Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve

Bullshitfilteret – om kjønnsroller i media

Boka Bullshitfilteret av Oda Faremo Lindholm handlar om korleis media beskriv gutar og jenter. Målet med boka er å få deg til å tenke kritisk om både kjønnsroller og media.

Del 1: Førlesing steg 1

  1. Før du les utdraget frå Bullshitfilteret, skal du finne ut korleis dei dine ser ut. Undersøk det sosiale mediet du bruker mest. Noter ned svar () på desse spørsmåla:

    • Kva handlar videoane du får opp om? (til dømes fotball, sminke og så vidare)

    • Kva slags bilete er det på dei sosiale media dine?

    • Kva slags reklamar får du opp?

  2. Set dykk i grupper. Det kan gjerne vere både gutar og jenter i gruppene. Samanlikn funna.

  3. Diskuter: Får gutane og jentene opp ulikt innhald?

Del 2: Førlesing steg 2

I utdraget frå Bullshitfilteret stiller forfattaren Oda Faremo Lindholm ein del spørsmål til lesaren. Gå saman i grupper og diskuter desse spørsmåla før de les:

  1. Er de einige i at artiklar, reklamar, bilete og tekst ofte ser ut til å vere retta mot anten gutar eller jenter?

  2. Kva om du ikkje passar inn i desse tronge , då? Er det i så fall du som er rar?

  3. Kva for nokon typiske kvinnelege viser media fram?

  4. Kva er dei typisk mannlege eigenskapane i media?

  5. Treng vi eigen jente-LEGO? Grunngi svara.

  6. Finn ut kva det samansette ordet Bullshitfilter betyr. Det er sett saman av det engelske ordet "Bullshit" og det norske ordet "filter".

Del 3: Les Bullshitfilteret

Les utdraget frå Bullshitfilteret. Utdraget har ordforklaringar øvst. Det kan vere lurt å ha desse framfor seg mens de les.

Vi foreslår at de les slik:

Sit i par. Les den første sida stille inni dykk.

Diskuter innhaldet på sida kort:

  1. Fortel kvarandre kva teksten handla om.

  2. Kva meiner de er på sida?

  3. Er de einige eller ueinige i det som står?

Gå fram slik side for side heilt til de er ferdige med utdraget.

Del 4: Jobb med teksten

Svar på desse spørsmåla skriftleg:

  1. Kva meiner du er bodskapen i teksten du har lese? Altså: Kva vil forfattaren fortelje deg, lære deg?

  2. Forfattaren meiner media er for oppteken av kjønn. Skriv ned alle døma ho bruker for å vise dette.

  3. Kva meiner forfattaren når ho skriv om eit "bullshitfilter"?

  4. Kvifor bruker forfattaren tre ulike bilete av LEGO-reklame?

Del 5: Sjekk dei sosiale media dine igjen

  1. Sjå gjennom dei sosiale media dine igjen. Skriv ned det du tenker er "bullshit", ifølge Lindholm. Legg særleg merke til

    • reklame som er retta mot kva kjønn du er (som set deg i bås)

    • reklame og videoar som er retusjerte – altså at bileta er endra på for å sjå betre ut – til dømes at tennene er kvitare og huda glattare

  2. Samanfatt det de har funne ut i klassen.

Relatert innhald

Bullshitfilteret (utdrag)

Utdrag frå boka Bullshitfilteret. Ho handlar om korleis media påverkar oss, og om korleis du kan bruke eit "bullshitfilter" til å gjennomskode dette.

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 13.11.2024