Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Interaktivt innhald

Adjektiv og adverb

Desse to ordklassane er lette å blande. Lær om ordklassane og få nokre enkle tips om korleis vi skil dei frå kvarandre.

Adjektiv

Adjektiv er ord som beskriv substantiv. I setninga Du er ei flink, lita jente! er det to adjektiv som begge beskriv substantivet "jente", nemleg "flink" og "liten".

Samsvarsbøying

Dei fleste adjektiv blir bøygde ordet dei beskriv. Men somme adjektiv kan ikkje bøyast:

  • ei stor nyheit, eit stort behov, store endringar
    Adjektivet "stor" kan bøyast etter kjønn og tal.

  • ein arbeidsplass, eit rotete rom, rotete notat
    Adjektivet "rotete" kan ikkje bøyast etter kjønn og tal.

Gradbøying

Dei fleste adjektiv kan . Vi skil mellom tre gradar:

  • positiv
  • komparativ
  • superlativ

Positiv er grunnforma: snill, moderne, liten.

Komparativ er ei sterkare grad: snillare, meir moderne, mindre.

Superlativ er den sterkaste graden: snillast, mest moderne, minst.

Adverb

Dei fleste adverb er småord som fortel noko om tid, stad eller . Vi deler dei inn fleire ulike grupper:

Tidsadverb

Tidsadverb gir svar på spørsmål om når noko skjer eller har skjedd:

  • Ho kjem no.
  • Etterpå skal vi på kino.
  • Dei har nettopp gått.

Stadsadverb

Stadsadverb gir svar på spørsmål om kvar, kvar hen eller kvar frå:

  • Vi bur her.
  • Han skal dra herifrå i morgon.
  • Kom inn!

Måtesadverb

Det finst nokre få adverb som seier noko om måte:

  • Eg er redd vi må gå gjennom denne lange teksten .
  • Ikkje sjå på meg slik!
  • De får ligge .

Setningsadverb

Setningsadverb er småord som til dømes ikkje, , aldri, heldigvis, dessverre.

Dei kan forandre betydninga til heile setninga. Sjå til dømes på desse setningane:

  • Eg liker deg.

  • Eg liker deg ikkje.

  • Du må alltid rydde etter deg.

  • Du må aldri rydde etter deg.

Gradsadverb

Sjå til dømes korleis adverba "nok", "litt" og "høgt" beskriv verba i desse setningane:

  • No har vi ete nok.
  • Du må vente litt.

  • Eg roper veldig høgt.

Spørjeadverb

Spørjeadverb innleier spørjesetningar:

  • Kvar bur du?
  • Når kjem han?
  • Korleis har du det?

Kva er forskjellen på adjektiv og adverb?

For å unngå å blande dei to ordklassane kan du lære deg desse to reglane:

1. Adjektiv beskriv substantiv. Det kan ikkje adverb.

Hovudregelen er at adjektiv beskriv eit substantiv, mens adverb beskriv verb eller adjektiv.

Døme

  1. Den raske guten spring.
  2. Den ganske raske guten spring.

I den første setninga beskriv ordet "rask" til eit substantiv, nemleg "guten". Rask er eit adjektiv.

Den andre setninga er utvida med adverbet "ganske". Som du ser, beskriv "ganske" eit adjektiv, nemleg ordet "rask". Ordet ganske er eit adverb.

2. Du kan ikkje bøye adverb i kjønn og tal. Men nokre få adverb kan ha gradbøying.

Veldig mange adverb kan ikkje bøyast i det heile: no, aldri, ganske. Men enkelte adverb kan gradbøyast, til dømes

  • lenge – lengre – lengst

  • ofte – oftare – oftast

  • mykje – meir – mest

  • gjerne – heller – helst

Adjektiv eller adverb? Test deg sjølv!

Relatert innhald

Tidsadverb

Kva er tidsadverb, og korleis skal du bruke dei på norsk?

Stadsadverb

Kva er stadsadverb, og korleis skal du bruke dei på norsk?

Skrive av Marion Federl, Åsa Abusland og Marthe Johanne Moe.
Sist oppdatert 28.01.2026