Utforsk Biblio
Biblio erstatter BookBites
Du kan logge inn med same brukarnamn og passord i den nye appen. Då blir alt innhaldet ditt overført.
- Ei innføring i BookBites(PPTX)
Oppgåve 1. Laste ned og låne i Biblio
Svar på oppgåvene munnleg saman med ein annan elev:
Korleis lastar du ned appen Biblio?
Korleis registrerer du ny brukar i Biblio?
Korleis låner du ei bok i Biblio?
Kva symbol er det for lydbøker i Biblio?
Kva symbol er det for e-bøker i Biblio?
Kva kan du gjere viss boka er utlånt?

Oppgåve 2. Utforsk bøker i Biblio
Del 1: Søk på bøker
Søk på bøker av kjende forfattarar i Biblio. Er det nokon av bøkene som er ledige av desse forfattarane? Er det nokon av dei du får lyst til å låne?
Gro Dahle
Torbjørn Egner
Zeshan Shakar
Astrid Lindgren
Maja Lunde
Simon Stranger
Del 2: Lag ei liste
Lag deg ei liste med fem bøker du gjerne vil lese ut frå eigne interesser.
Del lista med ein annan i klassen og forklar kvifor det er desse bøkene du er interessert i.
Undersøk saman med ein annan i klassen om nokon av bøkene er tilgjengelege i Biblio.
Oppgåve 3. Undersøk ulike sjangrar
Bøkene er òg sorterte på sjangrar. Du finn sjangrane sortert øvst på nettsida.
Svar på oppgåva munnleg saman med ein annan elev:
Forklar kvarandre kva de trur er innhaldet i dei ulike sjangrane ut frå namnet.
Dei ulike sjangrane er:
roman
krim
historisk
humoristisk
spenning
romantisk
science fiction
grøssar
dagbok
essay
dikt
novelle
Døme: Eg trur sjangeren "krim" inneheld mystiske og skumle bøker.

Oppgåve 4. Utforsk innstillingar i Biblio
Utforsk innstillingane i Biblio saman med ein annan elev. Snakk saman om kva de gjer for å finne fram i appen. Då er det lettare å hugse til seinare.
Lån ei e-bok i Biblio.
Trykk på innstillingshjulet på framsida av boka.
Test ut dei ulike innstillingane som det er mogleg å teste ut, mellom anna linjefokus og opplesarstemme.
Finn eit ord i e-boka som du vil finne ut kva betyr. Marker ordet og trykk på "Søk" eller forstørringsglaset. Fekk du ei grei forklaring på ordet, eller finst det meir effektive måtar å finne ut kva ordet betyr på? Grunngi svaret ditt.
Lever boka tilbake ved å trykke på blyanten når du står i "Bibliotek". Trykk på dei tre prikkane som kjem opp, og så på "Innlever".
Utforsk forskjellen mellom e-bok og lydbok. Kva passar best for deg? Grunngi svaret ditt.

Relatert innhald
Lær meir om korleis du som lærar kan presentere Biblio for elevane dine.