Førstehjelp til å forstå svensk - Norsk (PB) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Førstehjelp til å forstå svensk

Kor godt forstår du svensk? Her skal du både teste og forhåpentleg auke forståinga di. Til slutt ventar ei skikkeleg utfordring.

Oppgåve 1. Typisk svensk

Del 1: Gruppearbeid

  1. Diskuter kva de meiner er "typisk svensk". De skal konsentrere dykk om det svenske språket i både skrift og tale.
  2. Kva meiner de er dei viktigaste forskjellane på norsk og svensk?
  3. Kva forstår de best av svensk tale og svensk skrift?

Del 2: Sjå film

  1. Sjå filmen under om det svenske språket.
  2. Trekte filmen fram nokon særpreg som de peika på i gruppeoppgåva?
  3. Kva for nokre typiske trekk ved svensk snakka de ikkje om?
Video: Snøballfilm / CC BY-NC-ND 4.0

Oppgåve 2. Fargelegg teksten

Under ser du ein kort tekst på svensk. Klipp ut teksten og lim inn i eit dokument du kan redigere. No skal de fargeleggje teksten slik:

  • Gjer ord som betyr det same, og som blir likt stava som på norsk, grøne.
  • Gjer ord som betyr det same, men som blir stava eller bøygde ulikt, gule.
  • Gjer ord som ikkje finst på morsmålet raude.
  • Gjer ord som vi har på norsk, men som betyr noko anna hos oss, blåe.
  • Marker ord du ikkje forstår med tjukk skrift.

Regnskog är skog med hög årlig nederbörd, åtminstone 1500 millimeter, utspridd över minst nio månader av året.[1] Riktig regnskog finns bara i tropikerna och kallas tropisk regnskog. Annan regnskog kallas tempererad regnskog. Tropisk regnskog är den man oftast benämner regnskog. Tempererad regnskog finns i vissa tempererade områden med fuktiga västvindar som till exempel Nordamerikas nordvästra kust, södra Chile, Australiens sydöstra kust och Nya Zeeland. I regnskogar är nederbörden hög men om det regnar för mycket sköljs myllan bort vilket leder till problem för människorna i trakten som brukar jorden. (Wikipedia.se)

Gå saman i grupper og diskuter:

  • Kor mange av orda markerte de med tjukk skrift?
  • Kor stor del av teksten blei grøn og gul? Vil de seie at ordforrådet er svært likt eller ulikt på svensk og norsk?
  • Sjå på orda de har markert med gult. Kan de prøve å formulere med eigne ord kva som er dei viktigaste årsakene til dei små forskjellane?
  • Konkluder: Korleis er forståinga av svensk skrift i gruppa?

Oppgåve 3. Svensk ordforråd

Dei fleste nordmenn synest svensk tale er grei å forstå. Likevel er det nok ein del svenske ord som er hovudproblemet når vi ikkje forstår svenskane.

I oppgåva under er det ein del ord som er framande for oss nordmenn. Gjer oppgåva i grupper. Kor mange ord kan de?

Oppgåve 4. Er du sikker på om du forstår svensk?

Les teksten under og omset til norsk:

Ulum Dalska ir įe språkferieningg so arbieter fer te biwårå og autwekkel övdalskų. Ferienindję kam til 1984. Nųfertiðn ir eð undjifär 2500 persuoner so akudir övdalska, mjäst åv i Övdalnes sokken i nörderdielem åv Dalarna. Eter gomolt ir övdalską ie swensk dialekt, men ferienindję og mikkel språkfuoskerer wil fą̊ eð guoðtjennt SOS iett ieget språk.

Samanlikn i grupper og diskuter:

  1. Forstod du noko av teksten? Samanlikn omsetjingane dykkar.
  2. Kan dette vere svensk? Grunngi svaret ditt.
  3. Dette er eit språk/ein dialekt som blir tala i Skandinavia. Kor då, trur du?
  4. Teksten er på älvdalsk. Kva er det? Finn svaret ved å sjå videoen Älvdalska förklarad (Youtube - varigheit 6:14).

Kjelder:

Regnskog. (u.å.). I Wikipedia. Henta 3. mars 2021 frå https://sv.wikipedia.org/wiki/regnskog


Skrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 17.02.2021