Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Video

Romanen Blå og klimakrisen

Korleis kan romanar som Blå av Maja Lunde påverke kva vi tenker om klima, og kva vi gjer for å unngå ein klimakrise? Jobb med to utdrag.

Del 1: Jobb med omgrepa

Video: Klipp og lim / CC BY-SA 4.0

Jobb i grupper. Ein i gruppa skriv ned svara:

  1. Kva er

    • sakprosa (gi døme)

    • skjønnlitteratur (gi døme)

  2. Kva kjenneteiknar sakprosa og skjønnlitteratur? Diskuter:

    • Kva skil ofte skrivestilen i sakprosa og skjønnlitteratur? (Tenk på språklege verkemiddel, setningsoppbygging og så vidare.) Kvifor er det slik, trur de?

    • Kva kan vere forskjellen på korleis synsvinkel blir brukt i sakprosa og skjønnlitteratur? Grunngi svaret.

    • Korleis forventar vi at sakprosa og skjønnlitteratur skal stille seg til sanninga?

  3. Kva tenker de på når de høyrer ordet "klimakrise"?

  4. Gå inn på NDLA sin praterobot "Elevhjelpen" og legg inn denne instruksen: Forklar ordet "klimakrise" kort og med enkle ord. Liknar svaret til roboten på det de tenkte på? Kva er likt, og kva er ulikt?

Del 2: Blå av Maja Lunde

Maja Lunde har skrive ein serie på fire bøker om klima. Romanen Blå (2017) er bok nummer to i serien.

Les utdraga og jobb åleine:

  1. Kva meiner du er bodskapen i utdraga? Grunngi svaret ditt.

  2. Kvifor trur du Maja Lunde har valt å plassere Lou og dottera si historie i framtida – til 2041?

  3. Kva synsvinkel blir brukt?

  4. Kva for nokon ulike av klimakrisen er det Maja Lunde åtvarar om i desse to utdraga?

Jobb i par eller grupper:

  1. Diskuter svara de har skrive på spørsmåla over.

  2. Marker delane i teksten de synest er tydelege åtvaringar om klimakrisen. Diskuter deretter kva for Maja Lunde bruker for å understreke tema og bodskap.

Les om ulike verkemiddel i temaet "Språklege verkemiddel".

Del 3: Skriv bodskapen om til sakprosa

Korleis ville tekstutdraga frå Blå ha sett ut dersom dei var skrivne som sakprosa? Vel mellom desse oppgåvene:

A. Lag ei avisside

Lag ei avisside som åtvarar om konsekvensane av klimakrisen. Du skal skrive om dei same temaa som Maja Lunde tek opp, men teksten din skal sjå ut som ei avisside med bilete og "journalistspråk". Avissida skal ha

  • usynleg forteljar

  • objektivt språk (få og adjektiv)

  • fullstendige setningar

  • saklege overskrifter

  • informative

B. Skriv ein tale

Skriv ein tale som åtvarar om konsekvensane av klimakrisen. Du skal skrive om dei same temaa som Maja Lunde tek opp, men teksten din skal byggast opp som ein tale og ha typiske verkemiddel for ein tale:

  • gjerne til etos, patos og logos.

  • Bruk gjerne skjult argumentasjon når du appellerer til patos. Du kan bruke verdiladde ord, retoriske spørsmål, direkte førespurnad og språklege bilete som skal vekke kjensler hos mottakaren.

  • Når du appellerer til logos, bør du finne nokre kjelder som kan støtte dine.

  • Skriv ei innleiing som og ei avslutning som gjer at mottakaren hugsar teksten.

Video: Klipp og lim / CC BY-SA 4.0

Del 4: Del med resten av klassen

  1. Dei som har laga ei avisside, deler denne med resten av klassen. Les og diskuter korleis de har løyst oppgåva.

  2. Dei som har skrive talar, framfører desse framfor klassen.

Del 5: Skriv ein reflekterande tekst

Skriv ein kort tekst der du reflekterer over desse spørsmåla:

  • På kva måte kan ein tekst som Blå gjere noko med klimakrisen?

  • Kva trur du påverkar folk mest – ein skjønnlitterær tekst som Blå eller ein avisartikkel eller tale som de laga i del 3?

Relatert innhald

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 05.08.2025