Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Er nordmenn uhøflege?

Har du nokon gong stoppa opp og tenkt over kor forskjellig folk snakkar til kvarandre her i Noreg samanlikna med heime hos deg? Kanskje synest du nordmenn er uformelle – både i språket og måten å vere på? Denne artikkelen er polske Marta Nowicka sitt blikk på kulturelle forskjellar.

Før du les

Sjå nærare på desse fagomgrepa før du les teksten:

Kultur
Med kultur meiner vi verdiar, haldningar og måtar å leve på som er felles for fleire menneske.
Høfleg
Å vere høfleg er å ta omsyn til andre, oppføre seg fint og vise respekt.
Autoritetar
Ein autoritet er ein person som folk har respekt for og lyttar til.
Normer
Ei norm er ein regel eller noko alle er einige om at er viktig og normalt.
Formell
Noko er formelt når det er reglar og sterke forventningar til korleis noko skal gjerast, til dømes korleis du skal snakke eller kle deg.
Uformell
Uformelt betyr at det ikkje er så viktig korleis du oppfører og kler deg, det er avslappa stemning.
Generasjon
Ein generasjon er ei gruppe menneske som er omtrent like gamle.

Kva vil det seie å kunne norsk?

Å lære seg norsk handlar ikkje berre om å hugse nye ord, og korleis setningane er bygde opp. Du må òg lære kva som blir sett på som høfleg blant nordmenn, og korleis folk kommuniserer i den norske kulturen.

Vi skal sjå på nokre døme som kan gjere det lettare å forstå kva nordmenn forventar av deg. Vi bruker forskjellane mellom norsk og polsk kultur som døme, men du vil finne dei same forskjellane i mange andre kulturar òg.

Kva kjenneteiknar kommunikasjonen?

Det vi beskriv her, er . Du vil oppleve at ikkje alle nordmenn er like, og det er heller ikkje alle polakkar. Situasjonen vil påverke kva for reglar som gjeld. Det er forskjell på korleis vi snakkar til framande og til dei vi kjenner godt. Det kan òg vere forskjell på unge og gamle, og på kvar i landet folk kjem frå. Likevel er det fint å kjenne til nokre av som finst i dei to kulturane.

Kommunikasjon i Noreg

Norsk kultur er prega av tanken om at alle har lik verdi, uavhengig av kva folk har i samfunnet. Dette kjem fram i måten nordmenn kommuniserer på. Det er til dømes vanleg å bruke fornamn på kvarandre, også når vi snakkar om og med autoritetar som politikarar, lærarar og professorar. I Noreg er det heller ikkje så vanleg å bruke titlar og etternamn. Det er fordi det uformelle er spesielt viktig i Noreg, samanlikna med mange andre land.

Samtidig er det norske samfunnet òg oppteke av god åtferd og høflegheit, men på ein måte som kan verke annleis enn i andre land.

Tenk over

Kva blir rekna som høfleg i kulturen du kjem frå?

  • Er det vanleg at menn opnar dører, ber tunge koffertar og hjelper kvinner først?

  • Korleis blir eldre menneske behandla?

  • Er det eigne i språket?

I Noreg er likestilling på alle område viktig, så det er ikkje forventa at menn hjelper kvinner først. Alle blir ganske likt behandla, uavhengig av kjønn. Når du hjelper andre, er det fordi du vil hjelpe, ikkje fordi nokon tilhøyrer eit anna kjønn eller ei anna samfunnsgruppe.

Likevel set nordmenn pris på at du er høfleg. Mange vil like at du reiser deg for dei på bussen, opnar ei tung dør, eller på andre måtar gjer noko spesielt for dei – men ikkje nødvendigvis.

Kommunikasjon i Polen

I Polen er det annleis enn i Noreg. Der vil menn, både yngre og eldre, ofte hjelpe kvinner med å opne dører eller bere tung bagasje, utan å spørje først. På offentleg transport forventar ofte eldre menneske at yngre gir frå seg setet sitt.

I Polen bryr folk seg òg meir om alder, relasjon og sosial status når dei snakkar saman. Polakkar bruker ofte meir formelt språk når dei snakkar med eldre, folk dei ikkje kjenner, eller personar som har ein viktig posisjon. Det er vanleg å seie "Herr" (Panie) eller "Fru" (Pani) for å vise respekt. Desse formene blir brukte fram til folk blir betre kjende og er meir avslappa med kvarandre. Sjølv om dei unge i Polen no om dagen kan bruke meir uformelt språk, er den gamle måten å vere høfleg på, framleis viktig.

Korleis skal du oppføre deg?

Viss du er frå ein kultur som liknar den polske, vil du kanskje oppfatte nordmenn som uhøflege når dei ikkje opnar dører for kvinner eller viser respekt for eldre ved å reise seg på bussen.

Det betyr ikkje at du skal slutte å gjere det som er naturleg for deg. Som vi skreiv over, vil mange setje pris på det. Men du kan risikere at nokon blir fornærma og svarer: "Ser eg så gammal ut at eg treng å sitje?" Derfor kan det vere lurt å spørje den du vil hjelpe, om hen vil ha hjelp. Til dømes: "Treng du hjelp med kofferten?" eller "Eg skal snart gå av bussen. Vil du sitje her?"

Kommunikasjonsstil

Det er ikkje berre måten vi oppfører oss på, men òg måten vi bruker språket på, som kan påverke korleis vi oppfattar kvarandre. Ulike kulturar kan ha ulik oppfatning av kva som er den beste måten å kommunisere på.

Vi pleier å seie at nordmenn flest liker å "kalle ein for ein spade". Det betyr at dei seier ting rett ut, utan å pynte på noko eller bruke mange ord for å få fram noko.

Tenk over

Er det vanleg å seie akkurat det du meiner i kulturen du kjem frå, eller må du bruke mange ord og nærme deg saka varsamt?

Direkte nordmenn

Nordmenn er kjende for å vere rett på sak. Så dersom dei ønsker noko, vil dei seie det klart og tydeleg. Det er viktig å snakke direkte og komme raskt til poenget, utan å gå for mykje inn i unødvendige detaljar. Dette kan sjølvsagt variere alt etter situasjonen, men å snakke direkte og rett på sak er spesielt viktig i jobbsamanhengar. Då set folk spesielt stor pris på at kommunikasjonen er tydeleg og direkte, slik at ingen misforstår.

Nordmenn bruker ikkje så mange ord, og dei liker ikkje å gjere ting meir kompliserte enn dei er. Viss du til dømes seier nei til eit tilbod om noko å drikke i Noreg, blir dette teke som eit endeleg svar.

Det er òg heilt greitt å ha pausar i samtalar med ein nordmann. Det betyr berre at du lyttar og tenker på det neste du skal seie.

Indirekte polakkar

I Polen kan folk snakke rundt det dei eigentleg vil seie. Der forventar dei at du forstår hinta dei gir, at du forstår kva det handlar om ut frå situasjonen. Polakkar bruker òg ofte fine ord eller mildande språk når dei spør om noko eller seier meininga si. Det er for å vere sikre på at dei ikkje sårar nokon. Det gjeld spesielt i formelle situasjonar.

I Polen er det til dømes ofte slik at du seier nei ved første tilbod om noko å drikke, sjølv om du er tørst. Det blir sett på som høfleg, og det er vanleg å takke ja når du blir spurd igjen.

Døme: Polakkar startar gjerne spørsmål med "Unnskyld at eg forstyrrar deg, men eg ville berre spørje om…". I Noreg kan du òg starte slik i ein del situasjonar. Det kan vere når du faktisk forstyrrar nokon, eller spør nokon du ikkje kjenner om noko. Då kan du seie: "Unnskyld, men kan du hjelpe meg?" I uformelle situasjonar er det derimot vanleg å starte med: "Kan eg spørje deg om ..."

Skriftleg kommunikasjon

Når du skriv, er det viktig å tenke på at orda du vel, påverkar korleis teksten din blir oppfatta. Orda kan gjere teksten din formell (veldig høfleg) eller uformell (meir avslappa). Uavhengig av kva for eit språk du skriv på, er det viktig å tenke på kven du skriv til, og kva slags forhold du har til dei. Dette hjelper deg med å velje rette ord og gjere teksten din så formell eller uformell som er passande.

Tenk over

  • Korleis startar og sluttar du ei melding til ein venn? Er det ulikt frå korleis du skriv til ein lærar?

  • Kva med norsk samanlikna med førstespråket ditt? Startar og sluttar du meldingane på same måten?

Finst det ein fasit?

Vi starta med å spørje om nordmenn er uhøflege. Svaret er at dei aller fleste menneske er opptekne av å bli likte og forståtte av andre. For å oppnå det tilpassar dei seg normene for kommunikasjon som finst i samfunnet rundt dei. Kva som er høfleg eller ikkje, er bestemd av situasjonen, og mykje forandrar seg frå generasjon til generasjon. Slik er det i alle land. Vi er så høflege som vi opplever at folk rundt oss, forventar at vi skal vere.

Når vi møter kulturar der det er andre forventningar enn dei vi er vane med, kan vi synast det andre gjer, er rart, og kanskje òg uhøfleg. Litt etter litt venner vi oss til det. Om du vil halde fram med å følge normene du er van med eller ikkje, vel du sjølv. Det er antakeleg eit godt råd å seie at det er betre å vere litt meir formell og høfleg enn å ikkje vere det – same kvar du er i verda.

Relatert innhald

Kva er høfleg og uhøfleg?

Kva er høfleg og uhøfleg i ulike kulturar? Utforsk forskjellen på norsk kultur og andre kulturar du kjenner godt.

Kjelder

Bulawka, H. M., Molek, J., & Woźniak, J. (2023). Wh-en East Meets West: Polish Business Communication from a Cross-Cultural Perspective. Journal of Intercultural Communication, 98–108. 10.36923/jicc.v23i2.188

Chan, T., Birkelund, G., Aas, A. & Wiborg, Ø. (2011). Social Status in Norway. European Sociological Review 27(4), 451–468. 10.1093/esr/jcq019

Dankertsen, A. & Lo, C. (2023). Introduction. The End of Norwegian Egalitarianism? Limits and challenges to a cherished idea. (pp. 9–21). Universitetsforlaget. 10.18261/9788215059839-23-01

Poland – IOR. (2018, April 13). IOR./https://www.iorworld.com/resources/poland/

Sztabnicka-Gradowska, E. (2017). Model polskiej grzeczności językowej w nauczaniu języka polskiego jako obcego. Perspektywa interkulturowa. [Doktorgradsavhandling]. Universitetet i Łódź. 132607576.PDF

Wierzbicka, A. (1999). Emotions Across Languages and Cultures. Emotions Across Languages and Cultures: Diversity and Universals. Cambridge.

Skrive av Marta Nowicka.
Sist oppdatert 04.03.2024