Øv på peikeord

Del 1: Førlesing – kva er peikeord, trur de?
Set dykk i par eller grupper. No skal de gjere ei oppgåve som hjelper dykk å forstå ein fagartikkel. Det gjer ingenting om de ikkje klarer å svare på alle spørsmåla. Svara får de uansett i del 2 av oppgåva.
Finn fram to pennar. Ein av dykk legg den eine pennen på bordet og held den andre i handa.
Den som held pennen, seier denne setninga til dei andre i gruppa: Vil du ha denne pennen (peik på den du har i handa), eller den pennen (peik på pennen på bordet)?
De skal straks lese ein fagartikkel om peikeord. Kva for to ord i setninga i oppgåve A trur de er peikeord? Grunngi svaret.
Diskuter: Kvifor skal de seie "denne pennen" om pennen i handa og "den pennen" om pennen på bordet?
Finn fram to pennal. Ein annan person held eitt pennal i hendene og legg eitt på bordet. Så seier personen: "Kva for eit pennal vil du ha? Vil du ha dette pennalet, eller det på bordet?" Diskuter så:
I denne setninga er det tre peikeord. Kva trur de det er?
Kvifor seier vi "dette pennalet" og "det pennalet", men "denne pennen" og "den pennen"?
Del 2: Finn svaret: Les ein fagartikkel om peikeord
Gå saman i grupper igjen. Diskuter svara på spørsmåla i del 1 ein gong til. Bruk desse orda i forklaringane:
langt borte
nærme
kjønn på substantivet
Del 3: Samanlikn med førstespråket dykkar
Alle set om denne setninga til førstespråket sitt: "Vil du ha denne pennen, eller den pennen?"
Strek under frasane "denne pennen" og "den pennen" slik du omsette dei til førstespråket ditt.
Alle forklarer dei andre i gruppa korleis dei seier "denne pennen" og "den pennen" på førstespråket sitt. Dette er spesielt viktig å snakke om:
Er det peikeord i førstespråket ditt slikt norsk har? Viss ikkje – forklar korleis du omsette frasane.
Bruker de spesielle ord i førstespråket ditt for å vise at noko er nærme, og noko er lenger unna? Forklar for kvarandre.
Viss de har peikeord – bøyer de dei i kjønn og tal slikt norsk gjer? Forklar for kvarandre.
Del 4: Den og denne
Jobb i par.
Les setningane under. Skriv ned peikeorda i teksten.
Denne boka er spennande. Eg fann boka i den hylla. Det biletet der borte er òg fint.
Desse skoa her passar bra til meg. Dei der borte er for små.
Denne staden her liker eg godt, for det er stilt og roleg. Den kaféen der borte er òg hyggeleg, men litt bråkete.
Eg tek med meg denne koppen. Eg set koppen i den vasken.
Nokre stader er det brukt den/det/dei, andre stader denne/dette/desse som peikeord. Diskuter kvifor det er slik.
Forklar kvarandre korleis peikeorda er bøygde i kjønn og tal.
Del 5: Set inn rett peikeord
Set inn den, det, dei, denne, dette eller desse.
Del 6: Skriv peikeord og substantiv
Skriv inn rett peikeord og substantivet i bestemd form. Teksten over oppgåva skal hjelpe deg med å forstå om du skal bruk "den" eller "denne".
Døme:
Fjern + ein gut
Kjenner du den guten?
Nær + ein gut
Kjenner du denne guten?
Fjern + eit hus
Har du kjøpt det huset?
Del 7: Rollespel
No skal de ha eit rollespel i par der de skal late som om ein er kunde og ein annan jobbar i ein butikk. Målet er å bruke peikeorda annan, same og kva for ein/ei/eit mest mogleg. Det er fint om de òg bruker den og denne.
Gjer slik:
Finn ting: Samle mange ulike ting (til dømes pennar, bøker, luer) og legg dei på eit bord.
Roller: Ein er kunde, og ein er butikktilsett. Byt roller undervegs.
Døme:
Kunde: Har du denne i ein annan farge?
Butikktilsett: Kva for ein farge vil du ha?
Kunde: Eg vil ha same farge som denne, men i ein annan storleik.
Butikktilsett: Dessverre, men kva med noko anna? Dette skjerfet kanskje?
Bruk fantasien: Finn på ulike situasjonar og varer. Øv på å bruke peikeorda rett!
Del 8. Øv på alle peikeorda
Del 9: Kva har du lært om peikeord?
Lag ein tekst på 50–100 ord der du svarer på desse to spørsmåla:
Kva har du lært om norske peikeord som du ikkje kunne frå før?
Kva likskapar og/eller forskjellar er det mellom peikeord på norsk og på førstespråket ditt?
Relatert innhald
Lær mer om hvordan du skriver om eiendom på norsk ved å sammenlikne med andre språk og gjøre øvelser.
Lær om tre måtar å uttrykke eigedom på på norsk. For deg som har norsk som andrespråk.