Oppgåve
Teikn spenningskurva i eit eventyr
Undersøk spenningskurva i eventyret "Dei tre bukkane Bruse".

Eventyret om Bukkene bruse illustrert av Otto Sinding (1879)
Eventyret om Dei tre bukkane Bruse
Oppgåve
Les eventyret "Dei tre bukkane Bruse". Gjer desse oppgåvene i par eller grupper:
Teikn opp det de meiner er spenningskurva i eventyret. Bruk dei same omgrepa som i illustrasjonen under.
Beskriv det de meiner er konflikten i eventyret, og diskuter kva løysinga på konflikten er.
Modell som viser spenningskurva. I "presentasjonen" blir vi kjende med personane og historia, i "utdjupinga" får vi vite meir om personane. I "konfliktopptrappinga" blir konflikten verre, mens han toppar seg heilt i "klimakset". "Løysinga" betyr at konflikten er løyst, og "avrundinga" er slutten på historia.
Gå vidare i læringsstien for å lære om ulike måtar å avslutte forteljingar på.