Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

Film: God kommunikasjon på jobb

Kvifor er det viktig å tenke over korleis du kommuniserer på jobb? Møt personar frå fire ulike yrkesgrupper som fortel kva dei synest er viktig.

I denne filmen møter du fire personar i ulike yrke som fortel om korleis dei kommuniserer på best mogleg måte i jobben. Nokre av orda i filmen er litt vanskelege, så les ordforklaringane før du begynner å sjå.

Ordforklaringar til filmen God kommunikasjon på jobb

Ordforklaringar IT-teknikar

Bruk
ein som bruker nokre tenester, til dømes som får hjelp med pc-en sin
IT-teknikar
ein som jobbar med å hjelpe til med pc og andre datatekniske ting
Kortslutta
her: verkar ikkje meir
Ha i bakhovudet
hugse på
Teknisk terminologi
fagspråk om teknologi (data og liknande)
Fungerer
fungerer, verkar
Flaut
pinleg
Formell
etter reglane, korrekt. Mange snakkar til dømes formelt med kundar i jobbmøte, mens dei snakkar litt mindre formelt (uformelt) på pauserommet med kollegaer.
Profesjonelt språk
språk vi bruker i formelle jobbsituasjonar, til dømes fagspråk
Face to face
frå engelsk: ansikt til ansikt, altså fysisk
Uformelt språk
språket vi bruker i det daglege utanfor jobbmøte
Te seg profesjonelt
oppføre seg profesjonelt, oppføre seg slik det er forventa i den jobben vi har
Internt fagspråk
fagspråk som folk bruker og forstår på jobben eller i eit bestemt yrke
Driftsfeil
at noko sluttar å verke som det skal, til dømes ei maskin eller eit system
Frustrert
fortvilt, lei seg
Hektisk
travelt, mykje å gjere
Underliggande/rotproblem
eit problem som er årsaka/grunnen til eit anna problem

Ordforklaringar servitør

Servitør
ein som jobbar med å servere kundar mat og drikke, til dømes på ein kafé eller ein restaurant
Eigenskap
noko som er typisk for ein person eller ein ting
Utdjupe
forklare noko endå meir
Misforståing
noko ein ikkje forstår på rett måte
Kontra:
her: i motsetning til
I djupna
å gå djupare inn i noko, sjå nærmare på noko
Basisspråk
her: eit enkelt språk
Skape eit godt band
ha god kontakt
Bord som er vanskelege å ha med å gjere
gjester ved eit restaurant- eller kafébord som ikkje er hyggelege
Betrevitar
ein person som trur hen kan alt og veit betre enn alle andre
Imøtekommande
høfleg og hjelpsam, lett å komme i kontakt med

Ordforklaringar kommunikasjonsrådgivar

Intern kommunikasjon
kommunikasjon mellom dei som jobbar på same staden
Ekstern kommunikasjon
kommunikasjon mellom tilsette og kundane/brukarane dei har
Fordel
noko som er bra eller gir deg ei betre moglegheit i ein situasjon
Facebook
eit sosialt medium der vi kan kommunisere med andre
Messenger
teneste til å kommunisere med andre gjennom chat, video, med meir
LinkedIn
eit sosialt medium der det meste handlar om jobb
Emoji
biletteikn, til dømes eit smilefjes som symboliserer at avsendar er nøgd med noko
Bilete taler for seg sjølve
når bileta gir så mykje informasjon, at det ikkje trengst tekst i tillegg
Vidareformidle
bringe vidare, gi informasjon (eller noko anna) vidare
Profil
her: informasjon om ein person
Hjartekommunikasjon
her: når du som tilsett er personleg med kunden. Du viser forståing for problemet, og prøver å løyse det på best mogleg måte for kunden.
Utfordring
noko som krev ekstra innsats for å få til
Forkorting
noko som er forkorta. Døme: Ordet til dømes blir ofte forkorta "t.d."
Utanforståande
nokon utanfrå, nokon som ikkje er del av noko
Prepaid Ticket Advice (PTA)
engelsk for førehandsbetalt billett
Misnøgd
ikkje nøgd
Avsendar
her: bedrift eller arbeidsplass som sender informasjon til ein kunde
Bodskap
det viktigaste ein avsendar vil fortelje ein mottakar

Ordforklaringar yrkessjåfør

Respektive
her: kvar for seg, kvar enkelt sin
Sortere
dele inn, fordele
Legge opp ruta
her: bestemme kven ein skal levere varer hos først
Ille kjekt
veldig bra (dialekt)
Uhyre
her: veldig
Sit saman i øy
sitje ved kontorpultar som står saman
Gods
her: varer eller ting som blir transporterte (flytte), til dømes med bil, båt eller tog
Haste
å gjere noko fort på grunn av dårleg tid
Audmjuk
her: ha respekt for andre
Behjelpeleg
hjelpsam, ville hjelpe til
Forståingsfull
ein person som vil forstå andre menneske
Tøy
her: klede
God kommunikasjon på jobb. Video: Terranova / CC BY-NC-ND 4.0

Relatert innhald

Kva er god kommunikasjon på jobb?

Kva bør du tenke over når du skal kommunisere i yrket du utdannar deg til? Kva med deg som har norsk som andrespråk? Sjå filmen og jobb med oppgåvene.

Skrive av Marthe Johanne Moe og Elisabeth Lønning.
Sist oppdatert 17.09.2024