Utforsk BookBites
- Ei innføring i BookBites(PPTX)
Oppgåve 1. Laste ned og låne i BookBites
Svar på oppgåvene munnleg saman med ein annan elev:
Korleis lastar du ned appen BookBites?
Korleis registrerer du ny brukar i BookBites?
Korleis låner du ei bok i BookBites?
Kva symbol er det for lydbøker i BookBites?
Kva symbol er det for e-bøker i BookBites?
Kva kan du gjere viss boka er utlånt?

Oppgåve 2. Utforsk bøker i BookBites
Del 1: Søk på bøker
Søk på bøker av kjende forfattarar i BookBites. Er det nokon av bøkene som er ledige av desse forfattarane? Er det nokon av dei du får lyst til å låne?
Gro Dahle
Torbjørn Egner
Zeshan Shakar
Astrid Lindgren
Maja Lunde
Simon Stranger
Del 2: Lag ei liste
Lag deg ei liste med fem bøker du gjerne vil lese ut frå eigne interesser.
Del lista med ein annan i klassen og forklar kvifor det er desse bøkene du er interessert i.
Undersøk saman med ein annan i klassen om nokon av bøkene er tilgjengelege i BookBites.
Oppgåve 3. Undersøk ulike sjangrar
Bøkene er òg sorterte på sjangrar. Du finn sjangrane sortert øvst på nettsida.
Svar på oppgåva munnleg saman med ein annan elev:
Forklar kvarandre kva de trur er innhaldet i dei ulike sjangrane ut frå namnet og illustrasjonen.
Dei ulike sjangrane er:
roman
krim
historisk
humoristisk
spenning
romantisk
science fiction
grøssar
dagbok
essay
dikt
novelle
Døme: Eg trur sjangeren "krim" inneheld mystiske og skumle bøker. Illustrasjonen viser eit auge og eit forstørringsglas. Det trur eg er fordi vi som lesarar kan vere detektivar når vi les, og kan finne ut kva som har skjedd.

Oppgåve 4. Utforsk innstillingar i BookBites
Utforsk innstillingane i BookBites saman med ein annan elev. Snakk saman om kva de gjer for å finne fram i appen. Då er det lettare å hugse til seinare.
Lån ei e-bok i BookBites.
Trykk på innstillingshjulet på framsida av boka.
Test ut dei ulike innstillingane som det er mogleg å teste ut, mellom anna linjefokus og opplesarstemme.
Finn eit ord i e-boka som du vil finne ut kva betyr. Marker ordet og trykk på "Søk" eller forstørringsglaset. Fekk du ei grei forklaring på ordet, eller finst det meir effektive måtar å finne ut kva ordet betyr på? Grunngi svaret ditt.
Lever boka tilbake ved å trykke på blyanten når du står i "Bibliotek". Trykk på dei tre prikkane som kjem opp, og så på "Innlever".
Utforsk forskjellen mellom e-bok og lydbok. Kva passar best for deg? Grunngi svaret ditt.

Relatert innhald
Lær meir om korleis du som lærar kan presentere BookBites for elevane dine.