Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Bokmål og nynorsk

Vi har to skriftspråk i Noreg: bokmål og nynorsk. Men kvifor har vi eigentleg to skriftspråk? Og kva kan du som har norsk som andrespråk gjere for å forstå tekstar på begge skriftspråka?

Før du les

Sjå på desse fagomgrepa før du les vidare:

skriftspråk
språk som blir brukt skriftleg. I Noreg har vi to skriftspråk: bokmål og nynorsk.
målform
eit anna ord for skriftspråk, altså skriftleg språk
bokmål
offisielt norsk skriftspråk
nynorsk
offisielt norsk skriftspråk
hovudmål
Det skriftspråket (bokmål eller nynorsk) som ein elev har valt som hovudmålet sitt i skulen
sidemål
det skriftspråket eleven lærer i tillegg til hovudmålet – anten bokmål eller nynorsk
talespråk
måten vi snakkar på, munnleg språk

Kvifor har vi bokmål og nynorsk?

Norsk er eitt språk, men vi har to måtar å skrive det på: bokmål og nynorsk. Det er ikkje vanleg i andre land. Mange land har fleire offisielle språk, men i Noreg har vi to skriftspråk som viser til det same språket. Kvifor er det slik? Vi må sjå på noko som skjedde på 1800-talet.

Kvifor har vi bokmål?

Visste du at bokmål eigentleg kjem frå dansk? Noreg var i union med Danmark frå 1380 til 1814. I denne tida brukte dei som styrte Noreg, dansk skriftspråk. Då Noreg blei skild frå Danmark i 1814, begynte vi å forandre dansk skriftspråk for å gjere det norskare. I løpet av 1800- og 1900-talet blei rettskriving og grammatikk forandra litt etter litt, slik at skriftspråket likna meir på norsk tale. Slik blei bokmål til.

Kvifor har vi nynorsk?

Visste du at nynorsk er inspirert av dei norske dialektane? Då Noreg blei sjølvstendig i 1814, var det nokon som meinte at Noreg burde få sitt eige skriftspråk som likna det nordmenn flest snakka, og ikkje dansk. Ein av dei som meinte at dette var viktig for det norske , var Ivar Aasen.

Aasen reiste rundt i Noreg og skreiv ned ord frå norske dialektar. Han brukte dette til å lage ein eigen nynorsk grammatikk og nynorsk ordbok. Fleire forfattarar og journalistar begynte å bruke nynorsken. Etter kvart kom nynorsken inn i skulen.

I 1885 blei nynorsk offisielt godkjent. Då kunne nordmenn velje sjølv kva skriftspråk dei ville skrive. Slik er det framleis. Dette er altså grunnen til at vi har to skriftspråk i Noreg i dag.

Visste du at ...

Då Ivar Aasen laga det nye norske språket, kalla han det for "landsmålet". Det skulle vere språket (målet) til det norske folket. Då tenkte han på dei som budde på bygdene, ikkje dei som budde i byane. I byane blei det nemleg brukt dansk, eller eit dansk.

Kor mange skriv på bokmål og nynorsk?

Rundt 90 % av befolkninga i Noreg har bokmål som hovudmål, mens omtrent 10 % har nynorsk som hovudmål. Mange av dei som har nynorsk som hovudmålet sitt, bur på Vestlandet, i Nord-Gudbrandsdalen og i Telemark.

Tenk over

Korleis påverkar det deg som har norsk som andrespråk, at det er to ulike skriftspråk i Noreg?

Når lærer norske elevar dei to skriftspråka?

På barneskulen må elevane ha same hovudmål som kommunen har. Dei norske elevane les og skriv på dette hovudmålet. I tillegg må elevane lære seg å lese og forstå sidemålet. Sidemål er det skriftspråket elevane ikkje har som hovudmålet sitt. Frå femte trinn skal elevane òg prøve å skrive tekstar på sidemålet sitt. Når elevane kjem på ungdomsskulen og vidaregåande, kan dei velje hovudmål sjølv.

Fritak frå sidemål

Nokre elevar får fritak frå sidemål. Det betyr at dei berre kan komme opp i eksamen i hovudmål, og dei slepp å skrive på sidemålet sitt. Men dei som har fritak, skal likevel kunne forstå sidemålet og delta i undervisninga. Vanlege årsaker til fritak er lese- og skrivevanskar, eller at eleven har eit anna førstespråk enn norsk.

Kva med deg som følger læreplanen kort butid?

Ikkje vurdering i sidemål

Viss du følger læreplanen for språklege minoritetar med kort butid i Noreg, skal du ikkje ha vurdering i sidemål. Det betyr at du berre skriv på hovudmålet ditt på prøvar og eksamen.

Du skal likevel kunne lese og forstå tekstar på begge skriftspråk i undervisninga og på eksamen. Det er vanleg at eksamensoppgåver kan innehalde tekstar på begge målformer, sjølv om du har fritak i sidemål.

Bokmål og nynorsk i undervisninga

Tekstane i undervisninga skal passe for deg, men dei kan vere både på bokmål og nynorsk. Lærarane vel tekstar som du kan forstå med litt innsats, til dømes ved å

  • bruke ordbok

  • vere nysgjerrig og lære nye ord

  • forstå hovudinnhaldet

  • spørje om hjelp

Kjelde

norsk. (2024). I Store norske leksikon. Henta frå https://snl.no/norsk

Relatert innhald

Skrive av Elisabeth Lønning.
Sist oppdatert 11.06.2025