla tekstane sine for essais (forsøk). Han blir rekna som skaparen av det personlege essayet. Francis Bacon (1561–1626), engelsk filosof og forfattar, blir sett på som skaparen av saksessayet.
Saksessay
I saksessayet får den saklege argumentasjonen nokså stor plass. Over tid har framstillingsforma i saksessayet nærma seg den vitskapelege artikkelen meir og meir, med strengare krav til kjeldetilvisingar og upersonleg språkbruk.
Personleg essay
Det personlege essayet gir større rom for dei subjektive refleksjonane til forfattaren. Forfattaren har likevel ikkje rolla som privatperson, hen skal vere ein kunnskapsrik formidlar. Å trekke inn personlege erfaringar er derfor ikkje noko mål i seg sjølv. Erfaringane må klargjere emnet på linje med annan informasjon forfattaren tek med i teksten sin.
Relatert innhald
Lær kva som kjenneteiknar gode essay ved å sjå ein film og lese eit godt elevessay. Skriv så ditt eige essay om lykke.