Korleis forstå dialekt litt betre?
Oppgave 1. Dialektar i arbeidslivet
Del 1: Sjå filmen
I filmen Hvorfor lære norske dialekter? (lengde 7:01) treffer du ungdommar som møter på ulike norske dialektar kvar dag når dei er på jobb.
Del 2: Utforsk råd om forståing av dialekt frå filmen
Kva seier filmen om kvifor det er viktig å forstå litt av dei norske dialektene når du har norsk som andrespråk? Kva kan vere vanskeleg? Snakk med ein medelev. Vis gjerne til eiga erfaring med dialekt frå jobb, skule eller praksis.
Kva for råd gir filmen om korleis du kan betre kommunikasjonen med personar som snakkar dialekt? Lag ei liste.
Snakk med ein medelev om kva tips i oppgåve B som er mest nyttige. Har de nokon andre råd? Del med klassen.
Legg merke til kva Srna Boskovic og Islam Dihan gjer når dei møter på kundar og brukarar som snakkar dialekt. Har du opplevd liknande situasjonar på jobb? Korleis løyste du det?
Filmen gir deg fleire råd om korleis du kan lære meir dialekt. Lag ei liste. Samanlikn lista di med lista til ein medelev. Kva for eit råd synest de er mest nyttig?
Del 3: Undersøk dialektord i filmen
I filmen snakkar kunden på verkstaden og brukaren på sjukeheimen dialekt. Men forstod du kva som blei sagt? Jobb saman med ein medelev og set om desse setningane på dialekt til standard norsk. Sjå filmen på nytt viss de er usikre på kva noko betyr. Fasit ligg i boksen.
Kan dåkker sjå innpun bilen også?
Æ veit ikke ka det e'.
Æ bable i vei på dialekta mi.
Ka ti e' han ferdig?
Eg freista borti dinna stolen.
Ilt i knittet.
Me greier kje' stå oppreist.
Oppgåve 2. Finn dialektord
Kva for dialektord møter du på i kvardagen din? Lag deg ei oversikt for å forstå kva dialektorda betyr. Fyll på etter kvart som du møter på nye dialektord og nye stader dialekta blir snakka. Sjå på dømet under.
Legg merke til
I dømet under er stad, altså kvar dialekta blir snakka, knytt til dialektene som er brukte i filmen øvst i ressursen. Ordet "æ" er i filmen brukt av ei dame med dialekt frå Nord-Noreg, men "æ" blir òg brukt i fleire andre norske dialekter. Når du skal lage ei oversikt, kan du legge til fleire dialektstader for det same ordet etter kvart som du blir kjend med fleire stader dialektordet blir snakka.
Dialektord | Stad | Bokmål | Nynorsk | Førstespråk: polsk |
|---|---|---|---|---|
| knitt | Vestlandet | kne | kne | kolano |
| æ | Nord-Noreg | jeg | eg | ja |
| e' | Vestlandet, Nord-Noreg | er | er | jest |
| ka ti | Nord-Noreg | når (hvilken tid) | når (kva tid) | kiedy |
| ka | Nord-Noreg | hva | kva | co |
| vi | Vestlandet | vi | vi, me | my |
| kje' | Vestlandet | ikke | ikkje | nie |
Du kan bruke malen under viss du vil.
Mal til oppgåve 2 og oppgåve 3
Oppgåve 3. Undersøk dialektar i førstespråk
Srna (Boskoviv) seier i filmen at i heimlandet hennar, Serbia, bruker dei ikkje dialektar på jobb slik som i Noreg. I staden snakkar dei eit standardisert språk, fordi det blir sett på som litt "finare" enn dialekt.
Finst det ulike dialektar i førstespråket ditt? Kvar er det vanleg at dialektene blir snakka? Heime? På skulen? På jobb? Kva trur du er grunnen til dette?
Lag ei oversikt over nokre dialektord frå førstespråket ditt og ei omsetjing til meir standardisert språk. Sjå eit døme på korleis du kan gjere det i tabellen under. Du kan bruke malen viss du vil.
Fortel ein medelev eller klassen om svara dine på A og B. Kva likskapar og forskjellar er det mellom kor vanleg det er å bruke dialekt i dei ulike språka i klassen?
Dialektord frå førstespråket: polsk | Standardisert språk på førstespråket: polsk | Nynorsk |
|---|---|---|
| pyra | ziemniak | potet |
| gnat | kość | bein (del av skjelettet) |
| szmal | pieniądze | pengar |
| gwarzyć | rozmawiać | snakke, snakke saman |
| klepać | opowiadać głupoty | snakke tull |
| bryle | okulary | briller |
| szpyrka | boczek | bacon |
| watra | ognisko | bål |
Du kan bruke malen under oppgåve 2 viss du vil.