Norsk møter norrønt - Norsk (PB) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Norsk møter norrønt

Det norske språket høyrer til den indoeuropeiske språkfamilien. Men språket har endra seg mykje frå norrøn tid og fram til i dag.

Norsk – eit indoeuropeisk språk

Det norske språket høyrer til den germanske greina av den indoeuropeiske språkfamilien. Språkforskarane meiner at språka i denne språkfamilien har utvikla seg frå eit felles indoeuropeisk grunnspråk. Det finst fleire teoriar om når og kvar det indoeuropeiske urspråket blei talt. Mange meiner at dei opphavlege indoeuropearane budde i eit steppeområde nord og aust for Svartehavet minst 3 500 år f.Kr.

Vi har ingen skriftlege kjelder som viser korleis dette indoeuropeiske språket såg ut, men språkforskarane har prøvd å rekonstruere det ved å undersøkje og samanlikne både levande og døde enkeltspråk i språkfamilien.

Urnordisk – den tidlegaste forma for nordisk språk

Den tidlegaste forma for nordisk språk kallar vi urnordisk. Dette språket finn vi bevart i korte runeinnskrifter, dei eldste frå ca. 200 e.Kr. Typisk for urnordisk var mellom anna at orda var lange, vokalrike og klangfulle, med langt fleire stavingar enn i moderne norsk:

urnordisk HarabanaR > moderne norsk Ravn

urnordisk stainawarijaR > moderne norsk Steinar

Frå urnordisk til norrønt

Mellom 500 og 700 e.Kr. forandrar det urnordiske språket seg kraftig. Vi veit ikkje kvifor desse endringane skjedde, eller kvifor det skjedde så raskt, men vi kan seie at språket blei enklare. Mellom anna forsvann vokalar og bøyingsformer, og orda blei kortare.

Desse to hundreåra dannar overgangen frå den urnordiske til den norrøne språkperioden, som varer til ca. 1350 e.Kr. Språket som blir talt i Noreg og på Island i denne perioden, kallar vi norrønt.

Ny tru og nytt skriftsystem

I perioden 900–1000 e.Kr. blir Noreg samla til eitt rike. Felles lovverk, felles forsvar og ein ny felles religion, kristendommen, bind riket saman. Med kristendommen kjem det skrivekyndige folk til Noreg. Dei skriv først på latin og bruker det latinske alfabetet. På den måten kjem mange greske og latinske ord inn i det norrøne språket. Etter kvart blir òg norrønt teke i bruk som skriftspråk.

Korleis høyrdest norrønt ut?

Video: Arne Torp / CC BY-NC-ND 4.0

Videoen med språkprofessoren Arne Torp viser at det norrøne språket høyrdest annleis ut enn moderne norsk:

Nokre lydar vi ikkje har i moderne norsk:

  • ð (blir kalla edd) blir uttalt som th i engelsk the og then.
  • þ (blir kalla thorn) Blir uttalt som "th" i det engelske ordet thing.
  • V blir uttalt som engelsk w, i wish framfor vokal.

Nokre lydar vi har som ikkje fanst i norrønt:

  • Kj- og sj-lyd fanst ikkje i norrønt. K blei alltid uttala k.

  • Skarre-r fanst ikkje i norrønt. R var alltid rulle-r.

Norrøn grammatikk

Grammatisk likna norrønt på mange måtar meir på fransk, spansk og tysk enn det gjer på dagens moderne norsk. Årsaka er at alle språka har same rot: Vi kan føre dei tilbake til det opphavlege indoeuropeiske språket. Det indoeuropeiske språket var utprega syntetisk. Det vil seie at det var eit bøyingsspråk der ulike endingar skulle vise kva funksjon orda hadde i ei setning.

I moderne norsk finn vi framleis restar av denne ordbøyinga. Vi bøyer til dømes substantiv i eintal og fleirtal, og vi bøyer verb i tid, men elles har mange av bøyingane frå norrønt forsvunne. Kasus har vi dessutan ikkje. Dermed er norsk berre svakt syntetisk.

Kva er kasus?

Norrønt var altså eit kasusspråk, slik mellom anna moderne tysk, russisk, finsk og polsk er. Men kva er eigentleg kasus? Om du ikkje kan tysk, polsk, russisk eller andre syntetiske språk, er kasus framandt. Men sjå om du forstår det når du har bladd gjennom presentasjonen under og prøvd deg på oppgåvene undervegs:

I par:

Prøv å fortelje att med eigne ord kva kasus- og setningsleddspråk er.

Adjektiv

Også adjektiva måtte bøyast i kasus, i tillegg til at dei blei bøygde etter tal, slik vi gjer i moderne norsk i dag. Det fører til at du til dømes kan lese adjektivet mikli (stor) på desse ulike måtane i Knytlinga saga:

Nokre variantar av adjektivet "mikill" (stor) i Knytlinga saga:

  • [...] hann var ríkr konungr ok hermaðr mikill; (Han var ein rik konge og ein stor krigar.)
  • [...] hafði hann mikit jarlsríki. (Han hadde eit stort jarledømme.)
  • Haraldr konungr Gormsson átti mikla orrostu (Kong Harald Gormssøn heldt eit stort slag.)
  • Hann drap þar mikit fólk. (Han drap mange folk.)
  • Því næst átti hann miklar orrostur á Norðimbralandi (Deretter heldt han store slag i Northumberland.)
  • Játmundr konungr dró nú her saman mikin. (Kong Edmund samla no saman ein stor hær.)
  • [...] hann tók miklu meira í skatta (Han tok langt større skattar.)
  • [...] fór Magnús til Danmerkr með mikinn her. Kong Magnus drog til Danmark med ein stor hær.)
  • [...] líkit Sveins konungs var flutt á 13 dǫgum til Hríngstaða með miklum prís. (Kong Svend sitt lik blei i tretten dagar ført til Ringsted med stor prakt.)

Verb

Til liks med fransk, tysk og spansk blei norrøne verb bøygd etter subjektet i setninga. Sjå på bøyingsskjemaet under. Her ser du at den norrøne verbbøyinga liknar meir på den tyske og franske fordi endinga til verbet blir bestemd av kven som handlar (subjektet).

Samanlikning verb

Norsk

Norrønt

Tysk

Fransk

eg er

ek em

Ich bin

je suis

du er

þú ert

Du bist

tu es

han er

hann er

Er ist

il est

vi er

vér erum

wir sind

nous sommes

de er

ér eruð

ihr seid

vous êtes

dei er

þeir eru

sie sind

ils sont

Innverknaden til vikingane på det engelske språket

Vi kallar språket som blei snakka på Island, Færøyane og i Noreg i vikingtida for norrønt eller gammalnorsk. Språket i Danmark og i Sverige var litt annleis. Vi kallar derfor ikkje språket deira for norrønt, men gammaldansk/runedansk og gammalsvensk/runesvensk. Særleg norrønt og runedansk har påverka det engelske språket. Kvifor det?

Vikingane var eit reisande folk. Ikkje berre reiste dei, dei erobra og busette seg i områda dei overvann. Nordmenn og danskar drog gjerne vestover til England. Slik oppstod språkkontakt mellom norrønt, runedansk og andre språk, noko vi kan sjå i til dømes moderne engelsk i dag. Forskarar anslår at omtrent tusen ord som er i bruk i engelsk, stammar frå vikingspråket.

Nokre døme på ord frå vikingane i det engelske språket:

Døme på ord

Norrønt/runedansk

Moderne engelsk

Lagu

Law

Husbondi

Husband

Egg

Egg

Baggi

Bag (Legg merke til at vi no har lånt dette ordet tilbake.)

Lán

Loan

Veikr

Weak

Angr

Anger

ǫfugr

awk(ward)

Byrðr

Birth

Boli

Bull

Vindauga

Window

Relatert innhald

Fagstoff
Særpreg ved norsk

Norsk høyrer til den indoeuropeiske språkfamilien. Det er eit SVO-språk, det er eit svakt syntetisk språk, og det har tonelag.

Kjelder

Gerardues, A, Poppelaars, M (2020): "Husbands, outlaws and kids: The influence of old norse on the English language." Henta frå file:///C:/Users/AFK02959/Downloads/52929-Article%20Text-145445-2-10-20200909.PDF

Iversen, R. (1973). Norrøn grammatikk. Aschehoug.

Oxford English Dictionary. Henta fra https://www.oed.com/

Skrive av Marion Federl, Ragna Marie Tørdal og Åsa Abusland. Rettshavar: Dialektxperten
Sist fagleg oppdatert 17.02.2021