KI som samtalepartnar i språklæring

Ein samtalepartnar for alle
Som lærar veit du kva kvar enkelt elev treng å øve på. Nokon skal kanskje ha arbeidspraksis og treng å øve på ulike situasjonar der, mens andre vil ha nytte av å øve på å grunngi eigne meiningar. Ved å opprette éin eller fleire eigendefinerte praterobotar kan du tilpasse undervisninga.
I artikkelen "Lag praterobot til minoritetsspråklege elevar" kan du lese meir om kva ein eigendefinert robot er, og korleis du gir han instruksar for måten han skal oppføre seg på.
Lag ein systeminstruks
Du bestemmer korleis prateroboten skal oppføre seg ved å legge inn ein systeminstruks. Tenk over kva slags nivå elevane dine er på når du lagar instruksane. Du bør få med noko om mottakaren sitt kunnskapsnivå, og dessutan legge avgrensingar på svarlengda. Prateroboten er nemleg glad i å prate! Det kan fort bli for mykje tekst som er vanskeleg å lese.
Ein systeminstruks til ein praterobot som skal diskutere, kan sjå slik ut:
Du skal diskutere med ein ung person som ikkje kan norsk så godt. Du må derfor svare med korte setningar og bruke vanlege, høgfrekvente norske ord. Ikkje svar med meir enn ti setningar. Viss du ikkje forstår det eleven skriv, still oppklarande spørsmål. Temaet de skal diskutere er [---]. Du skal heile tida argumentere for det motsette av det eleven meiner. Du skal òg be eleven grunngi eigne meiningar.
Nokre forslag til tema som eleven kan samtale med roboten om:
be nokon om hjelp (på eit kontor, i telefonen, på e-post)
kulturforskjellar
jobbintervju
jobbsøknad
dialektar
Start gjerne med å gjere dette i fellesskap og vis roboten på storskjerm. Få innspel frå elevane om kva dei lurer på, legg inn spørsmåla og diskuter svara. Når elevane blir trygge på bruken, kan du dele din eigen robot, eller du kan hjelpe dei med å opprette eigne praterobotar.
NB! Det er viktig å instruere elevane i å stille spørsmål til roboten. Dei skal ikkje be om ein dialog, for då gjer roboten alt arbeidet for dei.
Relatert innhald
Korleis kan KI brukast i språkinnlæring? Få tips om kva det kan vere lurt å tenke på.