Utanforskap hos Obstfelder og Bizen

Dette er det første steget i ein læringssti om utanforskap i dikt og måleri.
Del 1: "Folkebibliotek" – leseforståing
Les diktet "Folkebibliotek" av Haile Bizen.
Gå saman i par. Diskuter spørsmåla under:
Om avsnitt 1–2
Kva skjer i diktet? Fortel ved å svare på spørsmåla under:
Kva gjer eget i dei to første avsnitta i diktet?
Kva trur du "en hær av bokstaver" betyr? Kvifor trur du eget seier at ordet "Folkebibliotek" er som "en hær"?
Kva betyr spørsmålet i slutten av avsnitt 2?
En rød mursteinsbygning
med bokstaver utenpå, og bøker inni?"FOLKEBIBLIOTEK"
En hær av bokstaver, 14 på rekke
ett eneste ord, som betyr én eneste ting?
Om avsnitt 3
Kva betyr dei to verselinjene under?
Kvifor trur de eget tenker dette like etter at det har sett ordet "Folkebibliotek"?
Jeg er fremmed i dette landet
Jeg er fremmed i dette språket
Om avsnitt 4–5
I det første avsnittet under beskriver det lyriske eget munnen sin. Kva trur de dette betyr?
Kva er det eget samanliknar med "mors sauser"? Og kvifor, trur de?
Tunga snubler, ganen svir
diftongene tøyer munnen åpenSom mors sauser
brenner de i munnen
sparker meg i sjela!
Del 2: Diskuter temaet
Kva meiner de er temaet i diktet? Diskuter i grupper eller i klassen.
Del 3: "Jeg ser" – leseforståing

Diktet "Jeg ser" (1893) av Sigbjørn Obstfelder er eit av Noregs mest kjende dikt. Du finn heile diktet i fila i del 5, men først skal de lese diktet i delar.
Sit saman med ein medelev.
A. Les dei to første avsnitta
Les dei to første avsnitta i diktet (under). Diskuter spørsmåla i par:
Jeg ser på den hvite himmel,
jeg ser på de gråblå skyer,
jeg ser på den blodige sol.Dette er altså verden.
Dette er altså klodenes hjem.
Kva gjer det lyriske eget i dei tre første verselinjene (første avsnitt)?
I dei to siste verselinjene tenker, eller konkluderer, det lyriske eget. Kva trur du eget meiner med "Dette er altså verden / Dette er altså klodenes hjem"? Spør gjerne læraren viss de treng hjelp.
Kva for likskapar legg de merke til mellom "Jeg ser" og "Folkebibliotek" etter å ha lese desse fem verselinjene?
Kva trur de diktet "Jeg ser" kommer til å handle om vidare?
B. Les dei tre neste avsnitta
Les avsnitta under. Diskuter:
En regndråpe!
Jeg ser på de høye hus,
jeg ser på de tusende vinduer,
jeg ser på det fjerne kirketårn.Dette er altså jorden.
Dette er altså menneskenes hjem.
To av desse avsnitta liknar to de las i stad. Kva for nokon? Og kvifor liknar dei?
I det første avsnittet i diktet såg eget på himmelen ("himmel", "skyer" og "sol"). Kva ser eget på i avsnittet som startar med "Jeg ser" under verselinja "En regndråpe"?
Kva verselinje liknar ikkje på noko de har lese tidlegare? Og kva er det det lyriske eget ser i denne verselinja?
Korleis synest de det lyriske eget verkar etter at de har lese dei to første delane av diktet?
C. Les resten av diktet
Les resten av diktet (under). Diskuter:
Den første verselinja liknar ei anna verselinje de har lese. Kva for ei?
Det andre avsnittet er et "Jeg ser"-avsnitt. I dei førre avsnitta de las som starta med "Jeg ser", såg eget først på himmelen, så på "hus", "vindauge" og "kyrkjetårn". Kva ser eget på no?
Eget flyttar blikket i dei to "Jeg ser"-avsnitta. Korleis då?
Kva trur de det betyr at "de gråblå skyer blir tunge"?
Korleis tolkar de det siste avsnittet? Kva skjer her? Og kva betyr det når eget tenker at det er komme "på feil klode"?
De gråblå skyer samler seg. Solen ble borte.
Jeg ser på de velkledte herrer,
jeg ser på de smilende damer,
jeg ser på de lutende hester.
Hvor de gråblå skyer blir tunge.
Jeg ser, jeg ser…
Jeg er visst kommet på en feil klode!
Her er så underlig…
Del 4: Diskuter temaet
Kva meiner de er temaet i diktet? Diskuter i grupper eller i klassen.
Del 5: Samanlikn dikta åleine
Sit åleine.
Skriv ned alt du legg merke til av likskapar mellom dikta. Sjå på dette
Kva for verselinjer i dikta handlar om eit lyrisk eg som ser på noko (observerer)? Kva observerer det?
Kva for verselinjer handlar om at eget konkluderer? Altså at det eget ser på, får det til å tenke over noko?
Kva for ein likskap er det mellom desse to avsnitta i dikta?
Del 6: Samanlikn i grupper
Gå saman i grupper. Samanlikn svara dykkar på spørsmåla frå del 5.
Diskuter korleis begge dikta handlar om å ikkje kjenne seg heime, altså å ha ei framandkjensle.
Kva for ulikskapar er det mellom dikta?