Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Kva er høfleg og uhøfleg?

Dei fleste snakkar og skriv ulikt i ulike samanhengar, og ofte tenker vi ikkje så mykje over kvifor det er slik. Det er forskjell på situasjonar, men òg på kva kultur du er ein del av. Kva er likt og ulikt i måten nordmenn kommuniserer på, samanlikna med kulturen du er vaksen opp i?

Oppgåve 1: Kva er "typisk norsk" åtferd?

  1. Skriv ned nokre ord om kva det du meiner er "typisk norsk" åtferd når det gjeld

    • måtar å oppføre seg på

    • måtar å snakke på

    • kva for verdiar nordmenn er opptekne av

  2. Diskuter med medelevar. Kva har dei andre svart? Er de einige om alle punkta?

  3. Spør ein nordmann! Lag ei spørjeundersøking for å finne ut om det de kom fram til i diskusjonen, stemmer.

    • Undersøkinga kan de lage som eit skjema der folk skal svare på i kva grad dei er einige eller ueinige i påstandane.

    • Be nokon som er oppvaksne i Noreg, og har norsk som førstespråk, om å fylle ut skjemaet.

    • Jo fleire personar som svarer på undersøkinga, jo lettare er det for dykk å svare på spørsmålet: "Kva er ein typisk norsk måte å snakke og oppføre seg på?"

  4. Etter undersøkinga: Kva fann de ut? Har de forandra syn på kva som er "typisk norsk"? Forklar svaret.

  5. Tenk over og diskuter: Kva skal til for å seie at noko er "typisk norsk"? Og kva er eigentleg "ein nordmann"?

Tips til korleis de kan lage spørjeundersøkinga

  1. Bruk det de fann ut i del A til å lage påstandar skal svare på. Til dømes: "Nordmenn bruker fornamn på alle dei møter" og "Nordmenn stiller seg alltid bakarst i køen".

  2. Bruk ein skala frå 1–5 som respondentane skal krysse av på:

    • 1 = heilt ueinig

    • 2 = litt ueinig

    • 3 = verken einig eller ueinig

    • 4 = litt einig

    • 5 = heilt einig

  3. Undersøkinga må vere anonym. Dei som svarer, skal ikkje skrive namnet sitt eller andre opplysningar som gjer at nokon kan kjenne dei igjen.

  4. Test undersøkinga på nokon andre før de bruker ho. Til dømes kan ho testast på læraren for å sjå at hen forstår alt og skjønner korleis hen skal svare.

Oppgåve 2. Samanlikn med norsk

Jobb åleine og skriv ned eit kort svar først. Diskuter så med ein medelev:

  1. Korleis startar og avsluttar du ein e-post, eit brev eller ein tale på førstespråket ditt?

    • Kjenner du til døme frå fleire språk?

    • Hugsar du korleis det blir gjort på norsk?

  2. Opplever du at kommunikasjonen i førstespråket ditt er meir direkte eller indirekte, samanlikna med norsk kommunikasjonsstil? Gi døme basert på dine eigne erfaringar.

  3. Korleis snakkar du om eller til som lærarar, legar eller andre leiarar på førstespråket ditt? Bruker du fornamn, etternamn eller

    • Er det forskjell på situasjonane – til dømes om du er på skulen eller andre stader?

  4. Korleis uttrykker folk med førstespråket ditt ueinigheit eller kritikk? Er det vanleg å seie frå direkte, eller går dei varsamt fram og bruker mange ord før dei kjem til saka?

    • Korleis opplever du at nordmenn gjer akkurat dette?

  5. Kor ulik er den norske kulturen når det gjeld høflegheit, samanlikna med kulturen du er vaksen opp i? Kom med døme.

  6. Samanlikn svara dine med svara til ein medelev. Kva er de einige om? Kva gjer de ulikt?

    • Presenter det de har snakka om framfor klassen.

Oppgåve 3. Lag ein video

Gå saman i par eller grupper: Lag ein video der de viser korleis ulike og ord og uttrykk blir brukte på eit språk de vel (eller fleire språk).

De kan bruke døme frå artikkelen "Er nordmenn uhøflege?" eller dykkar eige førstespråk. Det kan òg velje døme frå andre språk de kjenner godt.

Tips:

  • ein situasjon (til dømes at du snakkar til ein lærar).

  • Snakk sakte og tydeleg.

  • Forklar kva som blir sagt, og kvifor det blir sagt slik.

  • Det kan gjerne vere humoristisk!

Oppgåve 4. Skriv ein e-post

Korleis startar og sluttar du eit brev eller ein e-post på førstespråket ditt? Er det stor forskjell på kven du skriv til? I både A og B under skal du skrive både på norsk og på førstespråket ditt.

  1. Skriv ein kort tekst til ein nær venn. Du ber vennen din om hjelp til å forstå eit vanskeleg ord.

  2. Skriv ein kort tekst om det same, men no til ein professor på universitetet.

Litt om skriftlege former på ulike språk

Høfleg norsk

På norsk var det tidlegare vanleg å starte private brev med "Kjære" følgt av namna til mottakaren. Det er ikkje så vanleg lenger, men nokon bruker "kjære" i personlege tekstar til menneske dei kjenner godt. Det mest vanlege er å begynne brev, e-postar og meldingar med "Hei". Det gjeld både formelle og uformelle meldingar.

For å avslutte formelle brev og meldingar bruker du "Vennleg helsing" eller "Med vennleg helsing" i formelle situasjonar. I meir uformelle meldingar bruker du "Helsing" eller "Beste helsing".

Høfleg polsk

På polsk bruker du høflege tiltaleformer som "Szanowny Panie" (Kjære herr), "Szanowna Pani" (Kjære fru), eller "Szanowni Państwo" (Kjære damer og herrar) når du skriv formelle tekstar. Viss du skriv til nokon du kjenner godt, kan du vere meir avslappa og bruke namnet på personen eller skrive "Cześć" / "Hej" (Hei).

Når du avsluttar ein e-post, skriv du "Z poważaniem" (Med respekt) for formelle situasjonar, mens meir uformelle helsingar inkluderer "Pozdrawiam" (Helsing) eller "Do zobaczenia" (Vi sest).

Høfleg engelsk

I formelle e-postar på engelsk kan du velje mellom "Yours sincerely" og "Yours faithfully" før du signerer med namnet ditt. Valet blir styrt av om du har adressert e-posten til ein person eller personar. I så fall blir "Yours sincerely" brukt. Har du begynt e-posten meir generelt, til dømes med "Dear Sir/Madam", blir det avslutta med "Yours faithfully".

Når du skriv ein uformell e-post på engelsk, kan du starte med til dømes "Hi" eller "Hello" og avslutte han med meir nøytrale "Kind regards" (Vennleg helsing) eller meir uformelle "Take care" (Ta vare på deg sjølv) eller "See you soon" (Sest snart).

Relatert innhald

Er nordmenn uhøflege?

Å kunne språk handlar om meir enn å lære grammatikk. Du bør òg lære kva som blir rekna som ein korrekt måte å kommunisere på i ulike samanhengar.

Skrive av Marta Nowica.
Sist oppdatert 24.01.2025