Bruk Biblio
Biblio erstatter BookBites
Du kan logge inn med same brukarnamn og passord i den nye appen. Då blir alt innhaldet ditt overført.

Før elevane bruker Biblio
Desse fagomgrepa er nyttige å snakke med elevane om når de skal ta i bruk Biblio.
- e-bok
- Ei e-bok er ei digital bok som du kan lese til dømes på mobil, pc eller nettbrett. Ho liknar på ei fysisk bok sidan du kan bla frå side til side. I enkelte e-bøker kan du også søke opp ord via ordbok eller få teksten lesen opp.
- ikon
- Eit ikon er eit bilete som skal illustrere noko. Ofte er det ei forenkla teikning. Dei små bileta som blir viste øvst på verktøylinja på pc-en din, er slike ikon. Ikona skal hjelpe deg med å forstå kva som er innhaldet bak dei ulike knappane.
- lyd-ikon
- Lyd-ikonet illustrerer lydbølger. Når du trykker på ikonet, kan du justere lyden og volumet. Du kan skru lyden av eller på, og du kan skru volumet høgare eller lågare.
- forstørringsglas
- Eit forstørringsglas er eit verktøy som gjer at noko blir større og slik lettare å sjå. Når du trykker på ikonet med bilete av eit forstørringsglas, kan du få opp storleiken eller zoome inn på ein enkelt del.
Kva er Biblio?
Biblio (tidlegare BookBites) er ein app der du kan låne e-bøker og lydbøker gratis frå norske bibliotek. Appen har ganske mange ulike funksjonar. I presentasjonen under finnar du ein enkel gjennomgang av dei viktigaste funksjonane i Biblio. Presentasjonen er fin å vise for elevane før dei tek appen i bruk.
- Presentasjon av Biblio(PPTX)
Ressursar knytte til undervisning
Biblio har mange ressursar knytte til undervisning og bruk i skulen. I presentasjonen kan du lære deg det mest grunnleggande om appen. I tillegg kan det vere ein fordel at du som lærar utforskar appen og mogelegheitene han gir i klasserommet på eiga hand og saman med elevane.
Tenk over
Korleis kan du bruke Biblio på ein god måte for å auke leseferdigheitene i klassane du har?
Nedlasting av Biblio
Elevane kan laste ned appen "Biblio" via Google Play eller App Store. For å bruke appen må dei ha eit lånekort på eit norsk bibliotek. Elevane må registrere lånekortet sitt i appen for å få tilgang til bøkene, men dei kan òg få tilgang via Feide-innlogging.
NB! Ikkje slett den gamle BookBites-kontoen viss du har det. Du bruker det same brukarnamnet og passordet. Alt du hadde lagra i BookBites blir overført til den nye appen Biblio.
Korleis ta i bruk Biblio?
Etter at elevane har fått sett presentasjonen, kan dei utforske Biblio med ulike oppgåver. Då blir dei kjende med appen på ulike måtar. Du finn oppgåver under "Relatert innhald" nedst i denne ressursen. Målet er at elevane skal få auka leseferdigheitene sine gjennom å lese og lytte meir. For å få til dette er det fint å gi det tid i undervisninga. Her kan du som lærar tilpasse ut frå kvar enkelt elevgruppe og kvar enkelt elev sine behov.
Relatert innhald
Øv deg på å bruke Biblio.