For svarte svingande - Norsk (PB) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

For svarte svingande

Kva kan banning seie om deg og om kulturen du er ein del av? Og (kvifor) bannar vi meir enn før? Her finn du eit stort og variert utval oppgåver og aktivitetar om banning både før og no.
Tips til lærar

Start med at heile klassen jobbar med oppgåve 1. Etterpå kan du gjerne dele klassen inn i mindre grupper og la kvar gruppe svare på kvar si oppgåve og presentere resultatet for klassen. Til slutt kan elevane skrive anten ein fagartikkel eller eit essay om temaet.

Oppgåve 1. Fy f...!

I grupper:

  1. Kor mange banneord klarer de å skrive ned i løpet av eitt minutt? Gjennomfør ein uformell konkurranse, lag mot lag eller alle mot alle.

  2. Diskuter deretter somme av orda. Er nokon styggare enn andre? Er de ueinige i om nokon av orda i det heile er banneord? Kva er i så fall eit banneord?

  3. Kva for fem banneord trur de nordmenn bruker mest?

  4. Skriv ned dei fem banneorda DE bruker mest – viss de bannar, vel å merke.

  5. Samanlikn deretter listene – først internt i gruppa og så i klassen.

    • Kva legg de spesielt merke til? Kommenter og diskuter.

    • Prøv å samanfatte i tre setningar det som gruppa har snakka om i denne oppgåva.

Oppgåve 2. Banning, identitet og kultur

Del 1

Diskuter i klassen eller i mindre grupper:

  1. Kvifor bannar vi?

  2. Bannar vi meir enn før?

  3. Endrar banneorda seg med tida, og er det forskjellar geografisk og sosialt?

  4. Kan banneord og stygge ord bidra til stigmatisering av personar eller grupper? Forklar!

  5. Kva kan banning fortelje om ein person?

  6. Kva kan banning fortelje om eit samfunn eller ein kultur?

Del 2

Les NRK-artikkelen "Dette er de vanligste banneordene". Sjå gjerne filmklippet som er ein del av artikkelen. Svar så på spørsmåla under:

Kva seier artikkelen om

  1. kvifor vi bannar

  2. at vi aksepterer banning meir enn før

  3. at banneorda forandrar seg

  4. kva banning kan fortelje om

    • eit menneske

    • eit samfunn

Oppgåve 3. Banning og kjensler

Banning er gjerne knytt til kjensler, som regel sterke kjensler. Diskuter følgjande i grupper:

  1. Nedanfor finn de ei liste over kjensler. Prøv å finne døme på setningar med banneord i som passar til dei ulike kjenslene i lista. Det kan vere lurt å slå opp ord de er usikre på i ei ordbok, til dømes Språkrådets ordbok.

  2. Bruker de ulike banneord til dei ulike kjenslene, eller er det stort sett dei same banneorda som går igjen?

  3. Diskuter om det går an å banne for å uttrykkje positive kjensler, som til dømes glede og beundring?

overrasking eller forskrekking
redsel
irritasjon
forakt
vemjing og avsky
sinne eller raseri
hat
smerte
anger eller skam
likegyldigheit

Oppgåve 4. Møt ein banneordbokforfattar

Nedanfor finn du ein episode av Eides språksjov, som blir vist på NRK. I denne episoden har programleiar Linda Eide besøk av språkprofessor Ruth Vatvedt Fjeld, som har skrive ei banneordbok. Sjå frå 6:14 til 14:50 og jobb med oppgåvene individuelt eller i grupper.

Del 1

Mange av banneorda vi bruker, er omskrivingar eller . I klippet over nemner dei til dømes "fillern", "gid", "jysla", "farken" og "sytten".

  1. Kva tabuord er desse orda eufemismar for?

  2. Kor mange andre slike eufemismar eller omskrivingar kan du?

  3. Kjenner du nokon lokale banneord på staden du bur? Kva betyr dei? Kva seier dei om dei som bur der?

Del 2

  1. Ta utgangspunkt i eigne erfaringar i venekrinsen eller kulturen din. Er nokon banneord meir tabu eller "forbodne" enn andre? Kvifor/kvifor ikkje?

  2. I banneordboka rangerer Fjeld banneorda etter kor grove dei blir oppfatta som. Under kan du sjå eit døme på slik rangering. Kor einig eller ueinig er du i rangeringa? Grunngi. NB! Ei beskriving av skalaen finn du i boksen litt lenger ned.

    • Tabugrad 4: badass, up your ass, fitte, son of a bitch, pikktryne, motherfucker, forpult

    • Tabugrad 3: faen, faen i helvete, cunt, bitch, beng, svarte, satan, piss off, mora di, fuck

    • Tabugrad 2: bullshit, søren, shit, ræv, pokker, kødd, jævlig, jesus, føkkings

    • Tabugrad 1: du store min, piss, skitt au, sabla, jammen meg, himmel og hav, herregud

    • Tabugrad 0: du verda, bort i natta, uff a meg, steikje, gid, gi blaffen

Skala for grad av tabu

4: Desse bør berre brukast i spesielle tilfelle. Dei er blant dei sterkaste banneorda vi har, og vi bør vere forsiktige med å bruke dei om vi vil unngå å støyte andre.

3: Desse er ganske sterke, men kan nok brukast av dei aller fleste i spesielle tilfelle.

2: Desse er rimeleg akseptable.

1: Desse er nesten avtabuerte og som regel omskrivingar eller eufemismar av sterkare banneord.

0: Desse er avtabuerte og utan bannefunksjon, men har hatt det tidlegare.

Del 3

Det er generelt høgare aksept for banning i det norske samfunnet i dag enn for berre nokre tiår sidan.

  1. Kva kan vere årsakene til det?

  2. Kva synest du/de om det?

Oppgåve 5. Banning og makt

Del 1

I grupper:

Omgrepa "makt" og "avmakt" kan vere vanskelege å forklare. Diskuter kva omgrepa betyr. Bruk gjerne ordbøker eller andre kjelder og bli einige om gode definisjonar.

Del 2

"... banning kan brukes som våpen. [...] Den som banner, har makt til å skade andre ved å utføre språkhandlingen banning, enten ved å støte eller såre den som banningen er rettet mot, eller ved å påvirke andre tilhørere til å fordømme eller utstøte den som forbannes."

Fjeld 2004, s. 32

"De som ikke har makt, har ofte ikke annet enn ord å gripe til hvis de blir redde eller er i nød. [...] Man mangler andre muligheter for å endre sin livssituasjon. Det kalles ofte språklig fattigdom å banne på den måten, men ofte er den fundert i reell maktesløshet."

Fjeld 2004, s. 33

I grupper:

  1. Det første av dei to sitata over kan fortelje oss at banning kan vere maktspråk. Ta utgangspunkt i eigne erfaringar – store og små – og reflekter over situasjonar der banning blir brukt som maktmiddel.

  2. Det andre av dei to sitata over kan fortelje oss at banning òg kan vere avmakta sitt spåk. Ta utgangspunkt i eigne erfaringar – store og små – og reflekter over situasjonar der banning uttrykkjer avmakt.

Del 3

Somme gonger blir heilt vanlege ord brukte som nedsetjande banneord om personar eller grupper på bakgrunn av til dømes etnisitet, kjønn, legning, livssyn eller funksjonsevne. Slik ordbruk kallar vi gruppebaserte skjellsord. Nokre døme er homo, mongo, kjerring.

I grupper, diskuter først a–c:

  1. Kva for andre døme på gruppebaserte skjellsord kjenner de til?

  2. Korleis oppstår slike skjellsord?

  3. Når, kvar og kvifor bruker vi dei?

Diskuter deretter minst éi av problemstillingane nedanfor:

  1. Mange som bruker gruppebaserte skjellsord, som til dømes "(jævla) homo", hevdar det "berre er for tull". Formuler argument for og imot påstanden. Skriv til slutt eitt til to avsnitt der de vurderer argumenta opp mot kvarandre og konkluderer.

  2. På kva måte handlar slike gruppebaserte skjellsord om "makt" og "avmakt"? Skriv eitt til to avsnitt med konklusjonen dykkar og kort kvifor de konkluderer slik.

  3. Korleis kan og bør vi ta omsyn til gruppebaserte skjellsord og ikkje minst personane som bruker dei? Lag ei liste med 4–5 råd eller tiltak. Lista skal de føre i prioritert rekkjefølgje, og kvart tiltak skal ha ei kort grunngiving

Oppgåve 6. Banning og kjønn

Gruppeaktivitet: Gruppa skal planleggje ei undersøking anten i eigen klasse, i ein eller fleire andre klassar eller utanfor skulen. Gjennom undersøkinga ønskjer de å forske på forholdet mellom kjønn og banning.

Del 1: Førehandshypotesar

Før de set i gang med undersøkinga, diskuter følgjande i gruppa eller i klassen:

Har de inntrykk av at det er forskjellar mellom jenter og gutar med tanke på

  • kor mykje dei banner

  • kva slags banneord dei bruker

  • i kva situasjonar dei banner

Noter dykk kva inntrykk gruppa eller klassen har. Det vil vere interessant å samanlikne inntrykk og forventningar de har på førehand med dei faktiske dataa de samlar inn gjennom undersøkinga.

Del 2: Planlegging, gjennomføring og bearbeiding av data

Før de gjennomfører ei undersøking, trengst ein del planlegging. Finn de feil eller manglar når undersøkinga er i gang eller allereie er gjennomført, er det for seint, og de kan ende opp med ugyldige eller irrelevante resultat.

Start med å sjå animasjonen under om korleis de går fram når de skal forske på noko. Lenger nede er det fleire NDLA-ressursar som vil hjelpe dykk med å planleggje og gjennomføre undersøkinga og å omarbeide datamaterialet etterpå.

Video: Klipp og Lim / CC BY-SA 4.0
Ressursar til hjelp i planlegginga av undersøkinga:
Tips til gjennomføringa av undersøkinga:

Korleis gjennomfører de ei spørjeundersøking?

Det finst mange moglegheiter når det gjeld gjennomføring av ei spørjeundersøking:

  • direkte utdeling og innsamling

  • utsending og innsamling per post eller e-post

  • telefonintervju

  • nettbaserte spørjeundersøkingar

De kan til dømes dele ut spørjeskjema direkte i ein skuleklasse og samle dei inn igjen når dei er utfylte. Dette er ein rask og effektiv metode, som også har den fordelen at respondentane kan be om hjelp om det er spørsmål dei opplever som uklare.

Til samanlikning krev det betydeleg meir tid og pengar å sende ut ei spørjeundersøking i posten. Her tek det kanskje fleire veker før de får svar, dessutan bør de leggje ved ferdig frankerte konvoluttar. Det er som regel fleire som vel å la vere å svare på skjemaet enn ved direkte utdeling. Det kan vere mange gode grunnar til å velje ei spørjeundersøking per post, men då må de setje av tid og ressursar til det.

Andre innsamlingsmåtar kan vere telefonintervju, e-post og nettbaserte spørjeundersøkingar. Ved telefonintervju kan de òg fylle inn svara direkte på eit skjema på pc, slik at dei lettare kan omarbeidast vidare.

Nettbaserte undersøkingar kan vere ein effektiv innsamlingsmåte viss de har kompetanse til å lage eit slikt spørjeskjema. Då må de tenkje gjennom korleis de kontrollerer kven som svarer på undersøkinga. Ei undersøking som ligg ope tilgjengeleg på nettet, kan kven som helst svare på. Dette er uheldig, for då har de ikkje lenger kontroll over utvalet.

Kilde: Gisle Andersen og Holbergprisen (2020)

Ressursar til hjelp i bearbeidinga av datamaterialet:

Artikkel: Bearbeiding av datamaterialet

Del 3: Presentasjon

Presenter forskinga. Her er nokre forslag til korleis de kan leggje fram funna:

  • Skriv ein fagartikkel. Presenterer funna og reflekter deretter over resultata undersøkinga gav dykk.

  • Lag ein podkast. La ein eller to vere forskarar som presenterer funna undersøkinga gav. Deretter kan alle diskutere og reflektere rundt funna spesielt og banning og kjønn generelt.

  • Hald eit foredrag. Hald eit fagleg foredrag om banning og kjønn, både basert på undersøkinga, men også med stoff frå andre relevante kjelder.

  • Hald ein presentasjon. Organiser og presenter datamaterialet ved hjelp av tabellar, grafar og/eller illustrasjonar og legg deretter fram konklusjonane funna leidde til.

Oppgåve 7. Banning i media

Gå i grupper. Kvar gruppe vel ein episode av eit norsk TV-program, eit radioprogram, ein podkast eller anna medieinnhald – til dømes YouTube eller liknande. De kan velje frå forslaga i lista litt lenger ned på sida eller komme med eigne forslag.

PS: Ein annan vri? Samanlikn norske og utanlandske seriar.

Del 1: Samle inn data

  • Kva banneord blir brukte, kven bruker dei, og i kva for situasjonar?

Del 2: Analysar data

  • Kor mange gonger blir det banna i løpet av episoden? Er det mykje eller lite?

  • Kvifor blir det banna mykje/lite? Har det noko med tema, kanal, aldersgruppe, målgruppe, sosiale forhold, gjester eller andre ting å gjere?

  • Kva banneord finn de? Er dei norske eller engelske? Kor grove er dei? Kva banneord blir eventuelt mest brukte?

  • Kva fortel funna dykkar om banning, om programmet, om personane, om kulturen eller samfunnet vårt?

Forslag:

- FlipKlipp (NRK)

- Klassen (NRK)

- Skam (NRK)

- Norges tøffeste (NRK)

- Paradise Hotel (TV3/Viaplay)

- Ex on the beach (FEM)

- Kongen befaler (TVNorge)

- Alt for Norge (TVN)

- Med all respekt (NRK radio/Podkast)

- Radioresepsjonen (NRK radio/Podkast)

- Harm og Hegseth (VG/Podkast)

Del 3: Presenter funna

Her er nokre forslag til korleis de kan leggje fram funna dykkar:

  • Skriv ein fagartikkel. Presenterer funna og reflekter deretter over resultata undersøkinga gav dykk.

  • Lag ein podkast. La ein eller to vere forskarar som presenterer funna undersøkinga gav. Deretter kan alle diskutere og reflektere rundt spørsmåla under "Analyser data" over.

  • Hald eit foredrag. Hald eit fagleg foredrag om banning i media, både basert på undersøkinga, men også med stoff frå andre relevante kjelder.

  • Hald ein presentasjon. Organiser og presenter datamaterialet ved hjelp av tabellar, grafar og/eller illustrasjonar og legg deretter fram konklusjonane funna leidde til.

Relatert innhald

Kjelder

Andersen, Gisle og Holbergprisen. (2020). Spørreskjema. Henta frå: https://ndla.no/nb/subject:1:54b1727c-2d91-4512-901c-8434e13339b4/topic:2:432baee9-5671-47ce-870e-48b8fc3b7a42/topic:2:1db7bf3c-3a7b-44af-b632-e3c5ff2a999e/resource:e2c1dd82-020e-4845-8215-7ae1ff3b422f (desember 2021).

Fjeld, R. (2004). Banning – makt eller avmakt? I Helge Sandøy og Kjell Ivar Vannebo (red.). Språknytt nr. 3–4/2004. Norsk språkråd.

Fjeld, R. V. (2018). Norsk banneordbok. Humanist forlag.

Hasund, I.K. (2019). "Jævla homo!" Om gruppebaserte skjellsord. Henta frå: https://dembra.no/no/wp-content/uploads/sites/2/2020/11/dembra_artikkelsamling_artikkel-2.PDF (oktober 2021)

Skrive av Christian Lund.
Sist fagleg oppdatert 11.06.2021