To døme på portrettintervju - Norsk kort butid (SF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

To døme på portrettintervju

Korleis ser eit portrettintervju ut? Les to portrettintervju av ungdommar som har flytta til Noreg.

Dette er ein del av ein læringssti. Gå til artikkelen "Kven er dei andre, eigentleg?" for å komme til det første trinnet.

Døme 1: Portrettintervju av Selin

Selin – sosial, elskar bøker og å prate

Selin er 16 år gammal og kjem frå Tyrkia. Ho flytte til Noreg for tre år sidan. "Det var spennande, men skummelt å begynne på nytt", seier ho. Selin bur i Trondheim og går på vidaregåande skule.

Sosiale Selin

Selin elskar å vere sosial. "Eg liker å møte nye menneske", fortel ho. Ho går ofte på kafé med vennene sine etter skulen. "Kaféane her er koselege", seier ho med eit smil. Selin liker å fortelje historier og le saman med vennene. "Det er alltid noko nytt å snakke om", seier ho og ler.

Selin elskar bøker

I tillegg til å vere sosial elskar Selin å lese bøker. "Bøker gir meg ro", seier ho. Favorittbøkene hennar er romanar og fantasy-historier. "Eg går ofte på biblioteket for å finne nye bøker", fortel ho. "Men eg saknar tyrkiske bøker. Det er vanskeleg å lese på norsk".

Det nye livet i Noreg

Selin ønsker å lære meir norsk og bli betre kjend med kulturen. "Eg vil bygge eit nytt liv her", avsluttar ho. "Det er så mykje spennande å oppdage!"

Døme 2: Portrettintervju med Marko

Marko – guten som elskar musikk

Marko er 18 år gammal og kjem frå Ukraina. Han flytte til Noreg for to år sidan. "Det var ei stor forandring", seier han. Marko bur i Elverum og går i første klasse på vidaregåande skule.

Marko elskar musikk

Marko elskar hip-hop-musikk. "Det gir meg energi", fortel han. Han speler òg gitar og skriv eigne songar. "Musikk er viktig for meg", seier han med entusiasme. I tillegg til musikken liker Marko å spele fotball. "Eg speler med vennene mine i helgane", fortel han.

Å snakke norsk

Marko synest det er vanskeleg å snakke norsk. "Språket er utfordrande", seier han. Men han er motivert for å lære. "Eg vil jobbe hardt for å bli betre", legg han til.

Bestefar i Ukraina

Han saknar bestefar sin heime i Ukraina. "Han var bestevennen min", seier Marko med eit trist smil. Heldigvis snakkar dei saman på telefonen kvar veke, og han veit at bestefaren kjenner seg trygg. Bestefaren seier òg til Marko at han må jobbe hardt. "Eg vil gjere bestefar min stolt", seier Marko til slutt og smiler.

Skrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 29.10.2024