Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Teikn spenningskurva i eit eventyr

Undersøk spenningskurva i eventyret "Dei tre bukkane Bruse".

Eventyret om Dei tre bukkane Bruse

Ordforklaringar til eventyret

Bukk
eit hanndyr, her: ei hanngeit
Seters
ein stad på fjellet der dyr dreg om sommaren for å ete
Tinntallerkenar
store tallerkenar laga av tinn, eit materiale som kan sjå ut som sølv
Riveskaft
handtaket til ei rive. Ei rive bruker du til å samle lauv og gras i hagen.
Målet
her: stemma
Bi
vent (å vente)
Spyd
spyd
Stinge
stikke
Marg
innhaldet i knoklane (beina) i kroppen
Kampesten
ein veldig stor stein
Slå sund
å øydelegge

Oppgåve

Les eventyret "Dei tre bukkane Bruse". Gjer desse oppgåvene i par eller grupper:

  1. Teikn opp det de meiner er spenningskurva i eventyret. Bruk dei same omgrepa som i illustrasjonen under.

  2. Beskriv det de meiner er konflikten i eventyret, og diskuter kva løysinga på konflikten er.

Gå vidare i læringsstien for å lære om ulike måtar å avslutte forteljingar på.

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 19.04.2024