Utforsk kronologien i novella "Gutten"

Del 1: Les novella i grupper
Les novella "Gutten" av Margaret Skjelbred.
Det er fint om de sit i grupper og byter på å lese avsnitt i novella høgt for kvarandre. Då kan de òg diskutere om det er ord eller setningar de ikkje forstår.
Del 2: Skriv åleine
Skriv på ark eller pc:
Kva meiner du er konflikten i novella – altså problemet som driv handlinga framover?
Kva meiner du er temaet?
Beskriv starten av novella. Bruk fagomgrepa frå fagartikkelen "Korleis startar historia?"
Beskriv korleis novella er bygd opp. Bruk fagomgrepa frå fagartikkelen "Korleis blir historia fortald?"
Teikn opp spenningskurva og bruk fagomgrepa frå fagartikkelen "Spenningskurva i skjønnlitteratur".
Beskriv avslutninga i novella. Bruk fagomgrepa frå fagartikkelen "Korleis sluttar historia?"
Del 3: Diskuter i grupper
Gå saman i grupper på tre eller fire. Samanlikn svara dykkar på spørsmåla frå del 2.
Gå i djupna på novella
Det er på tide å utforske korleis kronologi, tema og konflikt heng saman. Diskuter desse spørsmåla i gruppa:
Les innleiinga under.
Korleis beskriv forfattaren guten?
Kvifor trur de guten er beskriven slik?
Gutten er så liten at når han sitter helt tilbake i togsetet, står beina hans i en skrå vinkel ut i lufta. Men han er stor nok til å reise aleine med toget.
Han har fått småpenger av faren til å kjøpe brus og sjokolade, og noe å spise hvis han blir sulten igjen etter at matpakka er spist opp. Men den store pengen har han i en pose rundt halsen. (Skjelbred, 2019)
Tekst: Margaret Skjelbred / Avgrensa gjenbrukNotidshandlinga går føre seg på toget og er fortald kronologisk. Men det er nokre tilbakeblikk i novella. Les tilbakeblikka under og diskuter korleis desse gir deg som lesar meir innsikt i konflikten og temaet i novella:
Bruk noen av dem til å kjøpe noe ordentlig godt til deg og mamma på nyttårsaften. Og så sparer du resten så du kan gå ut og kjøpe deg mat hvis mamma glemmer å handle [...]
Og så var han i fanget hennes et øyeblikk, klemt tett inn mot magen, så tett at han kunne kjenne den nye søsteren sparke, en vennlig liten hilsen[...]
– Ha det godt, vennen min. Vi ser deg i vinterferien, det er jo ikke så lenge til [...]
Og så – han kan høre gråten i stemmen hennes – munnen er helt tett ved øret hans, kinnet varmt mot hans eget:
– Du kan komme og bo her, vet du! (Forbudt! Det er forbudt å si det!) [...]
Når moren hans hyler "Drrittunge!" til ham hvis han glemmer å ta av seg støvlene før han går inn, vet han at han må sitte stille på rommet sitt og leke med Lego etter at han har gjort leksene og vært ute og handlet for henne [...]. (Skjelbred, 2019)
Tekst: Margaret Skjelbred / Avgrensa gjenbrukLes avslutninga av novella.
Kva slags kjensler vekker avslutninga i dykk? Kvifor?
Kvifor skriv forfattaren om "en våt hundevalp" og "den store sanktbernhardshunden"?
Kvifor trur de forfattaren har valt å avslutte novella på nettopp denne måten?
Han hører skriket i bremsene, men smellet da bilen treffer, hører han ikke. Han seiler inn gjennom snøen, inn i det mørke snøraset med en våt hundevalp i armene, og det siste han får et glimt av før mørket, er den store sanktbernhardshunden med tønne rundt halsen, som han vet vil komme for å lete etter ham. (Skjelbred, 2019)
Tekst: Margaret Skjelbred / Avgrensa gjenbruk
Relatert innhald
Novelle av Margaret Skjelbred, med ordforklaringar for deg som held på å lære norsk.