Hva er en kvinne? - NDLA film - NDLA

Hopp til innhald
Kortfilm

Hva er en kvinne?

Kven har rett til å definere kven som er ei kvinne og kven som ikkje er det? Er kjønn biologisk eller sosialt koda?

Om filmen

Ein diskusjon oppstår i ein damegarderobe i det ei transkvinne blir beden om å gå.

Ein i garderoben meiner at det å vere kvinne ikkje er noko du kan bli, men noko du er fødd som. Diskusjonen eskalerer fortløpande ettersom fleire blandar seg inn – alle med ulike tankar om kva ei kvinne er.

Filmdetaljar
  • År: 2020

  • Lengde: 14 minutt

  • Manus: Marin Håskjold

  • Regi: Marin Håskjold

  • Skodespelarar: Mina Alette Høvik, Louise Löwenberg, Eva Johansson

  • Opphavsland: Noreg

Sjå filmen

Sjå kortfilmen Hva er en kvinne? på bibliotektenesta Filmbib.

For å sjå filmar på Filmbib må du skaffe deg Bibliotekkortet på sidene til Nasjonalbiblioteket.

Relatert innhald

Skrive av Berit Andersen. Rettshavar: NFI
Sist fagleg oppdatert 03.11.2022