Førebu intervjuet
Dette er ein del av ein læringssti. Gå til artikkelen "Kven er dei andre, eigentleg?" for å komme til det første trinnet.
Sjå filmen under:
Kva gjer Sofie feil i starten når ho stiller spørsmål?
Korleis forandrar ho spørsmåla for å få meir interessante svar?
Kvifor er det lurt å ikkje stille nei-spørsmål?
Korleis lage gode spørsmål?
Gode spørsmål er viktig for å få til eit spennande intervju. Dette er gode spørsmål:
- Lag spørsmål der intervjuobjektet (O) kan seie mykje.
Bruk det du fann ut i researchen: "Alle seier at du er ein snill gut, men kva for nokon 'slemme' sider har du?"
- Lag mange spørsmål! Det er betre å ha med for mange spørsmål enn for få.
Skriv minst ti spørsmål du vil stille O. Bruk råda over for korleis du skal lage gode spørsmål.
Førebu mobiltelefonen på å ta opp lyd, eller gjer klar skrivesaker for å gjennomføre intervjuet.
Tips
- Du kan bruke mobiltelefonen din til å ta opp.
- Viss O synest det er greitt, ta gjerne nokre fine bilete. Men det er viktig at O godkjenner bileta du tek.
Gå vidare i læringsstien for å gjennomføre intervjuet.
Relatert innhald
Gode tips både til deg som intervjuar og deg som blir intervjua når de skal lage portrettintervju.