Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Interaktivt innhald

Sin, hans eller hennar?

Synest du det er vanskeleg å forstå når du skal bruke sin, og når du skal bruke hans og hennar? Lær meir om desse orda i denne artikkelen.

Kvifor er det vanskeleg med sin, hans og hennar?

Når du lærer norsk, kan det vere vanskeleg å vite når du skal bruke sin, og når du skal bruke hans eller hennar. Det er fordi alle betyr "til ein person", altså at nokon har eller eig noko.

Kva er eigentleg forskjellen på setningane under?

  • Han vaska bilen sin.

  • Ho vaska bilen sin.

  • Han vaska bilen hans.

  • Ho vaska bilen hennar.

Sin = til seg sjølv (refleksivt)

Setninga Han vaska bilen sin betyr at han () vaskar sin eigen bil. sin viser tilbake til den som har eller eig noko.

Setninga Ho vaska bilen sin betyr derfor at det er ho som vaskar sin eigen bil.

Hans/hennar = til nokon andre

Setninga Han vaska bilen hans betyr at han vaska bilen til ein annan mann. Ho vaska bilen hennar betyr at ho vaskar bilen til ei anna dame.

Vanleg feil

Ein vanleg feil er å bruke hans eller hennar der det skal vere sin.

  • Feil: Pappa hadde for langt hår. No har pappa heldigvis klipt håret hans.

    • Forklaring: Denne setninga betyr at pappa har klipt håret til ein annan mann.

  • Rett: Pappa hadde for langt hår. No har pappa heldigvis klipt håret sitt.

  • Feil: Søstera mi har kjøpt nytt hus. Ho selde huset hennar i fjor.

    • Forklaring: Denne setninga betyr at søstera selde huset til ei anna dame.

  • Rett: Søstera mi har kjøpt nytt hus. Ho selde huset sitt i fjor.

Sin viser ikkje alltid til subjektet

Som regel viser sin, sitt, sine til den som gjer noko i setninga. Men av og til ber éin person ein annan om å gjere noko. Då kan sin/sitt/sine vise til den personen som skal gjere noko, ikkje den som snakkar:

  1. Ho ber han bruke kortet sitt.

    • Sitt viser til han, fordi det er han som skal bruke kortet.

  2. Eg let henne ta med barna sine.

    • Sine viser til henne, ikkje til eg, fordi det er barna hennar.

Forstod du det?

Test deg sjølv: Forstod du forskjellen på sin og hans/hennar?

Min, din, sin ...

Sin bruker vi når ordet viser tilbake til . I første og andre person er formene ulike. Slik ser dei ulike formene av ordet ut:

  • Eg vaskar bilen min.

  • Du vaskar bilen din.

  • Han vaskar bilen sin.

  • Ho vaskar bilen sin.

  • Vi vaskar bilen vår.

  • De vaskar bilen dykkar.

  • Dei vaskar bilen sin.

Du bøyer sin

Når du bruker sin, må du bøye ordet i kjønn og tal. Du skal ikkje bøye sin etter subjektet, men etter det ordet sin står saman med (som oftast ):

  1. Han vaskar bilen sin.

    • Sin fordi bil er eintal hankjønn.

  2. Han vaskar skjorta si.

    • Si fordi skjorte er eintal hokjønn.

  3. Han vaskar huset sitt.

    • Sitt fordi hus er eintal inkjekjønn.

  4. Han vaskar hendene sine.

    • Sine fordi hendene er fleirtal.

Når hans og hennar viser tilbake til noko før setninga

Sjå på setningane under. Forstår du kvifor du skal bruke hans her?

  • Thomas har bursdag. Vennene hans ser på kaka mora laga til bursdagen hans.

Forklaring

Hans viser tilbake til Thomas. Vi bruker hans når ordet viser tilbake til ein gut/mann som ikkje er subjekt i same setning, men som vi allereie veit kven er.

I denne setninga er det vennene og mora som gjer noko (Dei er subjekt), men det er Thomas som har vennene, bursdagen og får kaka.

Andre døme:

  • Lisa er sjuk. Derfor har læraren hennar sendt henne heim.

    • Hennar viser til Lisa. Det er læraren som gjer noko i setninga, ikkje Lisa.

  • Jonas er ny i klassen. Namnet hans står på tavla.

    • Hans viser til Jonas. Det er namnet som "står" – ikkje Jonas sjølv.

  • Maria elskar kattar. Favorittkatten hennar heiter Luna.

    • Hennar viser til Maria. Det er katten som heiter noko – ikkje Maria.

Test deg sjølv

Forstod du det? Test deg sjølv: Trykk på ordet som hans eller hennar viser tilbake til:

Relatert innhald

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 06.05.2025