Spenningskurva i skjønnlitteratur

Før du les
Desse fagomgrepa blir brukte i fagartikkelen:
- Roman
- Ein roman er eit døme på skjønnlitteratur, altså litteratur som er oppdikta (ikkje sann). Ofte blir romanar gitt ut som eigne bøker.
- Novelle
- Ei novelle er òg eit døme på oppdikta litteratur (skjønnlitteratur). Noveller pleier å vere kortare enn romanar. Ofte inneheld ei bok fleire noveller (novellesamling).
- Karakter
- Ein karakter er ein person i skjønnlitteratur.
- Konflikt
- Ein konflikt er det som driv handlinga framover i historia.
- Spenningskurve
- Spenningskurva er ein måte å beskrive kvar historia blir mest spennande, og kvar ho er roleg.
- Høgdepunkt
- Høgdepunktet er den delen av historia der konflikten er på det mest spennande.
- Vendepunkt
- Vendepunktet er der det skjer noko som gjer at alt forandrar seg.
Konflikten
Dei fleste romanar og forteljingar har ein konflikt. Ein konflikt i ei forteljing er det som driv handlinga framover. Du kan òg seie at konflikten er det problemet som skal løysast i historia.
Konflikten kan vere ein ytre konflikt, til dømes mellom det vonde og det gode. Det kan òg vere ein indre konflikt hos karakterane. Kanskje ein karakter slit med eit val eller med å akseptere seg sjølv? Ein annan vanleg konflikt i historier er kjærleikskonfliktar: To menneske er forelska, men ulike årsaker gjer at dei ikkje kan få kvarandre. Korleis endar konflikten? Vil det forelska paret få kvarandre til slutt?

Høgdepunkt
Ofte vil konflikten i historia ha eit eller fleire høgdepunkt. Det vil seie at historia har ein spenningstopp. Ein spenningstopp er den staden i historia der det skjer noko ekstra dramatisk eller spennande. Til dømes kan teksten nå eit høgdepunkt mot slutten. Etter høgdepunktet kan konflikten bli løyst eller roe seg.
Vendepunkt
Vendepunkt er hendingar som gjer at handlinga tek ein ny, ofte uventa retning som tvingar karakterane til å gjere noko. Vendepunkt kan vere samtidig med spenningstoppar, men dei treng ikkje å vere det.
Flat spenningskurve
Illustrasjonen over viser korleis spenningskurva har vore i tradisjonell litteratur og film. I moderne tekstar er det ganske vanleg med ei flat spenningskurve. Det betyr at det ikkje er noko tydeleg høgdepunkt eller vendepunkt. Kanskje forfattaren heller vil beskrive ei stemning enn å lage ei dramatisk historie?
I novella "Arbeidsnever" av Jan Kristoffer Dale ønsker forfattaren å vise at hovudpersonen Trygve har ein jobb og eit privatliv som han ikkje er så fornøgd med. Livet hans er monotont. Dale bruker ei flat spenningskurve i novella for å få fram dette.

Gå vidare i læringsstien for å teikne spenningskurva i eventyret "Dei tre bukkane Bruse".