Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve

Kortfilm: Det finnes ingen naboer her lenger

Kunstnar og samfunnsdebattant Hanna Asefaw fortel i denne kortfilmen om blokka hu budde i då ho var lita. Sjå filmen og jobb med oppgåvene.

Litt om filmen

I filmen møter vi Hanna Asefaw som fortel om staden ho vaks opp på. Ho budde saman med foreldra i ein på Grünerløkka i Oslo på 90-talet. Det er ein stad med fleire . Filmen er basert på Asefaw sitt dikt "Sannergata 32".

Til lærar – åtvaring

Nokre elevar har traumatiske opplevingar som filmen og oppgåvene kan framkalle. Det er derfor viktig at du vurderer korleis du bruker denne ressursen i klassen din.

Del 1: Før de ser filmen

I par eller grupper:

  1. Kva hugsar du frå staden der du budde då du var fem år? Kven leika du med?

  2. Diskuter desse frå filmen. Kva betyr det som blir sagt, trur de? Skriv punkta opp på eit ark:

    • stemma til den afrikanske kvinna vog mindre enn arka deira

    • naboar som faktisk var naboar

    • ein heim i kvar etasje

    • ein annan type rikdom

    • botnlause

    • dei som livet hadde gjort slitne

    • å sove for alltid

  3. Veit de noko om Grünerløkka frå før? Viss ja, fortel kvarandre det. Viss nei, søk opp staden på internett. Kva er bydelen kjend for?

  4. Les gjennom ord frå filmen som kan vere vanskelege:

Ordforklaringar til filmen

spesifikt
noko som er typisk
dokument
ein skriftleg tekst, ofte brukt som bevis for noko
sende henne på dør
hive nokon ut heimanfrå, tvinge til å flytte
blokk
her: ein bygning folk bur i. Han har mange leilegheiter i fleire etasjar.
fancy
noko som skil seg ut, ofte fordi det er dyrt og annleis
vintagebutikkar
butikkar som sel gamle, brukte klede som er populære og dyre
sjappe
butikk
baba
bestemor
bygd
eit område der det bur ein del folk, men ikkje så mange som i ein by
bonussøster
dottera til ein av foreldra dine sin nye kjæraste, sambuar eller ektefelle
rollerblades
rulleskøyter, sko med hjul under
sklie
leikeapparat som er glatt, og som du kan skli nedover i
sprøytespiss
spiss på ei sprøyte som blir brukt til medisinar eller narkotika
detektiv
ein som prøver å finne ut kven som har gjort noko gale
krydder
noko som set smak på maten
Løvenes konge
teiknefilm laga av Walt Disney
cope
engelsk for å klare noko
faenskap
brukt om noko som er veldig dårleg (opphavleg noko som er skapt av fanden eller djevelen)
krydderdisken
staden i ein butikk der du finn krydderet
kar
mann
døype det om
å gi nytt namn til noko
faktum
noko som er sant og kan bevisast
minimalt
noko som er så lite som mogleg
maksimalt
noko som er så stort eller så mykje som mogleg
grodd att
når gras og planter gror og overtek eit område fordi det ikkje blir brukt
sandkasse
ein boks (ofte av tre) der ungar leikar og bygger med sand
rustent
noko som har skjedd med gammalt jern som ikkje blir brukt

Del 2: Sjå filmen

Til lærar

For å sjå filmar på Filmbib kan du bruke det ordinære lånekortet og passordet ditt. Viss du ikkje har det, må du skaffe deg Bibliotekkortet på sidene til Nasjonalbiblioteket.

Vis filmen på storskjerm frå di eiga datamaskin, slik at du kan stanse filmen undervegs. Sjå gjerne gjennom heile filmen utan stopp først.

Mens de ser filmen

  • Ta fram frasane de skreiv ned i del 1 og legg merke til når Hanna seier dei. Rekk då opp handa!

  • Lærar stoppar filmen. Diskuter då kva frasane betyr – først i par, så i heil klasse.

  • Skriv ned kva frasane betyr i denne filmen.

Sjå kortdokumentaren Det finnes ingen naboer her lenger på bibliotektenesta Filmbib (lengde 10:45).

Del 3: Diskuter spørsmåla

Jobb i par:

  1. Fortel kva de tenker på etter å ha sett filmen. Kva trur de han handlar om?

  2. Kven var Anine?

    • Kva slags inntrykk får de av familien hennar?

    • Kvifor trur de Hanna blei sint på foreldra sine då dei flytte?

  3. Kven var Kasper? Kva betyr det at faren tok for mykje medisin, slik at han måtte sove for alltid?

  4. Kva fortel Hanna om han som budde på loftet? Kva får vi vite om han? (Tips: noko dei fann i sandkassen)

  5. Kva slags inntrykk får de av menneska og korleis det var å bu i blokka?

  6. Det er Hanna på tjue år som fortel om tida ho budde i blokka då ho var fem år gammal. Korleis har dei som har laga filmen, vist dette? Kva er det vi ser på filmen?

  7. Kvifor er Hanna så sint på Ivar Tollefsen og Fredensborg eigedom?

  8. Kva meiner de er bodskapen i denne kortfilmen?

  9. I filmen er det fleire ting som blir gjentekne. Kva har det?

  10. Kvifor heiter filmen Det finnes ingen naboer lenger?

Del 4: Film som samfunnskritikk

Jobb i par eller grupper:

Kortfilmen handlar om noko som faktisk har skjedd. I bydelen Grünerløkka var det fleire bustadblokkar med leilegheiter som blei kjøpte av Ivar Tollefsen. Leilegheitene blei då mykje dyrare å bu i, og mange måtte flytte.

  1. Kvifor kan vi seie at denne kortfilmen er samfunnskritisk? Finn døme frå filmen som viser at dei som har laga han, er kritiske til noko i samfunnet.

  2. Korleis filmen ? Er dei beskrivne positivt eller negativt? Grunngi ved å vise til noko i filmen.

  3. Kva synest de om måten filmen tek opp eit samfunnsproblem på?

Del 5: Ver samfunnskritisk

Jobb sjølvstendig eller i par med å vere kritisk til noko du gjerne vil forandre i samfunnet. Du skal skrive ein kort tekst.

  1. Når blei du sist sint eller lei deg av nyheiter du las eller høyrde? Skriv det ned som ei setning: Eg blei sint/trist då eg ...

  2. Kvifor blei du sint eller trist? Grunngi kjensla: Det er fordi ...

  3. Kva kan bli betre? Kom med forslag: Eg meiner at ... Då ...

  4. Øv deg på å seie det du har skrive høgt. Prøv å lære det , slik at du kan seie det utan å sjå på arket eller pc-en.

  5. Del samfunnskritikken i klassen: Alle reiser seg opp etter tur og seier høgt det dei har skrive.

Døme på tekst

Eg blei sint då eg las at biblioteket skal leggast ned. Det er fordi eg elskar å lese bøker, og på biblioteket er det heilt gratis. Eg meiner at det er veldig viktig at alle kan lese bøker gratis. Då får alle like moglegheiter til å bli gode til å lese.

Skrive av Marthe Johanne Moe.
Sist oppdatert 27.06.2025