Norsk møter svensk og dansk - Norsk (PB) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Norsk møter svensk og dansk

Norsk har mykje til felles med svensk og dansk, men det finst òg markante forskjellar mellom språka. Kva er dei viktigaste forskjellane? Og har vi eigentleg nokon gong snakka heilt likt?
Til læraren

La elevane jobbe med ressursen "Kva kan du om svensk og dansk?" som du finn nedst på sida før dei les denne fagartikkelen. Artikkelen skal hjelpe dei til å fokusere på det viktigaste i teksten.

Før de les – diskuter i par eller grupper:

  • Kvifor trur de norsk, svensk og dansk liknar kvarandre, men ikkje er heilt like?
  • Kva er dei viktigaste forskjellane mellom norsk, svensk og dansk?

Tips: Ha desse spørsmåla som "leseoppdrag" medan du les fagartikkelen. Det er nettopp dette du skal kunne svare på etter at du er ferdig med denne teksten.

Kvifor liknar dansk, norsk og svensk på kvarandre?

Mange meiner at dei skandinaviske språka norsk, svensk og dansk liknar så mykje på kvarandre, at dei heller bør kallast dialektar enn ulike språk. Men vi reknar dei likevel som tre ulike språk. Dette har naturlegvis samanheng med at Noreg, Sverige og Danmark har utvikla seg til tre ulike statar. I tillegg er det òg betydelege forskjellar i uttale og ordforråd.

Felles urnordisk språk (ca. 200–700 e.Kr.)

For over 1000 år sidan snakka menneska som budde i Skandinavia likt. Språket dei snakka på denne tida, kallar vi for urnordisk. Det urnordiske språket var svært ulikt dagens skandinaviske språk. Mellom anna blei substantiv bøygd i kasus slik det blir gjort i moderne tysk, og verb blei bøygd etter person slik det blir gjort i både tysk, fransk og spansk. I tillegg var orda veldig mykje lengre enn dei er i moderne norsk, svensk og dansk. Til dømes ville dagens "Harald" heitt "HarjawaldaR".

Så årsaka til at dei tre skandinaviske språka er så like, er altså at vi alle snakka likt ein gong.

Kva med samisk?

Det blir ikkje heilt riktig å seie at alle i Skandinavia snakka likt på denne tida. Det samiske folket budde i nordområda i Skandinavia, og språket deira liknar på ingen måte dei skandinaviske. Årsaka er at dei samiske språka ikkje høyrer til den indoeuropeiske språkfamilien, slik norsk, svensk og dansk gjer. Dei samiske språka høyrer til den finsk-ugriske språkfamilien.

Det er ikkje berre eitt samisk språk. Vi reknar med at det blei snakka om lag 11 ulike samiske språk i Skandinavia like før vikingtida. I Noreg i dag blir det tala tre samiske språk: nordsamisk, sørsamisk og lulesamisk.

Kvifor er det forskjellar mellom norsk, svensk og dansk?

Men om vi alle snakka likt på 500-talet, kvifor gjer vi det ikkje framleis?

Svaret er at språk utviklar seg stadig vekk. Det er ikkje alltid like lett å forklare kva som er årsaka til utviklinga, men når det gjeld dei tre skandinaviske språka, så kan vi seie at det som skjedde i Skandinavia mot slutten av det første tusenåret, kan kallast ein språkleg revolusjon. Årsaka var at det urnordiske språket forandra seg kraftig på kort tid. Dette peikar språkprofessor Arne Torp på i lærebokprosjektet Nordens språk med røtter og føtter:

Urnordisk skiller seg sterkt fra alle seinere stadier av nordiske
språk, men ser man f.eks. på utviklinga av personnavn, er det tydelig
at der skjedde store forandringer i løpet av de neste 300–400 åra.
Lange, pompøse navn som AnulaibaR og HarjawaldaR lyder alt
omkring år 1000 som Óláfr og Haraldr – som jo slett ikke er så ulikt
de moderne navneformene, f.eks. norsk/dansk: Olav/Harald, svensk:
Olov/Harald, færøysk: Ólavur/Haraldur, islandsk: Ólafur/Haraldur
(Torp, A, 2004, s. 52)

Det er i løpet av denne språkrevolusjonen dei skandinaviske språka skil lag og gradvis utviklar seg til dei tre ulike språka vi kjenner i dag. Nordmennene går frå å snakke urnordisk til norrønt/gammalnorsk, danskane til runedansk/gammaldansk og svenskane til runesvensk/gammalsvensk. Kvifor denne endringa skjer, veit ikkje språkforskarar sikkert.

1200 år kort oppsummert

Skiljet mellom norsk, svensk og dansk starta altså like før vikingtida. Etter dette gjekk dei tre språka gjennom ulike prosessar. Ikkje minst spelte påverknad utanfrå og innbyrdes ei viktig rolle.

Verd å nemne er at på 1000-talet var språka i Noreg og på Island nærare nærskylde enn norsk var med dansk og svensk. Årsaka var at det var nordmenn frå Vestlandet som hadde teke med seg det norrøne språket til Island, og kontakten var tett. Men då Noreg blei svekt etter Svartedauden, og dei tre skandinaviske landa gjekk inn i Kalmarunionen, blei slektskapen mellom norsk, svensk og dansk nærare. Det islandske språket blei i stor grad bevart, og i dag forstår ikkje vi nordmenn og islendingar kvarandre.

I mellomalderen gjekk dansk gjennom forandringar som ikkje påverka det norske og svenske språket på denne tida. Mellom anna fekk dansk mange stumme stavingar og blaute konsonantar. Dermed starta den prosessen som skil den danske uttalen frå den norske og svenske.

Situasjonen i dag

I dag er situasjonen slik at vi nordmenn har best nabospråkforståing i Skandinavia. Vi forstår spesielt svensk uttale godt, medan vi har litt meir problem med den danske talen. Svenskane og danskane forstår kvarandre ganske dårleg og har lett for å slå over til engelsk når dei snakkar saman. Dette sjølv om det berre er ei bru som skil dei to landa.

Svensk

Video: Snøballfilm / CC BY-NC-ND 4.0

Det er ganske vanleg at nordmenn slit meir med å lese svensk enn å forstå svensk tale. Men kvifor er det slik?

Ulike bokstavar

For det første er det uvant for oss nordmenn å ta stilling til bokstavane ä og ö. Vi har jo våre eigne æ og å, akkurat som danskane. I tillegg bruker svenskane bokstavane x og c langt meir enn oss. Dette er bokstavar som kan verke eksotiske og litt framandarta for nordmenn. Men den aller viktigaste årsaka til at nokon kan synast svensk er litt vanskeleg å lese, er nok at svensk har ein del ord som vi ikkje har i ordforrådet vårt.

Ordforråd

Noreg og Sverige er naboland som har hatt mykje kontakt, og vi har begge fått importert mange nedertyske ord til språka våre i mellomalderen. Samtidig tok ikkje nordmenn og svenskar opp akkurat dei same orda frå nedertysk, noko som forklarer forskjellane i ordforrådet mellom språka.

Til dømes tok svenskane til seg det tyske ordet "fragen" og gjorde det om til "fråga" (spørje). Men vi har behalde det norrøne "spyrja" og gjort det om til "spørje". I tillegg har svensk importert fleire ord frå det franske språket enn norsk, noko som gjer enkelte ord på svensk vanskelege å forstå.

Prøv dykk sjølv! Korleis vil de omsetje:

  • "Flickan gick på trottoaren till affären för att köpa två glassar, en tidning och en butelj med hallonsaft"?

Norsk og svensk har sjølvsagt mange felles ord òg. Men av og til har orda ulik betyding. Glass på svensk betyr is, og rolig betyr morosam. Dette fenomenet kallar vi for falske vener, og det at vi har dei same orda som betyr ulike ting, kan ofte føre til forvirring.

Bøyingssystem

Ein forskjell mellom moderne norsk og svensk er at medan norsk har tre grammatiske kjønn i substantivbøyinga, har svensk berre to. Men dette gjeld først og fremst i skriftspråket og standardtalemålet. Somme svenske dialektar har nemleg framleis tre kjønn. Dessutan er det slik at i norsk bokmål kan vi velje om vi vil bruke to eller tre kjønn. Du kan skrive både ei jente og en jente. I tillegg blir det brukt to kjønn i tale både i mange dialektar og i bymåla rundt omkring i Noreg. Ein del forskarar trur at grammatisk hokjønn er på veg bort i norsk òg.

Å lytte til svensk

Stort sett forstår vi nordmenn svenskane godt. Vi er naboland, og uttalen har utvikla seg ganske likt. I tillegg har vi høyrt ein del svensk i ulike media. Men somme sentrale forskjellar er det mellom norsk og svensk.

Uttale og dialektar

Det svenske språket er rikt på vokalar og har ein melodiøs tonegang. Ganske ofte er det òg slik at der vi bruker e- endingar konsekvent på bokmål, bruker svenskane a-endingar. Vi seier "jeg skal jobbe", medan svenskane seier "jag ska jobba". Ein annan forskjell mellom norsk og svensk er at norsk har mange diftongar, til dømes i ord som bein og stein. På svensk blir disse orda klart ben og sten, altså med monoftongar.

Mange svenskar synest det kan vere vanskeleg å forstå nordmenn fordi vi bruker dialektane våre i større grad enn dei. Til dømes vil ein svenske ha problem med å forstå deg om du seier "Kvifor kjem du med kvitt kveitemjøl?". Svenskane seier nemleg "Varför kommer du med vitt vetemjöl".

Rikssvensk

I Sverige er det utvikla eit rikssvensk, det vil seie eit normdannande talemål som er basert på talemålet rundt Stockholm. I motsetning til nordmenn, som stort sett bruker dialektane sine i alle samanhengar, bruker svenskane riksmål i media og i offisielle samanhengar. Om ein svenske skal på jobbintervju, vil det til dømes bli forventa at hen snakkar rikssvensk, ikkje dialekten sin.

I seinare år har det likevel blitt meir akseptert å bruke dialekt òg i offisielle samanhengar.

Dansk

Video: Kunnskapsfilm / CC BY-NC-ND 4.0

Diskuter med ein annan:

  • Kor godt forstår de dansk når de les det?
  • Kor godt forstår de dansk når de lyttar til det?

Å lese dansk

Dansk blir nesten skrive som konservativt riksmål og er derfor lett å lese for ein nordmann. Det danske skriftspråket har endra seg lite frå den tida Noreg og Danmark var eitt rike, medan vi har endra skriftspråket vårt gjennom fleire reformer etter at vi forlét Danmark i 1814. Dermed er det nokon forskjellar mellom det danske og det norske skriftspråket.

Avstanden mellom skrift og tale er ganske stor i dansk, medan norsk er eit ganske ortofont språk. Det betyr at norsk er eit språk der skriftbiletet liknar talen. Eit døme er at dansk tale har mange lydar som ikkje blir skrivne. Mellom anna blir ordet "kage" uttalt som "kæe".

Bøyningssystem

På same måte som svensk har òg dansk to grammatiske kjønn i substantivbøyinga. Det er altså berre i norsk vi har bevart dei tre kjønna som også blei brukte då vi snakka urnordisk.

"Den gamle mand", skriv danskane. På norsk ville vi skrive "den gamle mannen". På norsk og svensk blir det som heiter dobbel bestemming brukt: Vi bruker bestemt form både med determinativet den og den bestemte forma av substantivet som blir konstruert av endinga -en (mannen).

Staving

Der vi markerer korte vokallengder med dobbel konsonant (hull på bokmål og grammatikk), vil danskane berre ha éin konsonant (hul og grammatik). Danskane har dessutan blaute konsonantar, dermed blir det brukt b, d og g ("Jeg skal lage mad") der vi bruker p,t og k: ("Eg skal lage mat").

Interessant nok hadde alle skandinaviske landa harde konsonantar då vi snakka urnordisk. Men medan dei fleste nordmenn og svenskar har behalde dei harde konsonantane, har dansk gått gjennom ei språkendring her. Årsaka er sannsynlegvis at dansk blei påverka av språk sør i Europa som vi nord i Sverige og Noreg hadde mindre kontakt med.

Å lytte til dansk

Om det å lese dansk går greitt, kan dansk tale vere meir utfordrande for ein nordmann. Mange seier at danskar snakkar fort, utydeleg, og at det høyrest ut som om dei har "ei potet i halsen". Også svenskane slit med å forstå nabolandet sitt. Kva er årsaka til at dansk er så vanskeleg å forstå?

Stumme lydar

Den viktigaste årsaka til at vi har problem med dansken, er nok alle dei stumme lydane. I dansken forsvinn ofte endingar og stavingar med svakt trykk. Dette skjer i mindre grad i norsk og svensk, noko som fører til at vi har problem med å forstå danskane og har ei oppfatning av at danskane "svelgjer" lydar.

På norsk skriv vi "måle" og seier "måle". I Danmark skriv dei "male", men seier "mæ:l". På norsk skriv vi "due", og vi seier "due". På dansk blir det òg skrive "due", men danskane seier "doø".

Blaute konsonantar

Dei blaute konsonantane kan skape problem for nordmenn. Dette kan verke underleg, for blaute konsonantar har vi jo òg i Noreg. På den såkalla "bløde kyststripe" på Sør- og Sørvestlandet seier vi "kage" og "løbe", og det har jo dei fleste ikkje nokon problem med å forstå.

Men dei blaute konsonantane til danskane er endå blautare enn våre. Faktisk forsvinn ofte desse konsonantane heilt. Danskane seier ikkje "kage" og "løbe", men "keæ" og "lø:e".

Stød

Typisk for dansk uttale er ei rask samantrekking i stemmebanda etter vokal i visse ord. Det kallast stød og høyrest ut som eit lite opphald mot slutten av ordet: "hu's" og "hal's".

Syntest du det var vanskeleg å forstå? Det er lettare å skjøne om du lyttar til orda. Høyr korleis Google translate seier orda

hus og

hals

Vokalrikdom

Dansk er eit av språka i verda med flest vokalar. Korleis kan det ha seg? Dei har jo ni vokalar i alfabetet, akkurat som i norsk.

Her må vi skilje mellom vokalane i alfabetet og vokallydar. Éin bokstav i skriftspråket kan uttalast på mange ulike måtar. La oss til dømes sjå på den danske a-en. På norsk blir a-lyden uttalt berre på ein måte: som ein open a, som i orda "bane". Men danskane har tre ulike a-lyder: A-en til danskane i "adoptere" høyrest ut som ei blanding av e og æ, i ordet "bane" høyrest a-en ut som han blir sagd langt bak i halsen, medan han i namnet "Hansen" blir uttalt akkurat som i den opne a-en vår.

Men ingen u

Trass i alle vokalane i den danske uttalen har ikkje danskane den spisse u-lyden som finst i både svensk og norsk. Om eit dansk ord blir skrive med bokstaven u, som til dømes i orda "stut" og "hul", vil uttalen liggje nærare ein o-lyd.

Ordforråd

Dansk har teke opp mange lånord frå tysk og engelsk. Danskane er meir opne for å innlemme slike ord i språket sitt enn det vi nordmenn er. Der vi seier T-skjorte og tenåring, seier danskane "T-skjorte" og "teenager". Men dette byr ikkje på problem for forståinga vår, då vi nordmenn er så gode i engelsk.

Etter at de har lese – diskuter dei to spørsmåla de skulle ha som leseoppdrag:

  • Kvifor trur de norsk, svensk og dansk liknar kvarandre, men ikkje er heilt like?
  • Kva er dei viktigaste forskjellane mellom norsk, svensk og dansk?

Relatert innhald

Oppgåver og aktivitetar
Kva kan du om svensk og dansk?

Test forkunnskapane dine om dansk og svensk. Om dei bør betrast, kan du både lytte til og lese fagstoff for å teste deg igjen. Målet er å bruke fagomgrep.

Fagstoff
Særpreg ved norsk

Norsk høyrer til den indoeuropeiske språkfamilien. Det er eit SVO-språk, det er eit svakt syntetisk språk, og det har tonelag.

Kjelder

Hårstad, S. (2021). Nabospråk og nabospråkundervisning. Cappelen Damm Akademisk.

Torp, A. (2004). Nordiske språk i fortid og nåtid. Språklikhet og språkforskjell, språkfamilier og språkslektskap i Iben Stampe Sletten (red.) Nordens språk med røtter og føtter (s. 19–74). Nordisk ministerråd. Teksten finst i fullformat her: http://norden.diva-portal.org/smash/get/diva2:702641/FULLTEXT01.PDF

Skrive av Åsa Abusland, Oddvar Engan, Ragna Tørdal og Marion Federl. Rettshavar: Dialektxperten
Sist fagleg oppdatert 15.02.2021