Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Smart bruk av praterobotar

Praterobotar kan brukast til mykje, men kva er dei skikkeleg gode på? Her får du tips om korleis du kan bruke verktøyet til å bli betre i norsk.

Før du les

Desse fagomgrepa blir brukte i løpet av teksten:

praterobot
eit dataprogram som etterliknar ein samtale med eit menneske
instruks
ein beskjed eller ei bestilling du gir til ein praterobot
rollespel
eit slags skodespel der du øver på å ha ulike roller. Du etterliknar ein situasjon du kan komme til å oppleve.

Ha ein samtale med roboten

Ein praterobot er eit dataprogram som kan skrive og snakke med menneske. Roboten har lese mange tekstar og kan derfor ofte gjette seg til kva som passar som svar når du stiller han spørsmål. Sjølv om roboten ikkje alltid svarer med perfekt norsk, er han ganske god. Du kan stort sett stole på at språket er godt.

Hugs å gi roboten ein instruks!

Du bør fortelje roboten at han skal skrive kort og enkelt. Viss ikkje kan du få lange og vanskelege svar.

Ein god instruks kan vere: "Eg har berre budd tre år i Noreg. Du må skrive korte og enkle svar til meg, sidan eg ikkje er så god i norsk."

Øv på ulike situasjonar

Gruar du deg til eit møte eller ein annan samtale, kan du øve saman med roboten. Gi roboten ein instruks om kven han skal late som at han er, og kva slags svar han skal gi.

Her får du nokre døme på situasjonar du kan øve på:

  • eit intervju

  • ein fagsamtale

  • ein

  • ein telefonsamtale

Døme på instruks til samtale

Lag eit rollespel der du etterliknar eit intervju. Du er sjefen i ein barnehage og skal intervjue meg for ein jobb som assistent. Still meg eitt spørsmål om gongen. Ver hyggeleg, men still òg litt vanskelege spørsmål.

Hjelp til å forstå tekst

Synest du nokon tekstar er vanskelege å forstå? Då kan du lime teksten inn i prateroboten og be han skrive teksten enklare. Hugs å be roboten forklare vanskelege ord og uttrykk.

Omsetjing

Er det ord i ein tekst du ikkje forstår, eller hugsar du ikkje kva ordet heiter på norsk? Praterobotar har blitt ganske gode til å kjenne igjen og svare på mange språk. Du vil stort sett få gode omsetjingar. Likevel er det lurt å sjekke med ei ordbok. Det hender roboten misforstår.

Viss du vekslar mellom å lese den same teksten på norsk og eit anna språk du kan betre, vil det hjelpe deg med å hugse omgrep. Det er ein fin måte å ditt på.

Idiom

Pass på! Viss du ber roboten forklare eit , er det ikkje sikkert han forstår at teksten ikkje er meint bokstaveleg. Då kan du få veldig rare og av og til morosame svar.

Lage oppgåver

Er det noko du treng å øve på? Då kan du be prateroboten lage quiz og oppgåver til deg. Det kan til dømes vere oppgåver til noko du skal ha prøve i. Du kan òg be roboten lage grammatikkoppgåver for å øve på det du synest er vanskeleg.

Få idéar

Viss du synest det er vanskeleg å komme på idéar, kan du be prateroboten hjelpe deg. Start gjerne med å tenke ut nokre idéar og tankar sjølv, før du ber prateroboten om å gi deg fleire. Det kan vere forslag til kva du kan skrive om, noko du kan lage eller aktivitetar. Kanskje treng du forslag til treningsøvingar?

Viktig!

Same kva du bruker ein praterobot til, er det viktig at du er kritisk til svara du får. Det er ikkje sikkert han kjem med dei beste idéane, at han held seg til saka eller har dei beste forklaringane. Stol på det du kan sjølv!

Relatert innhald

Skrive av Marthe Johanne Moe.
Sist oppdatert 08.08.2025