Øv deg på verba i læreplanen

Før du gjer denne oppgåva, bør du lese fagartikkelen "Kva betyr verba i læreplanen?".
Del 1: Skriv etter ulike verb
Vel deg ei av oppgåvene under og skriv fem korte tekstar (cirka 40–50 ord) til kvart verb. Du kan gjerne sjå på tekstane i fagartikkelen "Kva betyr verba i læreplanen?" Desse kan hjelpe deg med å skrive gode setningar til kvar oppgåve.
Oppgåve 1. Katt og hund
Gjer greie for katt og hund.
Vurder kva som er best av katt og hund.
Drøft kva som er best: katt eller hund.
Samanlikn katt og hund.
Reflekter over kva som er best: katt eller hund.
Oppgåve 2. Superkrefter
Gjer greie for superkreftene å bli usynleg og å fly.
Vurder kva som er best: å ha superkrafta å bli usynleg eller å kunne fly.
Drøft kva som er best av å ha superkrafta å bli usynleg eller å kunne fly.
Reflekter over kva for ei superkraft du ville hatt: å bli usynleg eller å kunne fly.
Samanlikn superkreftene å bli usynleg og å fly.
Oppgåve 3. Matematikk eller kroppsøving?
Gjer greie for skulefaga matematikk og kroppsøving.
Drøft kva for eit fag som er viktigast: matematikk eller kroppsøving.
Samanlikn matematikk og kroppsøving.
Reflekter over kva som er det viktigaste faget: matematikk eller kroppsøving.
Vurder kva for eit fag som er viktigast: matematikk eller kroppsøving.
Del 2: Del tekst
Byt teksten din med teksten til ein annan i klassen.
Finn ut kva for ein av dei fem tekstane den andre har skrive, som gjer følgande:
reflekterer
gjer greie for
vurderer
samanliknar
drøftar
Gi kvarandre munnleg tilbakemelding på om de har klart å gjere det verba ber dykk om. Bruk tabellen som støtte:
Verb | Kva skal teksten gjere? |
|---|---|
Å reflektere | vise eigne tankar, stille spørsmål, sjå samanhengar – gjerne ved hjelp av eigne erfaringar |
Å drøfte | vise fleire sider av saka, både positive og negative, ingen "Eg synest". |
Å vurdere | seie kva som er bra eller dårleg og komme med ei meining med grunngiving |
Å gjere greie for | forklare og beskrive temaet, ingen personlege meiningar, berre fakta og informasjon |
Å samanlikne | vise kva som er likt og ulikt ved å samanlikne noko |