Å eige noko på norsk og andre språk

Del 1: Om å eige noko på ulike språk
Set om desse setningane til førstespråket ditt. Viss det er fleire måtar å omsetje dei på, skriv alle dei ulike måtane:
Det er mamma sin bror.
Eg kjøpte Peters bil.
Marker frasane "mamma sin bror" og "Peters bil" i setningane du no har skrive på førstespråket ditt. Dette er frasar som handlar om å eige noko.
Gå opp til tavla ein og ein. Alle skriv setningane sine på tavla. Forklar høgt korleis førstespråket ditt viser kven som eig noko. Dette gjer du ved å setje ring rundt eller streke under frasen "mamma sin bror" og "Peters bil" i omsetjinga di.
Klarer de å setje om dei to norske setningane til eit anna språk også – til dømes engelsk? Skriv på tavla og diskuter korleis språket viser at nokon eig/har noko.
Du kan skrive setningane Det er mamma sin bror og Eg kjøpte Peters bil på to andre måtar på norsk, slik at dei betyr akkurat det same. Korleis då? Diskuter og skriv på tavla. (Hint: preposisjon og eigedomsord)
Les fagartikkelen "Korleis seie at nokon eig noko på norsk?".
Oppsummer i grupper:
Korleis kan vi vise kven som eig noko på tre ulike måtar på norsk?
Kva for ein av dei tre måtane pleier du å bruke når du snakkar eller skriv norsk?
Er det nokon måtar du sjelden bruker?
Sjå på tavla der de har skrive kven som eig noko på ulike språk. Liknar måtar norsk viser kven som eig noko på, på måten nokon av førstespråka dykkar viser det? Forklar.
Del 2: Vis eigeforhold på tre måtar
Sit i grupper på tre. Ein sit med pc og les setninga på kortet høgt. Dei to andre prøver å seie setninga på to andre måtar. Den som har pc, snur kortet og ser om dei på gruppa har gjort det riktig.
Målet er at de skal bruke både
s-genitiv
preposisjonen "til"
eigedomsord
Del 3: Øv på å lage eigeforhold med s-genitiv
I oppgåva under er det brukt preposisjonen "til" for å vise kven som eig noko. Skriv frasen om med s-genitiv.
Døme
Det står:
Buksa til Peter er raud. (preposisjon)
Du skal skrive:
Peters bukse er raud. (-s genitiv)
Del 4: Øv på å lage eigeforhold med "til" som preposisjon
I oppgåva under er det brukt eigedomsord for å vise kven som eig noko. Skriv frasen om med preposisjonen "til".
Døme.
Det står:
Guten si bukse er raud. (eigedomsord)
Du skal skrive:
Buksa til guten er raud. (preposisjonen "til")
Del 5: Øv på å lage eigeforhold med eigedomsord
I oppgåva under er det brukt s-genitiv for å vise kven som eig noko. Skriv frasen om med eigedomsord. Du skal setje eigedomsordet framfor substantivet det står til.
Det står:
Marias bukse er raud. (s-genitiv)
Du skal skrive:
Maria si bukse er raud. (eigedomsord framfor substantivet)
Del 6: Skriv sjølv
Skriv flest mogleg setningar med frasar som viser kven som eig noko. Du kan til dømes skrive om familien din (pappa si søster, mamma sin far ...). Prøv å bruke alle måtane du har lært å skrive om kven som eig noko på, i denne oppgåva.
Relatert innhald
Kva er peikeord, og korleis bruk du dei?
Øv på peikeord på norsk. Eit anna ord for peikeord er demonstrativ.