Argumenter for miljøet
Del 1: Diskuter bileta
I par eller grupper:
Beskriv først kva de ser på bileta.
Har de sett noko som liknar i verkelegheita?
På kva måte viser bileta at menneske påverkar natur og miljø?
Kva tenker de om måten menneske behandlar naturen og miljøet på?
Del 2: Jobb med ord og uttrykk
Orda under vil du møte når du skal lære om natur og miljø.
Slå opp orda i ei ordbok, til dømes LEXIN og ordbøkene, og oversett orda til det språket du kan best.
Tips! Nokre ord og frasar har fleire ord i seg. Viss du ikkje finn dei i ordboka, kan du slå opp kvart ord for seg. Du kan òg sjå om du finn dei i eit leksikon på nett, som Vesle norske leksikon.
Vel deg fem av orda og uttrykka du synest er spesielt vanskelege og diskuter dei med ein annan elev. Bruk orda i ei setning.
Del 3: Mine miljøvennlege val
I små grupper:
Fortel kva du gjer i kvardagen for å ta vare på naturen og miljøet rundt deg. Bruk ord frå lista over.
Lag eit felles tankekart i gruppa der de skriv ned stikkord.

Del 4: Sjå ein tv-episode
Sjå episode 1 frå NRK-serien Live redder verden. Litt. (lengde 28:50).
Diskuter i grupper:
Kva handlar episoden om?
Kva gjer Live Nelvik for å leve meir miljøvennleg?
Ville de gjort det same som Live prøver ut? Grunngi svaret!
Kva for andre råd vil de gi til Live Nelvik, slik at ho kan leve endå meir miljøvennleg?
Del 5: Øv på å argumentere for ei sak
Set opp ei liste med argument til spørsmåla under. De kan bruke lærebøker eller nettressursar frå NDLA for å finne faktainformasjon. Bruk setningsstartarar viss de vil.
Kvifor er det viktig å kjeldesortere/resirkulere?
Det er viktig å kjeldesortere heime fordi …
Også på arbeidsplassen/skulen må vi kjeldesortere sidan …
Å resirkulere er fornuftig fordi …
Kva kan folk gjere for å bli flinkare til å kaste mindre mat, og kvifor er dette viktig?
For det første kan fleire kaste mindre mat viss dei …
Folk må bli flinkare til å kaste mindre mat fordi …
Kvifor bør fleire velje å gå/sykle eller ta kollektivtransport framfor å køyre bil?
Fleire bør gå eller sykle til skulen/arbeidsplassen fordi …
Kvifor er det ofte smart å kjøpe brukt framfor nytt?
Det er smart å kjøpe brukte klede/møbel sidan …
I tillegg er det lurt å velje brukt fordi …
Kvifor er det å bruke handlenett som oftast betre enn å bruke plastposar når du skal handle på butikken?
Vi bør bruke handlenett på butikken i staden for plastposar fordi …
Det er fornuftig å bruke handlenett på grunn av …
Del 6: Sokratisk seminar
No skal de diskutere nokre situasjonar som handlar om berekraft. Start med å lese gjennom punkta under og skriv ned stikkord for deg sjølv.
Så skal de diskutere kva de meiner er den beste løysinga i situasjonane. Læraren styrer samtalen:
Du har ein god venn som du ofte besøker, og du har lagt merke til at hen ikkje er flink til å kjeldesortere/resirkulere verken heime eller på skulen. Kva kan det vere lurt å seie til vennen din, og kvifor?
Ein familie du kjenner godt vel ofte å køyre bil til butikken, jobben og skulen, endå det er mogleg å gå, sykle eller ta buss. Kva for råd vil du gi dei, og kvifor?
Ein familie du kjenner godt handlar ofte inn mykje mat, og dei kastar ein del av det. Kva kan du seie til dei, slik at dei unngår så mykje matsvinn?
Du har lagt merke til at nokre av vennene dine kastar fine og brukbare klede framfor å gjenbruke dei. Kva kan du seie til dei, og kvifor?
Del 7: Lag ein appell
Vel ein av situasjonane i del 6 og lag ein appell. I appellen er formålet at du skal overtyde den som lyttar til deg.
To ulike måtar å appellere på
Tenk på dette: Skal patos eller logos dominere i appellen din? Det er lurt å bruke både patos og logos som appellform for å få fram hovudsynet ditt. Det vil styrke truverdet (etos).
Legg merke til forskjellane på dei to modelltekstane:
Modelltekst 1 – patosdominert appell
Førestill deg eit liv utan vakker fuglesong om våren, utan lukta av blomstrar om sommaren, og utan eit rikt dyreliv i skogen. Det er ikkje berre naturen som lid, men framtida til barna og barnebarna våre avheng av at vi tek vare på naturen rundt oss. Korleis kan vi sjå dei i auga og seie at vi prøvde å verne den verda dei skal vekse opp i, men at det dessverre ikkje gjekk som planlagt?
Vi har eit ansvar – ikkje berre for oss sjølve, men for alt i naturen som deler denne planeten med oss. Kvar einaste handling betyr noko, anten det er å kjeldesortere søppel, redusere bruken av plast eller sykle til jobben. La oss saman skape eit samfunn som tek vare på naturen vår. Det er ikkje for seint! Saman er kvar og ein av oss viktige for å verne miljøet.
Kjelde:
WWFs rapport om naturens tilstand: Living Planet Report. Henta 10. april 2025 frå living-planet-report
Modelltekst 2 – logosdominert appell
Visste de at ifølge FNs klimapanel, må vi halvere klimagassutsleppa for å unngå at klimaet forandrar seg katastrofalt? Viss vi ikkje gjer det, vil nokre av konsekvensane vere at havnivået aukar, og vi får meir ekstremver som styrtregn, flaum, hetebølger og tørke.
I tillegg viser forsking frå WWF Verdens naturfond at vi har mist omtrent 70 % av dyrelivet i verda sidan 1970-talet. Det at dyreliv forsvinn, påverkar naturen rundt oss, som er viktig for kvardagen vår. Til dømes er bier avgjerande for omtrent 30 % av maten vi et. Utan bier kan vi få problem med å produsere mat. Allereie er mangel på mat eit problem i fleire land. Kva vil barna våre ete i framtida viss vi og politikarane ikkje tek tak i klimaendringane no?
Kjelder:
Bier. I WWFs naturleksikon. Henta 10. april 2025 frå https://www.wwf.no/dyreleksikon/bier
FNs klimarapport på 10 minutter. Henta 10. april 2025 frå https://naturvernforbundet.no/klima/global-oppvarming/dette-sier-fns-klimapanel/
Klimaendringer. Henta 10. april 2025 frå https://www.wwf.no/klima-og-energi/klimaendringer
WWFs rapport om naturens tilstand: Living Planet Report. Henta 10. april 2025 frå https://www.wwf.no/dyr-og-natur/truede-arter/living-planet-report



