Gjennomfør intervjuet
Dette er ein del av ein læringssti. Gå til artikkelen "Kven er dei andre, eigentleg?" for å komme til det første trinnet.
De har begge gjort ein research og førebudd dykk til intervjuet. Bestem dykk for kven som skal intervjue først.
Lytt nøye til personen du intervjuar.
Hugs at du kan stille andre spørsmål enn dei du har skrive. Viss personen fortel at hen ofte kranglar med søstera si, kan du til dømes spørje: "Kva er det de kranglar om?"
Sjå på personen du snakkar med. Smil og ver vennleg.
Still eit spørsmål om gongen. Gi den andre god tid til å tenke og svare.
Skriv ned ting som kan hjelpe deg seinare. Til dømes: Er det noko personen snakkar engasjert om? Eller er det noko som gjer hen alvorleg?
Det kan vere lurt å ta opp samtalen (til dømes på mobiltelefonen). Då kan du bruke sitat seinare når du skriv. Men hugs at den du gjer opptak av, må godkjenne før du gjer det.
Prøv å gi lange og gode svar. Viss du berre seier "ja," "nei" eller "kanskje," blir intervjuet kjedeleg.
Fortel om ting du verkeleg liker! Viss du elskar kattar, sei kvifor du gjer det.
Hugs at alle i klassen skal lese teksten om deg. Ikkje fortel noko som du ikkje vil at alle skal vite.
Du skal lese gjennom teksten før andre skal lese han. Viss noko blei for privat, kan du forandre det no.
Gå vidare for å lære deg korleis du skal skrive eit portrettintervju.
Relatert innhald
Les to portrettintervju for å sjå korleis du kan lage ditt eige. For deg som held på å lære norsk.