Frå trykkekunst til tastetrykk: språk og teknologi

Før du les
Kor mange nye ord trur du at du har lært det siste året berre på grunn av ny teknologi? Klarer du å komme på fem ord?
Korleis påverkar teknologi kommunikasjonen din i kvardagen?
Kva oppfinning trur du endra språket mest – boktrykkarkunsten, internett eller kunstig intelligens?
Kva er teknologisk utvikling?
Skal vi seie noko om språk og teknologi, må vi vite kva teknologi er. Teknologi er faktisk ikkje så enkelt å definere. Forklart på enklast mogleg måte er teknologi dei hjelpemidla vi bruker for å lage ting, gjere ting, arbeide lettare og samarbeide betre.
Det kan vere metodar, prosessar eller verktøy, og det er alt frå fjørpennen, hjulet, kunsten å forme metall og å framstille eld, til boktrykkjarkunsten, dampmaskina, bilen eller det å klone liv.
Når vi utviklar eller skaper nye slike hjelpemiddel, kallar vi det teknologisk utvikling.
Kva har teknologien med språket å gjere?
Den teknologiske utviklinga endrar
dei fysiske omgivnadene våre, det vil seie kva som finst og korleis verda ser ut
kontaktmønsteret mellom oss, det vil seie korleis vi kommuniserer og flyttar oss
Utan teknologien hadde vi aldri fått orda "brille", "kulepenn", "bilhjul", "stål", "bokstav" eller "dampmaskin". Utan teknologien hadde vi ikkje hatt dei tinga som vi menneske har laga: bygningar, bruer, båtar, fly, telefonar, veg osb.
Med ny teknologi kan vi busetje oss på nye stader, forflytte oss lenger og raskare, nå dei mest bortgøymde stader – og snakke med folk over heile verda frå vår eiga stove.
Døme frå historia
Nokre historiske teknologiske nyvinningar har hatt større innverknad på språket og språksituasjonen enn andre. Vi skal sjå nærare på nokre av dei.
Frå runeriss i stein til blekkskrivne pergament

Her i Norden på 800- og 900-talet brukte dei runealfabetet, som dei gjerne rissa inn i hardt materiale. Men då kristendommen vart innført rundt år 1000, vart det vanlegare å skrive latinske bokstavar med fjørpenn på pergament (dyreskinn). Då hadde fjørpennen allereie vore den mest brukte skrivereiskapen i Vesten i 500 år.
Kva har det med språket å gjere?
Den nye skriveteknologien gjorde det mogleg å skrive meir forseggjorde bokstavar. No kunne dei òg skrive både oftare og meir. Ikkje berre dikting og religiøse tekstar, men også avtalar, kontraktar og omfattande lover.
Sjølv om lesing og skriving framleis var for dei få, var dette startskotet i utviklinga mot eit meir skriftspråkleg samfunn.
Antakeleg påverka dette òg talemålet i skriftkyndige miljø. Dei snakka eit meir skriftnært språk – eit slags overklassespråk.
Boktrykkjarkunsten
Boktrykkjarkunsten vart oppfunnen på 1450-talet og var det neste store skrittet mot eit meir skriftspråkleg samfunn. Det er vanleg å rekne oppfinninga som grunnlaget for utviklinga av informasjonssamfunnet.
Kva har det med språket å gjere?
Før boktrykkjarkunsten vart oppfunnen, fanst det berre få eksemplar av kvar tekst. Kopiar måtte skrivast for hand, det tok tid og gjorde bøker veldig kostbare. Berre nokre få hadde tilgang til desse.
Den nye teknologien gjorde det mogleg å masseprodusere tekstar og på den måten nå ut til fleire menneske over større avstandar. Informasjon og kunst frå omverda vart lettare tilgjengeleg, kontakten med andre språk auka, og folk vart meir avhengige av skriftspråket i dagleglivet. Det auka behovet for å lære å lese og skrive, men også for fastare skriveregler. Dei tidlegaste svenske og danske grammatikkbøkene vart til dømes gitt ut på 1600-talet.

Farvel til eit norsk skriftspråk – i alle fall på ei stund
Fram til omtrent 1600 skreiv nordmenn eit gammaldags dansk blanda med norske trekk. Også ulike former for norsk vart brukt i skrift. Boktrykkjarkunsten vart på mange måtar dødsstøyten for norsk skriftspråk. Fordi boktrykkjarkunsten kravde fastare skrivenormer, og sidan dei danske trykkeria no styrte rettskrivinga, fekk Noreg og Danmark same skrivereglar. I tråd med den lutherske reformasjonen skulle mellom anna Bibelen omsetjast til nasjonalspråka. Elles i Europa betydde det at nasjonalspråka vart styrkte, men i Noreg var det dansk, ikkje norsk, som vart styrkt. Det skulle ta ca. 250 år før vi igjen fekk eit norsk skriftspråk.
Den industrielle revolusjonen
Den industrielle revolusjonen, som starta på 1700-talet i Europa, kom til Noreg midt på 1800-talet. Det var overgangen frå eit jordbrukssamfunn til eit industrisamfunn, frå muskelkraft til maskinkraft. Den moderne teknologien skapte grunnlag for stadig nyare og meir avansert teknologi, og snart kom bil, elektrisk lys, telefon, fly, film og radio. Kontakten med omverda auka, og urbaniseringa skaut fart. I byane voks arbeidarklassen, og forskjellane mellom rik og fattig auka.
Kva har det med språket å gjere?
Då samfunnet vart meir teknisk og vitskapsorientert, vart utdanning og skriftspråk viktigare enn nokon gong tidlegare. Det førte til at skulesystemet vart utbygd, med skuleplikt for barn, lærarutdanning og universitet.
Men kva språk skulle norske barn møte i skulen? Den store avstanden mellom norsk tale og dansk skrift gjorde det vanskelegare å lære å lese og skrive. Arbeidet med å skape eit eige norsk skriftspråk vart starta på 1800-talet, og ei av grunngivingane for arbeidet var nettopp pedagogisk; norske barn burde lære norsk språk i skulen.
Den auka kontakten med omverda gav oss òg fleire språklege impulsar utanfrå. Dessutan bidrog urbaniseringa til at byane endra seg radikalt. I hovudstaden Kristiania auka folketalet frå 8931 innbyggjarar i 1801 til ca. 250 000 i 1900. Mange dialektar møttest i byane, og det utvikla seg eigne bymål og arbeidarspråk, som både skilde seg frå dialektane omkring og frå språket i dei øvre sosiale laga.
Ikkje minst gav alle dei teknologiske nyvinningane og oppfinningane oss nye ord. Mange av dei eksisterer framleis i daglegspråket.
Massemedierevolusjonen på 1900-talet
Medieutviklinga dei siste vel hundre åra har sett fart på globaliseringsprosessen. Allereie i siste halvdel av 1800-talet førte moderne trykketeknikk og betre og billigare papir til ein eksplosjon av aviser og magasin. I løpet av første halvdel av 1900-talet kom òg dei såkalla etermedia – radio og fjernsyn. Radioen gjorde det mogleg å kommunisere munnleg til mange på ein gong – òg over store avstandar. Det same gjaldt film og fjernsyn, men kombinasjonen av lyd og levande bilete hadde så stor påverknadskraft at TV-en raskt vart det viktigaste massemediet i samfunnet.
Kva har det med språket å gjere?

Med radio, film og TV fekk talespråket ny betydning; no kunne vi kommunisere munnleg til mange på ein gong – òg over store avstandar. Det norske, og seinare det engelske talespråket, vart det dermed vanleg å høyre heime i stova.
Det utvikla seg etter kvart eit slags norsk "normaltalespråk" i radio og fjernsyn. Det vil seie eit slags opplesingsspråk som verken var for konservativt eller for radikalt, og som ikkje inneheldt dialekttrekk. Dette endra seg frå 1970-talet då språket i media vart meir avslappa, og dialektane fekk større plass. Det skjedde i takt med andre samfunnsendringar, som til dømes ein veksande ungdomskultur, mindre klasseskilje og sterkare arbeidarklasse.
Den digitale revolusjonen

Frå 1980-talet har overgangen til digital teknologi ikkje berre revolusjonert massemedia, den har påverka alle sider av samfunnet. Det er særleg data-, internett- og mobilteknologien som formar liva våre. Datamaskiner og smarttelefonar er allemannseige. Vi "streamer" kva vi vil når vi vil, "chattar" med folk frå heile verda mens vi snakkar den skriftlege tyskleksa rett inn i datamaskina på norsk. Kva skjer med språket?
Moderne massemedium
Radio og TV lever enno, men no ser, høyrer og les vi meir og meir gjennom internett. Og der radio- og fjernsynsspråket tidlegare var formelt og høgtideleg, har no "alt" vorte lov.
Dagens digitale teknologi er internasjonal og kommunikasjonen i media går føre seg i aukande grad på engelsk. Norske barn kjem i kontakt med engelsk på nettbrett og TV omtrent samtidig som dei lærer språk. Det fører til auka import av ord og uttrykk frå engelsk, men også til domenetap. Domenetap er når eit språk fortrengjer eit anna innanfor eit samfunnsområde – til dømes frå delar av arbeidslivet, media eller utdanning.

Underhaldningsmedia og populærkulturen pregar digitale plattformer i stor grad. Internett- og mobilteknologien har òg gjort det mogleg for nært sagt kven som helst å publisere og bli sett og høyrt verda over. Dette bidreg til å skape og spreie språklege trendar langt utover landegrensene.
Media har alltid hatt mykje makt. Dei har lenge vore ei viktig kjelde til ideal og rollemodellar. Dei har bestemt kven som er synleg og ikkje, og kva tema vi skal bry oss om. Dermed har dei òg bestemt språket vi les og høyrer. Kva ord, kva slags uttale, kva språk, kva slags dialekt og språkstil?
Eit paradigmeskifte med kunstig intelligens
Vi har lenge forhalde oss til ulike språkteknologiar som bruker kunstig intelligens (KI). Omsettingsprogram og autokorrektur er døme på slik teknologi. I november 2022 blei det lansert ei open og gratis KI-teneste som blei starten på noko heilt nytt for dei aller fleste: OpenAI lanserte ChatGPT.
Kva er ein språkmodell?
I løpet av kort tid har alle fått tilgang til eit kraftig verktøy, nemleg språkmodellar. Dei tilhøyrer det vi kallar generativ kunstig intelligens. Ein språkmodell bruker kunstig intelligens til å finne mønster i enorme mengder tekst og generere ny tekst. Han bruker statistikk for å føreseie kva ord som mest sannsynleg kjem etter det førre.
Praterobotar (chatbotar) er program som gjer at du kan samhandle med språkmodellen på ein enkel måte. Roboten tek imot det du skriv, sender det til språkmodellen, og deretter gir han deg svaret språkmodellen har rekna seg fram til.
Kva kan språkmodellar hjelpe oss med?
Språkmodellane kan hjelpe deg med å skrive alle moglege slags tekstar på kort tid. Du kan få hjelp med idear, å forbetre tekst og å forstå tekst. Ei slik hjelp kan vere positiv, men når mange menneske overlèt skrivinga til ein språkmodell, påverkar det også kva slags tekstar som finst og blir lesne. Det er mange problematiske sider ved dette, både når det gjeld pålitelegheit og skeivskap i svara språkmodellane gir. I tillegg påverkar det også språket. Dette kan du lese meir om i fagartikkelen "Kva gjer KI med språk og tenking?"
Set teknologien det språklege mangfaldet i fare?
Ny teknologi har ein internasjonal marknad og gjerne engelske namn. Språkteknologi blir utvikla for det engelske språket, og om noko blir utvikla nasjonalt, blir gjerne majoritetsspråket prioritert. I Noreg betyr det norsk framfor minoritets- og urspråka, og bokmål framfor nynorsk.
Dei mest brukte språkmodellane i Noreg i dag er amerikanske. Datagrunnlaget dei blir trena på, er i hovudsak engelskspråkleg. Det gjer at du gjerne finn anglisismar i tekstane dei genererer. Men teknologien utviklar seg, og nye språkmodellar blir laga. I dag kan du lage pratebotar som berre forheld seg til til dømes innhald som er publisert på NDLA. Kunnskapen vår om teknologien og evna til å bruke han vil påverke innverknaden han får på oss.
Vi veit for lite i dag til å seie noko om korleis språket blir påverka av språkmodellane i framtida. Det er uansett viktig å vere klar over at vårt eige, personlege språk fort blir viska ut om vi ikkje vel orda sjølv og ikkje har ei kritisk tilnærming til KI.
Kva blir det neste?
Alle samfunnsendringar påverkar språket vårt, anten det gjeld kva ord vi bruker, eller korleis vi kommuniserer. I denne artikkelen har du sett korleis oppfinningar og reiskapar har ført til store endringar. Utviklinga har gått frå eit samfunn der overlevering av kunnskap først og fremst var munnleg til eit samfunn der skriftspråket har vore dominerande. I dag står skriftspråket framleis sterkt, men ny teknologi gjer at også den munnlege tradisjonen blir styrkt.
Relatert innhald
Les om dei kulturelle, teknologiske og sosiale forholda som ubevisst påverkar språket vårt.
Sosiale medium har endra korleis vi omgåst kvarandre. Kva gjer det med språket?