Kulturmøte, fordommar og stereotypiar

Del 1: Diskuter fordommar og stereotypiar
Start med å lese det som står i boksen under:
Nokre viktige omgrep
Stereotypiar er når vi forenklar korleis vi beskriv ei gruppe menneske. Ofte er dette vanlege og faste bilete av kva dei gjer, eller korleis dei oppfører seg. Stereotypiar treng ikkje vere negative. Ein stereotypi om nordmenn er at alle elskar å gå på ski. Ein stereotypi om afrikanarar er at alle er gode til å danse.
Fordommar er meiningar om personar eller grupper før ein eigentleg kjenner dei. Som oftast er fordommar negative og dømmande. Ein fordom om nordmenn er at dei ikkje liker å bli kjende med nye folk.
Kultur er alt det menneske skaper og deler, som språk, tradisjonar, mat, kunst, musikk og måtar å leve på. Du finn kultur på ulike nivå, som norsk kultur, idrettskultur og gjengkultur.
Kulturmøte er når to ulike kulturar møtest. Møte mellom kulturar kan både vere utfordrande og positivt.
Diskuter i par
Korleis forstår de beskrivinga av omgrepa fordommar og stereotypiar? Kom med døme på ein fordom og ein stereotypi om ein kultur de er ein del av.
Kva for fordommar og stereotypiar tenker de at nokon kan ha om nordmenn? Skriv ned stikkord.
Kvifor trur de vi har fordommar og lagar stereotypiar om andre menneske?
Kvifor er det viktig å vere klar over at vi alle har fordommar?
På kva for måtar kan kulturmøte vere positive? Kom med døme.
Del 2: Kva forventar du?
Bileta under viser ulike kulturmøte.
Snakk i par om kvart bilete
Beskriv kvart av bileta. Kva legg de merke til?
Alle bileta viser noko som er litt morosamt eller uventa i møtet mellom to kulturar. Kva i bileta overraskar dykk?
Kva for stereotypiar har de om kulturane på bileta under?
Døme, bilete 1: Det er berre damer som driv med handarbeid.
Del 3: Reflekter over korleis fordommar påverkar deg
Skriv ein tekst der du reflekterer over korleis du blir påverka av fordommar andre har mot deg. Bruk gjerne setningsstartarane under:
Eg har opplevd at andre trur at ... fordi eg er ...
Når det andre tenker om meg er feil, kjenner eg ...
Eg liker at ...
Eg liker ikkje når ...
Mange tenker at eg er ... fordi ...
Når andre har fordommar om meg, ...
Eg skulle ønske at ...
Det er viktig å bli klar over fordommar fordi ...
Del 4: Diskuter kulturmøte
Det er heilt naturleg at vi prøver å plassere folk i bås. Fordommar og stereotypiar er ein enkel måte å sortere og vurdere andre menneske på.
Likevel er det viktig å bli klar over at fordommar og stereotypiar styrer måten vi tenker om andre på, og kanskje spesielt når vi møter nokon som er veldig ulike oss sjølv.
Diskuter desse spørsmåla:
Har nokon av dykk opplevd konfliktar eller vanskelege situasjonar fordi andre har fordommar om dykk? Gi døme.
På kva måte kan kunnskap om andre kulturar hindre konfliktar?
Kva for fordommar og stereotypiar skulle de ønske kunne forsvinne? Kvifor?
Del 5: Diskuter kulturmøte i i tekst
Tekstar med kulturmøte
"Brorskap og enhet" av Leo Ajkic
"Fordeler med muslimer" av Christine Koht
Lappjævel (utdrag) av Katrine Nedrejord
Tante Ulrikkes vei (utdrag) av Zeshan Shakar
Les éin av tekstane over og diskuter i par
Kva for kulturar møtest i teksten?
Korleis blir dei ulike personane beskrivne? Er dei typiske for den kulturen dei tilhøyrer? Grunngi svaret ved å vise til døme i teksten.
Kva for døme på fordommar og stereotypiar finn de i teksten?
Blir kulturmøta i teksten beskrivne som noko positivt eller noko negativt?
Kvifor trur de forfattaren har skrive om kulturmøte på denne måten?
Samanlikn tekstane
Diskuter i klassen:
Kva har tekstane til felles? Kva er ulikt? Sjå på
personane
miljøet dei er i
korleis kulturmøta blir beskrivne
Kvifor trur de utfordringane ved kulturmøte får mest merksemd i tekstane?
Kva for nokon positive sider ved kulturmøte skulle de ønske at fekk meir merksemd?



