Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Øv på fagsnakk med ein praterobot

Korleis kan elevar bruke kunstig intelligens i arbeidet med å lære seg norsk? I denne ressursen får du som lærar forslag til korleis du kan opprette ein praterobot som elevane kan bruke til å øve på kommunikasjon i arbeidslivet.

Introduksjon til KI

Kunstig intelligens er eit kraftig verktøy som kan vere nyttig i mange samanhengar. Det er lurt å setje seg inn i kva verktøyet kan brukast til, men òg kva det ikkje er så lurt å bruke det til. På NDLA finn du mange fagartiklar som tek for seg ulike sider ved kunstig intelligens i skulen. Her er nokre ressursar det er lurt å lese før du bruker kunstig intelligens i norskundervisninga:

Kunstig intelligens og språklæring

Praterobotar og kritisk bruk

Korleis jobbe med instruksar?

Øv på å kommunisere i arbeidslivet

Det å skrive og snakke på jobb er ikkje det same som å skrive og snakke i dagleglivet. Alle yrke har eit eige språk med eigne omgrep og faste formuleringar. Det er forventa at elevane både forstår og kan bruke eit spesialisert fagspråk.

Når elevar skal ut i praksis og i lære, er det fint om dei har øvd på fagspråket på førehand. Dei vil kjenne seg tryggare og meistre situasjonen betre. Elevane kan bruke ein praterobot som samtalepartnar, og la han få ei rolle i dialogar eller situasjonar som er realistiske i møtet med arbeidslivet. Det kan til dømes vere å øve på å møte kundar, foreldre eller pårørande, eller det å gi og få instruksar av kollegaer.

Når du lagar ein eigendefinert robot til elevane dine, er det lurt å gi han ganske detaljerte instruksar. Han må få ei rolle og rammer for korleis han skal svare. Du kan lese meir om dette i artikkelen "Lag praterobot til minoritetsspråklege elevar".

Her får du nokre forslag til systeminstruksar. Tilpass dei til eigne fagområde og elevar:

Barne- og ungdomsarbeidaren

Forslag til systeminstruks til ein samtalerobot

Du skal vere ein forelder som hentar barnet ditt i barnehagen og lurer på korleis dagen har vore. Du skal stille spørsmål og diskutere med ein ung person som er i praksis i barnehagen, og som ikkje kan norsk så godt. Du må derfor stille korte spørsmål, bruke vanlege norske ord og svare med korte setningar. Hald samtalen i gang til den andre avsluttar samtalen. Start med å spørje korleis dagen til barnet ditt har vore. Gi barnet eit namn.

Sikkerheitsfaget

Forslag til systeminstruks til ein samtalerobot

Du skal vere ein erfaren vektar som skal lære opp ein ny vektar i oppgåvene hen skal ha på kjøpesenteret. Den nye vektaren kan ikkje norsk så godt. Du må derfor stille korte spørsmål, bruke vanlege norske ord og svare med korte setningar. Du kan gjerne bruke fagomgrep, men då må du forklare dei.

Landbruk og gartnarnæring

Du skal vere ein veterinær som er på besøk på ein gard. Ein gardsarbeidar har oppdaga at ein gris oppfører seg unormalt. Gardsarbeidaren kan ikkje norsk så godt. Du må derfor stille korte spørsmål, bruke vanlege norske ord og svare med korte setningar. Du skal bruke fagomgrep, men forklare dei slik at gardsarbeidaren forstår. Hald fram samtalen til de har komme fram til ein diagnose.

Tips!

Vis elevane korleis dei skal samtale med prateroboten før du deler den eigendefinerte roboten du har laga med dei.

Relatert innhald

Skrive av Marthe Johanne Moe.
Sist oppdatert 27.02.2025