Øv deg på å tenke kritisk
Oppgåve 1. Kva fortel reklamen?

Kven er avsendaren i reklamen?
Kvifor har dei laga denne reklamen? (Kva er formålet?)
Kva ser du på biletet? Beskriv kva det er bilete av, og kva fargar som er brukte.
Kvifor trur du Tine har valt å bruke akkurat dette biletet?
I tekstboksen nedst i reklamen er det to påstandar.
Påstand 1: "Go'morgen er et smakfullt mellommåltid". Kva betyr dette?
Påstand 2: Han "tar knekken på sulten enten du er på farten eller hjemme". Kva betyr dette?
Kvifor har dei valt akkurat desse orda og uttrykka, trur du?
Diskuter om det er mogleg å seie at det reklamen påstår, er sant.
Korleis blir du påverka av reklamen? Grunngi svaret ditt.
Kvifor er det viktig å vere kritisk til reklame?
Oppgåve 2. Kva er sant?

Del 1: Korleis sjekkar du ei nyheit?
Biletet over viser partiet Høgres politikar Erna Solberg bli intervjua på Stortinget. Det er lagt på ein tekst som seier at regjeringa har bestemt at det ikkje skal vere lov med handlenett laga av bomull. Det står at det er eit strakstiltak, noko som betyr at dette forbodet skal gjelde med ein gong.
Diskuter med medelevar:
Er det noko i nyheitssaka de synest er rart eller mistenkeleg?
Kva trur de? Er nyheita sann, eller er dette falske nyheiter? Forklar kvarandre kvifor de meiner ho er sann eller usann.
Korleis kan de sjekke om denne nyheita er sann?
Del 2: Kva kjelder kan du stole på?
Vi kan undersøke om noko er sant eller sannsynleg ved å undersøke fleire kjelder. Ei kjelde kan til dømes vere ei nettside, ei bok eller ein person. Men kan vi stole på alt vi les?
Oppgåve 3. Kan du stole på prateroboten?
Det har blitt populært å bruke kunstig intelligens og praterobotar som ChatGPT til å finne ut av ting du lurer på. Ofte svarer robotane veldig godt, men ein slik robot kan eigentleg ikkje noko. Han finn berre ut kva som er eit sannsynleg svar. Han har trena på å føreseie dette ved å lese store mengder tekst. Han har ikkje øvd på heilt nye tekstar, så han finn til dømes ikkje opplysningar om noko som nettopp har skjedd.
NDLAs praterobotar finn du viss du loggar inn i Min NDLA med Feide.
Prøv NDLAs praterobotar. Vel "Elevhjelp"
I grupper eller i klassen: Sjekk kva som skjer om de stiller ein praterobot følgande spørsmål (fyll inn info som passar, i parentesane):
Kven er (namnet til læraren) som jobbar på (skulen dykkar)?
Kvifor trekte (ein kjend person) seg frå (stilling)? Her skal de skrive inn namn på ein kjend person som det nettopp har stått om i media.
Fortel om (eit tema de vil vite noko om), og gi oss kjeldene til den informasjonen du bruker når du svarer.
Kva handlar filmen (tittel på ein heilt ny film) om?
Undersøk om svara de får, stemmer med verkelegheita, og sjekk kjeldene. Kva har skjedd, trur de?
Relatert innhald
Kva vil det seie å tenke kritisk? Lær meir om kva kritisk tenking er, og kvifor det er viktig.