Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

Kva betyr det å reflektere over skjønnlitteratur?

Når du skriv oppgåver, skal du ofte reflektere over ein tekst. Kva betyr eigentleg det?

Kva betyr det å reflektere over litteratur?

Når du skal reflektere over ein tekst, betyr det å tenke gjennom det som står i teksten. Du kan stille deg sjølv desse spørsmåla:

  1. Kva handlar teksten om?

  2. Hva er eller i teksten?

  3. Kvifor er akkurat dette temaet og bodskapen i teksten?

Når du reflekterer, treng du ikkje ha klare svar. Du kan deg, stille spørsmål og vere kritisk.

Døme: Å reflektere over kulturmøte

Så korleis skal du skrive når oppgåva ber deg reflektere over tekst? Sjå diktet "Kvit, norsk mann" av Brynjulf Jung Tjønn og les eit døme på korleis du kan reflektere over tekst skriftleg.

Teksteksempel

Oppgåve: Reflekter over korleis diktet "Kvit, norsk mann" framstiller kulturmøte.

Å leve mellom kulturar

Diktet "Kvit, norsk mann" handlar om eit eg som svarer på spørsmålet "Kva vil du bli når du blir stor?". Mange barn svarer "brannmann" eller "fotballspelar". Men eget i diktet svarer: "Eg vil bli ein kvit, norsk mann". Det betyr nok at eget ikkje er kvit, men kanskje ein minoritet?

Diktet viser at det kan vere vanskeleg å ikkje likne på majoriteten. Kanskje eget har opplevd rasisme? Eller kanskje hen kjenner seg norsk, men ikkje ser "norsk" ut? Då handlar diktet om identitet.

Eg trur diktet viser at det kan vere vanskeleg å leve mellom to kulturar. Temaet er korleis det å vere ein minoritet kan få deg til å ønske å vere meir som majoriteten.

Kvifor er dette eit godt svar?

Dette er eit godt svar på oppgåva fordi det fleire sider av diktet og prøver å forstå kva det handlar om. Dessutan bruker det konkrete døme frå diktet.

Utforske kva teksten seier

Svaret forklarer først kva diktet seier direkte, nemleg at eget vil bli "ein kvit, norsk mann". Det viser at den som har skrive teksten, har forstått hovudtemaet i diktet.

Utforske kva teksten kan bety

Svaret spør kvifor eget vil bli "ein kvit, norsk mann". Det foreslår at eget kanskje er ein minoritet, har opplevd rasisme, eller kjenner seg norsk utan å sjå "norsk" ut. Dette er refleksjon og undring over kva diktet kan bety.

Utforske temaet i diktet

Svaret går vidare til å seie at diktet kan handle om identitet, og om korleis det er å leve mellom to kulturar. Det viser at den som har skrive teksten, har tenkt over den større betydninga av diktet.

Relatert innhald

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 10.12.2024