Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Kva er eit lesarinnlegg?

Å skrive lesarinnlegg gir folk ein moglegheit til å seie kva dei meiner. Det er ein viktig del av eit demokrati.

Kva er eit lesarinnlegg?

Eit lesarinnlegg er ein kort tekst som ein person skriv for å seie meininga si om ei sak. Viss du vil skrive lesarinnlegg, kan du sende det til ei avis, eit blad eller ei nettside.

Kvifor skrive lesarinnlegg?

Folk skriv lesarinnlegg for å dele kva dei synest om noko. Kanskje dei er ueinige i noko som skjer, eller kanskje dei støttar ei sak. Dei ønsker derfor å fortelje om noko dei synest er gale i samfunnet.

At alle kan fortelje om meiningane sine, er ein viktig del av demokratiet. Med lesarinnlegg kan alle dele tankar om kva som kan gjere samfunnet betre

Korleis skrive eit lesarinnlegg?

Eit lesarinnlegg er ofte kort, kanskje mellom 100 og 500 ord. Teksten bør vere klar og enkel. I starten seier du kva du meiner, og så kjem grunnar og døme. Til slutt kan du gjerne skrive kva du ønsker skal skje.

Du kan lese meir om korleis du skriv eit lesarinnlegg i dei neste trinna i denne læringsstien.

Reflekter over

Dette er starten på eit lesarinnlegg. Kva meiner avsendaren, og korleis får hen fram meininga si?

Synest du det er rett at ungdommar i Noreg blir meir og meir deprimerte? Nei? Då foreslår eg at de vaksne lagar 18-årsgrense på sosiale medium.

Kven kan skrive lesarinnlegg?

Alle som vil, kan skrive eit lesarinnlegg. Du treng ikkje å vere ekspert, berre ha ei meining om saka. Mange aviser trykker lesarinnlegg frå folk med ulike meiningar, så det er ein god måte å få stemma si høyrd på.

Gå vidare i læringsstien for å lese eit døme på eit lesarinnlegg.

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 05.11.2024