Spillefilm
Småfugler
Småfugler er ein sår og vakker film frå 2015 om ungdom i brytningstid. Manus og regi er ved den islandske filmskaparen Rúnar Rúnarsson.
16 år gamle Ari har heile ungdomstida si budd i Reykjavik med mora si, men må plutseleg flytte til faren sin på landsbygda når mora skal reise bort.
Den islandske landsbygda er tøff, og det blir ein brå overgang til vaksenlivet. Han slit med forholdet til faren, ein mann som er mest glad i øl og jakt.
Det tek òg tid før han klarer å få nokon vener. Heldigvis har han farmora si som alltid er der.