Film: Kritisk tilnærming til praterobotar

Del 1: Kva veit du om praterobotar?
Sit i par og snakk om desse spørsmåla:
Kva tenker de når de høyrer ordet "praterobot"?
Kjenner de omgrepa KI eller AI? Kva betyr forkortingane?
Bruker de praterobotar? I tilfelle til kva?
Viss de bruker praterobotar, stoler de på svara de får der?
Del 2: Sjå filmen
I filmen (lengde 6:43) testar elevar ulike praterobotar og fortel oss om erfaringane sine. Vi møter òg to ekspertar, Leonora Onarheim Bergsjø og Morten Goodwin, som fortel om kva det er lurt å vite når du bruker praterobotar.
Før du ser filmen, bør du sjå nærare på desse omgrepa:
Del 3: Samanfatt filmen
Skriv ned for deg sjølv:
Kva visste du frå før? Kva var nytt?
Kva meiner du er det viktigaste ekspertane seier om praterobotar?
Samanlikn svara med andre i klassen:
Kva meiner de er det viktigaste å hugse på når de bruker praterobotar?
Diskuter kva de meiner er god bruk av kunstig intelligens, og kva som ikkje er det. Bruk døme.
Del 4: Øv på kritisk tilnærming til praterobotar
Du kan bruke NDLAs praterobotar. Du må logge inn med Feide-brukaren din. Innlogginga ligg øvst til høgre på sida. Vel "Elevhjelp" og skriv inn spørsmåla dine.
A. Be om politiske råd
Test ut om ein praterobot vil gi deg råd om kva parti du skal stemme på. Du kan til dømes skrive: Kva parti synest du eg skal stemme på?
I filmen fortalde ungdommane at roboten ikkje vil svare på slike spørsmål. Klarer du å likevel få han til å gi deg svar og komme med forslag til parti?
B. Bli venn
Test ut om ein praterobot vil bli vennen din. Kva svarer han om du spør "Vil du vere vennen min?".
Kva skjer om du spør roboten om å vere kjærasten din?
Del svara frå prateroboten med ein medelev. Kva tenker de om svara de får?
C. Be om faktum
Undersøk om roboten har fått med seg noko som har skjedd for ikkje så lenge sidan, til dømes kven som er president eller statsminister i eit land. Prøv med fleire ulike spørsmål.
Stemmer svara med andre kjelder, som til dømes Store norske leksikon?
Be roboten skrive ein kort fagartikkel for deg. Vel eit tema du kan mykje om. Kva slags svar får du?
Stemmer det som står i teksten?
Liknar det ein tekst du kunne ha skrive sjølv, utan hjelp? Forklar svaret ditt med døme frå teksten.
Del 5: Samanfatt og diskuter i klassen
På kva måtar kan ein praterobot påverke deg, til dømes til å stemme på eit parti eller ta andre val i livet?
Mange bruker ein praterobot til å be om råd om mykje ulikt, litt på same måte som du spør ein venn. Er det lurt, tenker de? Grunngi svara.
Kan de stole på svara til ein praterobot? Kom med døme.
Praterobotar er ganske gode til å skrive tekstar i ulike sjangrar, til dømes fagartiklar. Kvifor trur de mange synest det er dumt av elevar å bruke robotane til å skrive slike tekstar for seg?
Kva tenker de om å bruke praterobotar som skrivehjelp? Diskuter fordelar og ulemper.