Korleis skrive essay?

Del 1: Sjå ein film om essayskriving
Sjå animasjonen under (lengde 3:18).
Diskuter i grupper: Forstod de kva som kjenneteiknar essayet når det gjeld:
innhald
skrivestil
Del 2: Les eit godt essay
I filmen lærte du om essaysjangeren. Du kan òg sjå dei viktigaste trekka ved sjangeren i tabellen under.
Oppgåve
Les essayet "Tutarhorn" av Jørgen Lind Fløystad.
Formuler det du meiner er den raude tråden, altså det skrivaren vil ha fram i teksten.
Finn døme på desse tre elementa i essayet:
faktadøme
eigne opplevingar
eigne refleksjonar
Forklar korleis faktadøma og eigne opplevingar blir brukte for å gjere den raude tråden tydelegare.
Finn døme på leikent og spørjande språk.
Finn døme på språklege verkemiddel. Her er det både kontrastar, metaforar, og samanlikningar.
Innhald | Skrivestil |
|---|---|
| Teksten har ein gjennomgåande raud tråd. | Språket er nysgjerrig, spørjande og leikent. |
| Det blir brukt avstikkarar og tankesprang for å gjere den raude tråden tydelegare. | Skrivaren bruker språklege verkemiddel. |
Essayet har disse tre elementa:
| Språket er subjektivt. |
Del 3: Planlegg essayet ditt
No skal du starte å skrive på ditt eige essay. Oppgåva er denne:
Les dikta "Lykke" av Inger Hagerup på Nasjonalbiblioteket og utdrag VII frå "Landet som ikkje var" av Kolbeid Falkeid, òg på Nasjonalbiblioteket. Skriv eit essay der du utforskar dei tankane om lykke som kjem fram i tekstane.
A. Les og noter
Les gjennom dikta.
Noter ned alle tankane om lykke som du meiner kjem fram i tekstane. Noter gjerne noko om likskapar og forskjellar i synet på lykke i dikta.
Skriv ned minst eitt sitat frå kvart dikt som du kunne tenke deg å bruke i essayet ditt.
B. Tankekart: Dine eigne tankar om temaet
Kva er dine eigne tankar om temaet lykke? Lag eit tankekart der du skriv ned alt du synest er relevant.
C. Den raude tråden
Les gjennom alt du skreiv i oppgåve B. Oppsummer ved å fullføre denne setninga: "Det eg eigentleg prøver å seie er at ..."
Dette kan vere den raude tråden i teksten din! Det som du ønsker å fokusere på og reflektere over.
D. Finn digresjonar
No er det på tide å planlegge kva for digresjonar du vil bruke i teksten. Desse kan vere
sitat
kunnskap frå historie, film, bøker eller anna
eigne opplevingar
Bruk kunnskapar du allereie har, sitat du kjenner til, eller søk på internett. Tenk over kva for personlege opplevingar du har hatt som kan vere aktuelle å skrive om når du skal skrive om lykke.
Del 4: Start skrivinga
No skal du starte med sjølve skrivinga. Det kan vere lurt å skrive lausrivne avsnitt først, for så å sy dei saman etter kvart. Pass på at avsnitta dine handlar om
eigne opplevingar
faktum
refleksjonar
Skriv i veg!
Del 5: Ta ein skrivepause!

No er det tid for å tenke over korleis du kan binde saman dei ulike avsnitta dine.
Sjå på essayet "Tutarhorn" igjen. Legg merke til korleis skrivaren avsluttar og begynner avsnitta sine. Ser du korleis dei tre delane – eigne opplevingar, faktum og refleksjonar – er sydde saman ved at starten på kvart nye avsnitt tek tak i det førre?
Del 6: Skriv og "sy"
Vend tilbake til din eigen tekst. Prøv å sy saman avsnitta dine. Still deg sjølv desse spørsmåla:
Heng tankane saman?
Tek eg med meg noko frå førre avsnitt inn i det neste?
Kan eg bruke eit ord, ein tanke eller eit spørsmål frå avslutninga av eit avsnitt til å opne neste del?
Ofte held det å gjenta eit ord, stille eit nytt spørsmål eller kommentere noko du nettopp har skrive. Slik får teksten flyt.
Del 7: Byt med ein medelev

Byt tekst med ein annan elev. Les tekstane til kvarandre, og gi kvarandre tilbakemelding på desse punkta:
Er språket leikent og kreativt?
Inneheld teksten:
personlege opplevingar
faktadøme
refleksjonar
Del 8: Siste finpuss
Skriv ferdig teksten din. Tenk nøye gjennom korleis du startar og avsluttar teksten. Les til dømes "Tutarhorn" igjen for å få inspirasjon.
Les over språket ein siste gong. Les gjerne høgt. Då er det enklare å finne feil og dårleg flyt.
Gi teksten ein tittel som speglar den raude tråden i teksten din.
Relatert innhald
Lær om kva som kjenneteiknar essayet.