Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Kvifor bør du snakke mykje norsk?

Polske Dorota Karda meiner du bør snakke mykje norsk sjølv om det er vanskeleg. No skal du lese ein tekst om å snakke norsk, diskutere idiom frå teksten og tenke over kva du kan gjere for å snakke meir norsk.

Til læraren

Debattinnlegget "Det hjelper mykje at du prøver å snakke norsk" av Dorota Karda er henta frå Klar tale. Når de jobbar med oppgåvene til denne oppgåveressursen, er det fint om du som lærar gjer elevane med kort butid kjende med dette avistilbodet. Mange som held på å lære seg norsk, kan ha nytte av å lese nyheitsartiklar derfrå.

Klar tale er ei lettlest nyheitsavis. Ho har stor skrift og enkelt språk. Avisartiklane er spelte inn med lyd. Avisa kjem òg ut i papirutgåve kvar onsdag.

Klar tale ligg det nyheiter frå Noreg, verda, kultur og sport. I tillegg blir det lagt ut "Ukens oppgave" på nettsida til avisa. "Ukens oppgave" bygger på ein artikkel frå avisa. Det blir lagt ut spørsmål med fasit i tillegg til at ord og uttrykk blir forklarte. "Ukens oppgave" passar fint å jobbe med i undervisninga.

Del 1: Førlesing

Jobb saman to og to.

  1. Kvifor er det viktig å snakke norsk sjølv om du synest det er vanskeleg?

  2. Slå opp kva desse orda betyr i ordboka LEXIN eller ordbøkene.no viss du er usikker på betydninga:

    • innsats

    • integrere

    • strikke

    • dugnad

Del 2: Les ein tekst med tips om å lære seg norsk

Jobb individuelt.

Les debattinnlegget "Det hjelper mye at du prøver å snakke norsk" av Dorota Karda frå avisa Klar Tale.

Du kan lytte til teksten ved å trykke på den svarte trekanten der det står "Lytt til avisen" over sjølve teksten.

Del 3: Forklar idioma

Forfattaren bruker ein del i debattinnlegget sitt. Jobb saman munnleg to og to og diskuter kva idioma betyr. Diskuter òg om de er einige eller ueinige i det forfattaren skriv.

  1. Setning 1: Selv om vi mennesker er sosiale skapninger, er ikke alle like flinke til å knytte sosiale bånd.

    • Kva betyr idioma "sosiale skapninger" og "å knytte sosiale bånd"?

  2. Setning 2: Mangel på språkferdigheter kan bygge opp en høy mur.

    • Kva betyr idiomet "bygge opp en høy mur"?

  3. Setning 3: Hvis du ikke forlater komfortsonen din, vil ingenting endre seg.

    • Kva betyr idiomet "forlate komfortsonen din"?

  4. Setning 4: Det å kommunisere med andre folk er nøkkelen til å fungere godt i et samfunn.

    • Kva betyr idiomet "nøkkelen til"?

  5. Setning 5: Smil er en magisk kraft.

    • Kva betyr det at "smil er en magisk kraft"?

Del 4: Lag ei liste med tips

Kva for har Dorota Karda til personar som skal lære seg norsk? Lag ei med alle tipsa frå teksten. Under ser du eit døme på korleis du kan starte lista di:

Tips til personar som skal lære seg norsk:

  • Snakk norsk sjølv om det er vanskeleg for deg.

  • Smil til dei du møter.

Del 5: Diskuter tipsa

Jobb saman munnleg to og to. Samanfatt felles i klassen til slutt.

  1. Les tipsa de har skrive ned i del 4 høgt for kvarandre.

  2. Kva for eit tips synest de er det beste tipset? Diskuter og grunngi svaret de kjem fram til.

  3. Kva for eit tips får de lyst til å prøve ut sjølv?

  4. Korleis kan de forlate komfortsona dykkar for å lære norsk endå betre? Fortel om noko de har lyst til å prøve, men som de er litt usikre på om de .


Skrive av Elisabeth Lønning.
Sist oppdatert 08.05.2025