Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Lyrisk eg i dikt

I mange dikt er det eit eg som er stemma. Kva oppnår forfattaren ved å skrive "eg" i staden for "du" eller "vi" i diktet sitt?

Før du les

Desse fagomgrepa blir brukte og forklarte i løpet av teksten:

lyrisk eg
stemma eller forteljaren i eit dikt
lyrikk
dikt eller poesi. Det er ein type tekst som ofte vekker kjensler
symbol
noko som står for litt meir eller noko anna enn seg sjølv, som til dømes at eit hjarte symboliserer kjærleik
funksjon
fortel noko om kva oppgåve eller rolle noko har i teksten. Overskrifta kan til dømes ha som funksjon å vekke interesse eller seie noko om kva ein tekst handlar om.

Kva er eit lyrisk eg?

Dikt blir òg kalla lyrikk. Stemma i diktet, altså den som fortel, kallar vi for det lyriske eget når stemma er i eg-form. Denne stemma fortel ofte om kjensler, tankar eller noko ho har opplevd.

Kvifor forfattaren bruker eit lyrisk eg

Lesaren opplever diktet meir personleg når det er eit lyrisk eg i diktet. Det er altså eit mykje brukt verkemiddel for å vekke kjensler hos den som les diktet.

Er forfattaren alltid stemma i diktet?

Det er lett å tru at forfattaren alltid skriv om seg sjølv når hen bruker eit lyrisk eg i diktet sitt, men slik er det ikkje. Kanskje er og i diktet inspirert av noko forfattaren sjølv har opplevd, men det treng ikkje vere slik.

Korleis kan du analysere stemma i diktet?

Det er viktig at du legg merke til stemma i diktet du les. Tenk over kva det lyriske eget har. Får diktet eit meir personleg preg? Vekker det kjensler som til dømes sorg, , sinne eller glede?

Legg merke til det lyriske eget i sitatet frå slutten av den siste strofa i diktet "Moren min er en saks" av Gro Dahle.

Uansett hvor fort jeg

løper, er det ikke fort nok. Uansett hvor langt jeg

løper, kommer jeg alltid tilbake til kveldsmat.

(Dahle, 1996)

Her får diktet "Moren min er ei saks" eit meir personleg preg ved å bruke eit lyrisk eg. Vi som les diktet, får med at eget har det vanskeleg i med mora. Stemma i diktet kjem tydeleg fram som ein person som kjenner seg kontrollert av mor si.

Andre stemmer i dikt

Det er ganske vanleg med eit lyrisk eg i dikt, men ikkje alle har det. Somme dikt har til dømes eit "vi", eit "dei" eller eit "du" som stemma si.

Eit døme frå Inger Hagerup

Diktet "Aust-Vågøy" er skrive under andre verdskrigen. Les utdraget og tenk over: Kven får lesaren sympati med når forfattaren skriv "de" og "våre"?

De brente våre gårder

De drepte våre menn

La våre hjerter hamre

det om og om igjen.

(Hagerup, 1945)

Kan det lyriske eget symbolisere noko eller nokon?

MAUREN

Liten?
Jeg?
Langtifra.
Jeg er akkurat stor nok.

(Hagerup, 1971)

I utdraget frå diktet "Mauren" står spørsmåla "Liten? Jeg?". Svaret kjem i dei to neste verselinjene: "Langtifra. Jeg er akkurat stor nok".

Av og til kan det lyriske eget symbolisere noko menneskeleg, sjølv om eget er eit dyr eller noko anna. Dette sitatet frå diktet "Mauren" kan få oss til å tenke at også vi som menneske er gode nok som vi er.

Kjelder

Dahle, G. Hundre tusen timer. 1996. Cappelen Damm.

Hagerup, I. Så rart, 1971. Aschehoug.

Hagerup, I. Videre, 1945. H. Aschehoug & co.

Relatert innhald

Utforsk stemma i dikt

Undersøk korleis lyrisk eg og andre stemmer i dikt verkar inn på opplevinga av diktet.

Skrive av Elisabeth Lønning.
Sist oppdatert 02.06.2025