Smerteterskel – ein film om bryting og skilsmisse

Del 1: Tittelen på filmen

Filmen de skal sjå, heiter Smerteterskel. På engelsk har han fått tittelen Warrior Heart.
Finn ut kva dei to titlane betyr. De kan bruke Lexin.
Sjå på biletet øvst og diskuter: Kva trur de filmen kjem til å handle om etter å ha sett på biletet frå filmen og funne ut kva titlane betyr?
Del 2: Sjå filmen med snakkestopp
No skal de sjå filmen Smerteterskel med snakkestopp. Det betyr at læraren stoppar filmen, og de diskuterer nokre spørsmål før de ser vidare. Sit i par.
Sjå kortfilmen Smerteterskel (lengde 17:22) på bibliotektenesta Filmbib.
Ordforklaringar til filmen
- passiv
- å vere passiv, ikkje gjere noko. Du ventar berre, og let andre bestemme.
- aggressiv
- å vere sint og kanskje valdeleg. Du kan rope, slå eller krangle mykje.
- å grue seg
- å vere redd eller nervøs for noko som skal skje. Du tenker at det kanskje blir vanskeleg eller ubehageleg.
- å begynne på scratch
- å starte heilt frå byrjinga, utan noka hjelp eller erfaring
- å få kikk
- å kjenne seg veldig glad, spent eller full av energi, ofte fordi du gjer noko spennande eller morosamt
- adrenalin
- eit stoff i kroppen som kjem når du er redd, spent eller gjer noko farleg. Det gjer at du kjenner deg sterkare og får meir energi.
- å gi faen
- å ikkje bry seg (litt stygt språk). Du sluttar å tenke på reglar eller kva andre meiner.
1. Vilja på brytetrening (0:00–2:10)
Kva inntrykk får de av Vilja?
Kva problem har Vilja når ho skal bryte?
Korleis oppfører ho seg saman med venninnene sine på veg heim?
2. Vilja med far og mor (2:40–4:38)
Kva for problem har Vilja når ho er saman med mora og faren?
Kvifor trur de Vilja er så stille og lei seg?
3. Thea og Vilja (4:38–7:55)
Kva inntrykk får de av Thea?
Kvifor trur de Vilja kastar sykkelen sint bort etter at Thea har reist frå henne?
Korleis trur de Vilja har det heime hos far sin?
4. Brytetrening igjen (7:55–9:55)
Kva inntrykk har de av Thea etter denne scenen?
Kvifor trur de Thea seier det ho gjer til Vilja?
5. Heime igjen (9:55–11:25)
Korleis er forholdet mellom foreldra til Vilja?
Kvifor trur de Vilja går ut og trener etter at mor hennar har henta ting i leilegheita?
Kva for kjensler trur de Vilja har inni seg når ho ligg på graset i mørket?
6. På brytematta (11:25–ut filmen)
Kvifor trur de Thea ber Vilja "bruke sinnet" når ho skal bryte?
Kva trur de Vilja kjenner når ho begynner å gråte mens Thea klemmer henne?
Kva betyr det når Thea seier: "Ikkje kjemp mot kjenslene dine. Bruk dei."
Korleis har Vilja forandra seg på den siste brytetreninga?
Kvifor trur de ho har forandra seg?
Heilt til slutt seier Vilja: "Det går bra" og "Eg går åleine". Korleis tolkar de det ho seier?
Del 3: Kva vil filmen fortelje dykk?
Sit åleine. Skriv i fem minutt:
Kva meiner du er temaet i filmen? Grunngi ved å vise til hendingar i filmen.
Samanfatt det du har skrive med å fullføre denne setninga med maks tre ord: "Eg meiner temaet i filmen er ..."
Gå i grupper. Samanlikn svara dykkar.
Samanfatt saman med dei andre i klassen.
Del 4: Øv på omgrep om dramaturgi
Dramaturgi betyr korleis ei historie er bygd opp, altså rekkefølga på det som skjer i ein film eller ei bok.
Hollywood-modellen
Filmen Smerteterskel følger det vi kallar Hollywood-modellen. Det er ein modell som viser kva som er ein vanleg måte å bygge opp filmar på.
Diskuter i grupper:
Studer illustrasjonen av Hollywood-modellen over. Forstår de kva nokon av orda betyr? Forklar til kvarandre.
Sjå på forklaringane i boksen under. Diskuter kva for delar av filmen som passar til kvart fagomgrep. Setningsstartarane under kan hjelpe dykk når de skal snakke saman:
Anslaget viser Vilja på brytetrening. Vi skjønner at ... Ho verkar ...
Konflikten blir tydeleg når ho er saman med ... Då skjønner vi at ho slit med ...
Konflikten blir verre når ...
Klimakset i filmen er når ... Då toppar konflikten seg fordi ...
Konflikten løyser seg når ... Det er ... som hjelper Vilja når ho ...
I avrundinga ser vi ... Då skjønner vi at...
Anslag/Presentasjon: Anslaget er dei første minutta i ein film. Vi får litt info om personen/personane, staden, og kva filmen kan komme til å handle om.
Konflikt: Ein konflikt er eit problem i filmen. Det er noko som gjer livet vanskeleg for hovudpersonen, til dømes ein indre konflikt.
Konfliktopptrapping/utdjuping: Hovudpersonen får problem og må kjempe, anten mot ytre eller indre fiendar.
Klimaks: Det skjer noko som gjer at konflikten er størst. Dette er ofte den mest spennande augneblinken i filmen, der hovudpersonen må handle for å løyse konflikten.
Løysing: Handlinga til hovudpersonen i klimakset fører til at filmen roar seg. Konflikten er løyst.
Avrunding: Avslutninga er den siste scenen, der vi får sjå korleis det går med hovudpersonen.
Del 5: Skriv om Smerteterskel

Bruk setningsstartarane under for å skrive ein kort tekst om filmen. Du treng ikkje bruke alle, men dei kan hjelpe deg i gang. Skriv ein samanhengande tekst med innleiing, hovuddel og avslutning.
Innleiing
Filmen Smerteterskel er laga av ...
Han handlar om ...
I filmen ser vi ...
Hovuddel
Avsnitt om tema
Temaet i filmen er ...
Vilja har det vanskeleg i starten fordi ...
Thea hjelper henne når ho ...
Vilja utviklar seg, og ...
Filmen viser at ...
Avsnitt om dramaturgi
Anslaget i filmen viser ...
Konflikten i filmen er ...
Konflikten blir større når ...
Klimakset i filmen er når ...
Løysinga skjer når ...
I slutten av filmen ser vi at ...
Avslutning
Filmen viser altså korleis ...