Språk og demokrati – temaoppgåve - Norsk (PB) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Språk og demokrati – temaoppgåve

Tenk deg at du er språkforskar med ansvar for å utvikle eit felles skriftspråk i den unge, demokratiske staten Zimbabwe i 1980. Kva for eit språk vel du?

Utgangspunktet for oppdraget

Frå midten av 1990-talet arbeidde forskarar ved Universitetet i Harare tett saman med mellom anna Universitetet i Oslo. Dei zimbabwiske språkforskarane ønskte å vite meir om korleis mellom anna Ivar Aasen gjekk fram då han lanserte landsmålet, nynorsken. Zimbabwarane ønskte å utvikle eit eige skriftspråk tufta på afrikansk talemål, ikkje det engelske. Dei såg demokratiske, nasjonale, sosiale og pedagogiske problem i at talemål og skriftspråk låg så langt frå kvarandre.

Les meir om prosjektet:

Året er 1980. Du er i Zimbabwe, Afrika, eit land som sidan 1888 har vore under britisk styre. Britane utnytta dei rike naturressursane i landet, dei styrte samfunnet – skule, kyrkje og statleg administrasjon; alt var kontrollert av britane, og språket dei brukte, var engelsk. Utdanning og arbeid i staten var berre meint for britar og ein lokal elite i byane. Majoriteten av befolkninga bur på landsbygda. Dei er bønder, og dei fleste av dei er analfabetar – dei kan ikkje skrive eller lese.

Zimbabwe er blitt ein sjølvstendig nasjon, dei er frie frå dei britiske koloniherrane. Arbeidet med å skape ein zimbabwisk nasjon byrjar. Landet blir republikk under president Robert Mugabe. Dei får eige parlament, eigen valuta, eigen nasjonalsong og eigen nasjonaldag – 18. april. Dei skriv ned lover og reglar og arbeid med korleis viktige institusjonar som skule, domstol og helsevesen skal vere. Men så reiser det seg eit spørsmål: Kva språk skal vi bruke til å skrive ned desse reglane og lovene med?

Landet består av to store etniske grupper: shona, som utgjer 82 % av folket, og ndebele, som utgjer dei siste 14 % av innbyggjarane. I tillegg er omtrent 1 % av innbyggjarane kvite – av britisk opphav. Vidare finst det meir enn ti minoritetar. Ingen av desse gruppene har engelsk som talemål – dei snakkar eit afrikansk talemål. Zimbabwe har totalt 11,5 millionar innbyggjarar – 2 millionar av dei bur i hovudstaden Harare.

Året er 1980. Zimbabwe er i endring. Dei skal byggje ein demokratisk nasjon, dei skal ikkje lenger vere underlagde ein framand minoritet. Dei skal skrive lover og starte utdanning av si eiga befolkning. Zimbabwe treng eit skriftspråk. Kva kan dei gjere?

Oppgåve 1

Zimbabwe kan velje mellom desse alternativa:

  • behalde engelsk som skriftspråk
  • lage eit skriftspråk basert på talemålet til shona-gruppa
  • lage eit skriftspråk basert på talemålet til ndebele-gruppa
  • både behalde engelsk som skriftspråk og lage eit skriftspråk basert på lokale talemål

Skriv ned fordelar og ulemper med dei ulike alternativa.

Oppgåve 2

Svar på spørsmåla:

  1. Kva betydning har val av skriftspråk for nasjonalkjensla?
  2. Kva språk kan vere lettast å lære for folk flest i landet?
  3. Kvifor er val av språk viktig i eit demokrati?
  4. Kva betydning kan språk ha for sosiale forskjellar i landet?
  5. Kva er mest praktisk? Behalde eit språk som allereie finst? Lage eit heilt nytt skriftspråk? Eller både behalde engelsk og lage eit skriftspråk basert på dei lokale talemåla?
  6. Kva ulemper og fordelar ser du med dei ulike alternativa?

Oppgåve 3

Hald ein appell og vel strategi:

  • Kva språk synest du Zimbabwe skal velje? Er det nødvendig å velje berre eitt?
  • Førebu ein munnleg appell som du skal halde for klassen din. I appellen skal du overtyde dei andre om at alternativet du har valt, er riktig.
  • Etter at alle har halde appellane sine, gjer klassen ei røysting om noko som språk Zimbabwe bør velje. Tel opp røystene og sjå kva alternativ som vann.

Oppgåve 4

I arbeidet med Zimbabwe-oppdraget oppdagar du parallellar mellom Zimbabwes situasjon på 1980-talet og Noregs situasjon på 1800-talet. Derfor vil du gå grundigare til verks og samanlikne skriftspråkssituasjonane i dei to landa. Målet ditt er å gi det norske folket eit nytt perspektiv på eige språk og eiga historie.

Resultatet av samanlikninga kan du formidle skriftleg eller munnleg.

I arbeidet kan du

  • kort samanlikne relasjonen Zimbabwe–England med relasjonen Noreg–Danmark

  • undersøkje kvifor Zimbabwe og Noreg ville ha sine eigne skriftspråk. Var årsakene dei same?
  • forklare kva alternativ Noreg hadde å velje mellom då dei skulle diskutere nytt skriftspråk på 1800-talet. Var dei like eller ulike Zimbabwes fire alternativ?
  • drøfte og vurdere om fordelene eller ulempene ved dei ulike alternativa var dei same for Noreg på 1800-talet som for Zimbabwe i 1980
  • samanlikne dei nasjonale, pedagogiske, demokratiske, sosiale og praktiske omsyna du kom fram til at Zimbabwe måtte ta, med omsyna Noreg måtte ta
  • undersøkje kva alternativ Noreg valde – og kort beskrive korleis det gjekk
  • gjere deg nokon tankar om korleis innsikta i den norske situasjonen har hjelpt deg å forstå situasjonen for zimbabwarane – og omvendt
Tips til lærar

Skriftleg formidling kan til dømes vere ein fagartikkel, ein kronikk eller eit fagessay.

Munnleg formidling kan til dømes vere ein presentasjon, videopresentasjon eller ei dramatisering der ein nordmann og ein zimbabwar snakkar saman og samanliknar erfaringane sine.

Relatert innhald

Fagstoff
Kvifor har norsk to skriftspråk?

Forteljinga om korleis norsk fekk to ulike skriftspråk, er reine eventyret. Bakgrunnen for den unike norske situasjonen oppstod på 1800-talet.

Skrive av Jorunn Øveland Nyhus og Christian Lund.
Sist fagleg oppdatert 18.02.2021