Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Tre måtar å eige noko på

Lær om tre ulike måtar å fortelje om at nokon eig noko, eller har noko, på norsk.

Før du les

Sjå nærmare på desse fagomgrepa før du les teksten:

S-genitiv
S-genitiv er ein måte å vise at nokon eig noko eller har noko på i norsk. Vi bruker han ved å legge til ein -s på slutten av namnet til den som eig noko. Døme: Adam + s = Adams bok.
Preposisjon
Ein preposisjon er eit lite ord som fortel oss kvar noko er, eller når noko skjer. Det hjelper til med å forklare forholdet mellom to ting. I denne artikkelen skriv vi om preposisjonen til som viser kven som eig noko. Døme: Det er dattera til Maria.
Eigedomsord
Eigedomsord er ord i ordklassen determinativ. Dei viser kven som eig noko, eller kven noko tilhøyrer. Andre namn på eigedomsord er possessiv eller bestemmarord.
Ubestemd form
Når eit substantiv står i ubestemd form, betyr det at det er ukjend informasjon. Den ubestemde forma av substantivet har inga ending. Eit døme er "ein bil".
Bestemd form
Når eit substantiv står i bestemd form, betyr det at det er kjend informasjon. Den bestemde forma av substantivet har ending. Eit døme er "bilen".

Eigedom på norsk

På norsk kan du vise at nokon eig eller har noko på tre måtar:

  1. Bruke -s (genitiv): Det er Ginas son.

  2. Bruke til: Det er sonen til mamma.

  3. Bruke eit (min, din, sin osv.): Det er mamma sin son.

1. Genitiv (-s)

Du kan legge til -s på slutten av substantivet for å vise kven som eig noko. Dette blir kalla s-genitiv. På nynorsk bruker vi det berre på namn.

  • Marias genser er fin. (Maria eig genseren.)

Viktig

Den som eig noko, får -s bakarst (Marias). Det som blir eigd, står i ubestemd form. Det er feil å seie "Marias genseren".

2. Preposisjonen til

Vi kan òg vise kven som eig noko, med preposisjonen til:

  • Det er sonen til mamma.

  • Genseren til Maria er fin.

3. Eigedomsord (min, din, sin osv.)

Du kan òg bruke eigedomsord som min, din og sin. Desse orda viser kven som eig noko, og dei må bøyast etter kjønn og tal:

  • Det er guten min. (hankjønn)

  • Det er huset mitt. (inkjekjønn)

  • Det er foreldra mine. (fleirtal)

Her er ei oversikt over eigedomsorda:

EIGEDomsord

Hankjønn

Hokjønn

Inkjekjønn

Fleirtal

EINTAL 1. person

guten minjenta mihuset mittgutane mine

EINTAL 2. person

guten dinjenta dihuset dittgutane dine

EINTAL 3. person

guten hans

guten hennar

jenta hans

jenta hennar

huset hans

huset hennar

gutane hans

gutane hennar

FLEIRTAL

1. person

guten vårjenta vårhuset vårtgutane våre

FLEIRTAL

2. person

guten dykkar/dokkarjenta dykkar/dokkarhuset dykkar/dokkargutane dykkar/dokkar

FLEIRTAL

3. person

guten deirajenta deirahuset deiragutane deira

Eigedomsord framfor eller bak substantivet?

På bokmål kan vi bruke eigedomsordet både framfor og bak substantivet, men på nynorsk bruker vi det berre framfor substantivet viss vi legg trykk på det.

  • Det er min genser.

  • Det er genseren min.

  • Eg kjøpte hans genser.

  • Eg kjøpte genseren hans.

Når eigedomsordet står framfor substantivet, skal substantivet stå i ubestemd form, slik "genser" gjer her:

  • Det er min genser.

  • Eg kjøpte hans genser.

Når eigedomsordet står etter substantivet, skal substantivet stå i bestemd form, slik "genseren" gjer her:

  • Det er genseren min.

  • Eg kjøpte genseren hans.

Tenk over

Kva for ei form pleier du å bruke når du snakkar norsk? Har du eigedomsordet framfor eller bak substantivet?

Sin, sitt, sine

Sin, sitt og sine blir brukte når det er subjektet i setninga som eig noko:

  • Det er mamma sin son.

  • Mannen si dotter er søt.

  • Anna sitt hus er dyrt.

  • Læraren sine elevar var flinke.

Det er viktig å ikkje blande sin og hans/hennar. Sjå forskjellen her:

  • Jon kyssa kjærasten sin. (sin = Jon sin eigen kjæraste)

  • Jon kyssa kjærasten hans. (hans = kjærasten til ein annan)

Sin viser tilbake til subjektet (Jon). Den andre setninga betyr at Jon kyssa kjærasten til ein annan mann. Hans viser ikkje tilbake til subjektet i setninga.

Relatert innhald

Peikeord

Kva er peikeord, og korleis bruk du dei?

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 15.10.2024