Utforsk stemma i dikt

Før du svarer på oppgåva under, bør du ha jobba med fagartikkelen "Kva er eit lyrisk eg?" .
Del 1: Snakk saman om fagomgrep
Jobb saman munnleg to og to.
Kva er lyrikk?
Kva er eit lyrisk eg?
Kva oppnår forfattaren ved å bruke eit lyrisk eg i eit dikt?
I nokre dikt er det eit "du", eit "vi" eller "dei" som er stemma i diktet, i staden for eit lyrisk eg. Diskuter korleis dette kan påverke lesinga og opplevinga av diktet.
Del 2: Reflekter over stemma i dikta
Jobb saman munnleg to og to.
Les diktet "Jeg pakker tingene mine i en liten koffert" av Selma M. Yonus og diktet "To skrik" av Haile Bizen høgt for kvarandre to gonger.
Korleis opplever de det lyriske eget i dei to dikta? Forklar og grunngi med døme frå dikta. Hugs å bruke fagspråk som lyrisk eg, verselinje og strofe.
Kva skjer om de byter ut det lyriske eget med eit "du" eller eit "vi" i dei to dikta? Vekker dikta andre kjensler då? Grunngi svaret.
Del 3: Reflekter over eit lyrisk eg
Jobb saman munnleg to og to.
Les diktet "Søsteren min er et univers" av Ole Jørgen Kind, men ikkje les ingressen som står først. Snakk saman om korleis de opplever diktet.
Les ingressen til diktet "Søsteren min er et univers". Ingressen fortel historia bak diktet.
Korleis påverkar informasjonen i ingressen korleis de opplever diktet? Grunngi svaret.
Del 4: Skriv eit avsnitt om lyrisk eg
Vel eit av dikta i del 2 eller 3. Skriv eit avsnitt om det lyriske eget i dette diktet og korleis stemma i diktet påverkar opplevinga av diktet.
Del 5: Skriv eigne dikt
Skriv to eigne dikt med tema kjærleik eller vennskap. Utforsk ulike stemmer i dikta du skriv, ved å velje blant nokre av forslaga under:
Skriv eit dikt med lyrisk eg.
Skriv eit dikt med "du" som stemme.
Skriv eit dikt med "vi" som stemme.
Les dikta høgt for ein annan i klassen. Reflekter over korleis val av stemme i dikta påverkar lesaren, og korleis det fungerer som språkleg verkemiddel.
Relatert innhald
Kva er eit lyrisk eg i eit dikt?