Bruk KI som skrivehjelp

Introduksjon
Kunstig intelligens er eit kraftig verktøy som kan vere nyttig i mange samanhengar. Det er lurt å setje seg inn i kva verktøyet kan brukast til, men òg kva det ikkje er så formålstenleg å bruke det til. På NDLA finn du mange fagartiklar som tek for seg ulike sider ved kunstig intelligens i skulen. Her får du nokre tips til ressursar du kan lese før du går vidare:
Kunstig intelligens og språklæring
Vis på storskjerm
Når du skal jobbe med kunstig intelligens (og andre digitale verktøy), er det lurt å løyse nokre oppgåver saman med elevane på storskjerm først. Forklar og vis sakte kva du gjer og kvifor.
Få hjelp til idéar og struktur i tekst
Vi ønsker ikkje at elevane skal bruke prateroboten til å skrive heile tekstar for seg. Det er det lite læring i. Men dei kan gjerne få hjelp til å lage ein struktur i tekst ved å be roboten komme med forslag til punkt som bør vere med. Det vil fungere som skrivaramme.
Døme: Eg skal skrive ein tekst om språkleg mangfald. Kva for punkt bør eg ha med då? Eg held på å lære norsk, så fint viss du ikkje har så mange punkt og skriv eit enkelt språk med korte setningar og høgfrekvente ord.
Prateroboten vil då komme med forslag til punkt. Gjentek du spørsmålet, vil han komme med nye punkt. Hjelp elevane til å sjå kva som er relevant å ta med. Elevane kan òg be roboten foreslå ei god rekkefølge på punkta og slik få hjelp til ein god struktur på teksten sin.
Tips til oppfølgingsspørsmål når roboten har svart første gong:
Her brukte du mange vanskeleg ord. Kan du forklare dei?
Sjekk språkfeil
Bruk roboten til å sjekke om det er språkfeil i ein tekst. Feila og rettinga han foreslår, er ingen fasit, men kan hjelpe eleven til å kjenne igjen feil.
NB! Viss du ber roboten forklare kvifor noko er feil, kan han finne på eit svar (hallusinere). Det er fordi roboten ikkje er grammatikkekspert, men berre foreslår det han trur er eit sannsynleg svar.
Opprett tilpassa språkrobot
Du kan få roboten til å gi svar tilpassa elevgruppa du har. Les om korleis du opprettar ein eigendefinert praterobot i fagartikkelen "Lag praterobot til minoritetsspråklege elevar".
Forslag til systeminstruks til ein robot som gir teksthjelp for elevar med norsk som andrespråk:
Du skal rettleie ein ung person som ikkje kan norsk så godt. Eleven treng hjelp til å skrive ein tekst. Du skal ikkje rette språkfeil eller komme med forslag til formuleringar, men peike på det som kan forbetrast i innhaldet. Ver så konkret som mogleg og peik på stader i teksten når du svarer. Du må svare med korte setningar og bruke vanlege, høgfrekvente norske ord. Viss du ikkje forstår det eleven skriv, still oppklarande spørsmål.
Tips 1: Bruk prateroboten med temperatur 0 og modell GPT 4.0-turbo for mest korrekte svar.
Tips 2: Du kan bruke prateroboten som hjelp når du skal gi elevar tilbakemelding på elevtekstar.
Relatert innhald
Korleis kan KI brukast i språkinnlæring? Få tips om kva det kan vere lurt å tenke på.
Øv deg på å skrive debattinnlegg med hjelp frå kunstig intelligens (KI).