Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Utforsk BookBites

Til læraren

Før elevane jobbar med desse oppgåvene, bør de ha jobba med fagartikkelen "Bruk BookBites" i klassen.

Oppgåve 1. Laste ned og låne i BookBites

Svar på oppgåvene munnleg saman med ein annan elev:

  1. Korleis lastar du ned appen BookBites?

  2. Korleis registrerer du ny brukar i BookBites?

  3. Korleis låner du ei bok i BookBites?

  4. Kva er det for lydbøker i BookBites?

  5. Kva symbol er det for e-bøker i BookBites?

  6. Kva kan du gjere viss boka er utlånt?

Oppgåve 2. Utforsk bøker i BookBites

Del 1: Søk på bøker

Søk på bøker av kjende forfattarar i BookBites. Er det nokon av bøkene som er ledige av desse forfattarane? Er det nokon av dei du får lyst til å låne?

  1. Gro Dahle

  2. Torbjørn Egner

  3. Zeshan Shakar

  4. Astrid Lindgren

  5. Maja Lunde

  6. Simon Stranger

Del 2: Lag ei liste

  1. Lag deg ei liste med fem bøker du gjerne vil lese ut frå eigne interesser.

  2. Del lista med ein annan i klassen og forklar kvifor det er desse bøkene du er interessert i.

  3. Undersøk saman med ein annan i klassen om nokon av bøkene er i BookBites.

Oppgåve 3. Undersøk ulike sjangrar

Bøkene er òg på sjangrar. Du finn sjangrane sortert øvst på nettsida.

Svar på oppgåva munnleg saman med ein annan elev:

Forklar kvarandre kva de trur er innhaldet i dei ulike sjangrane ut frå namnet og .

Dei ulike sjangrane er:

  • roman

  • krim

  • historisk

  • humoristisk

  • spenning

  • romantisk

  • science fiction

  • grøssar

  • dagbok

  • essay

  • dikt

  • novelle

Døme: Eg trur sjangeren "krim" inneheld og skumle bøker. Illustrasjonen viser eit auge og eit . Det trur eg er fordi vi som lesarar kan vere når vi les, og kan finne ut kva som har skjedd.

Oppgåve 4. Utforsk innstillingar i BookBites

Utforsk i BookBites saman med ein annan elev. Snakk saman om kva de gjer for å finne fram i appen. Då er det lettare å hugse til seinare.

  1. Lån ei e-bok i BookBites.

  2. Trykk på innstillingshjulet på framsida av boka.

  3. Test ut dei ulike innstillingane som det er mogleg å teste ut, mellom anna linjefokus og opplesarstemme.

  4. Finn eit ord i e-boka som du vil finne ut kva betyr. Marker ordet og trykk på "Søk" eller forstørringsglaset. Fekk du ei grei forklaring på ordet, eller finst det meir e måtar å finne ut kva ordet betyr på? Grunngi svaret ditt.

  5. Lever boka tilbake ved å trykke på blyanten når du står i "Bibliotek". Trykk på dei tre prikkane som kjem opp, og så på "Innlever".

  6. Utforsk forskjellen mellom e-bok og lydbok. Kva passar best for deg? Grunngi svaret ditt.



Relatert innhald

Bruk BookBites

Lær meir om korleis du som lærar kan presentere BookBites for elevane dine.

Skrive av Elisabeth Lønning.
Sist oppdatert 22.04.2025